...
Det er liten grunn til å rope hurra for innbyggarane i Naustdal når det gjeld eigedomsskatt. Foto: Idar Stadheim, Firda/ANB

Betaler mest i landet

Naustedølene må ut med 3.800 kroner meir i eigedomsskatt enn landssnittet på 2.700 kroner.

Publisert 22.06.2012 kl 20:12 Oppdatert 22.06.2012 kl 20:17

Tips en venn på e-post:





[Firda] Naustdal har nådd taket for kva ein norsk kommune har lov til å krevje i eigedomsskatt. No må naustedølene betale sju promille av verdien på sine bustadar, som utgjer seks millionar kroner i årleg inntekt til kommunen. Det skriv Dine Penger.

Gjennomsnittleg pris for ein sentrumsnær bustad på 120 kvadratmeter ligg rett under 2.700 kroner. Ein naustedøl betalar her 6500 kroner i snitt – ei god dobling av landssnittet på 5,9 promille. Dette viser tal frå Statistisk Sentralbyrå si siste oversikt over eigedomsskatt i Norge.

– Vi ligg høgt når det kjem til eigedomsskatt, men det er viktig å sjå rekneskapet i ein større samanheng. Mellom anna kan moderate bustadprisar og generelle bukostnadar vege litt opp for desse utgiftene, seier rådmann Øyvind Bang Olsen. Han understrekar at skattleggjinga er produkt av eit politisk vedtak, som vert vurdert kvart år.

Les heile saka i Firda. (ANB)