Øyvind Sollesnes har kommet opp med en egen type rap, basert på lokal dialekt fra Jondal.
Dette skriver han i sin presentasjon:
"I slutten av 2004 fann eg ut at det er jo heilt unormalt å laga rap på Harding dialekt. DIFOR gjorde eg det. Heile greia var eigentleg meint som ein spøk, for å sjå om dette kunne fungera. Laga ein halvgod gitar beat i mitt mikroskopiske heimestudio og drog til Wallcon Lydstudio i Ålvik i januar 05 for å spela dette inn. Musikken vart lagt ut på Urørt og songen Reflector è her vart lasta mykje ned og det vart eit par spelejobbar.
FIKK FLERE OPPDRAG: I slutten av 2005 lyste Folk og Røvere ut ein konkurranse der dei la ut ein instrumental song på nett som folk kunne bidra på. Reflector vann denne konkurransen saman med eit anna bidrag. Planen var at songen skulle koma som eit bonusspor på den neste singelen deira, men Folk og Røvere har tatt pause sidan 2006.
I mars 2006 var det på tide å dra til Ålvik igjen med ein beat produsert i USA i bagasjen. Etter god hjelp frå Bjørn Otto vart det på sparket laga eit nytt refreng, fordi det originale var for dårleg. Dette vart på ein måte ein slags "hit" på nettet og blant ungdom i Jondal og Kvam. Etter dette har det vore ein del speleoppdrag, innspelingar og ymse musikalske samarbeid!
VILLE LAGE FILMPARODI: Kvifor dette namnet? Vel, tilfeldig. Då eg starta som dj i 2000 måtte eg ha eit namn. Ein kompis av meg kom på dette namnet då vi hadde planar om å laga ein parodi på filmen Detektor, som skulle heita, nettopp: Reflector. Filmen vart det ikkje noko av, men eg starta å bruka namnet ”DJ Reflector”. Dette var så godt innarbeida at det var like greitt å bruke det som artist også, sjølv om det ikkje er eit nynorsk ord.
HARDING-RAP: Alt frå fjortisar til bestemødre står og nikkar til Reflector sin musikk. Ganske unormalt når det gjeld hip- hop.Eller er dette hip- hop??? Sikkert ikkje viss du spør ein frå undergrunnsmiljøet, MEN Reflector har laga sin eigen stil kalla HARDING-RAP. Rap for folket! Ved å bruka lokal dialekt frå Jondal har Reflector synt at det ikkje berre er folkemusikk, sider og vakre fjordar og fjell som finst i Hardanger!"
demo – Nå kommer vi til å flytte inn i øvingslokalet, utbryter Per Kristian Slåttli, når han får høre at Forza har stukket av med seieren i BAs «Oppdrag DEMO!». Toppvinner i 2008