Einebustad eit steinkast frå sjø og naustetomt! Renen - Sletta
Innhold
1.et.: Bad, 2 soverom, kjøkken og stove med utgang til altan. U.et.: Entrè, hall, gang, 3 soverom, vaskerom, bad, kjølerom og 2 bodar Naustetomt.
Adkomst
Frå Knarvik køyrer ein Rv. 565 over Radøy. På Sletta tek ein ned til høgre ved skilt Sletta Kai. Følg denne vegen over vika og ta fyrste til høgre. På bakketoppen kjem ein inn i feltet. Følg vegen mot sjøen. Følg visningsskilt frå EiendomsmeglerVest ved fellesvisningar.
Tomtebeskrivelse
Lett skrånande tomt med noko brattelendt terreng til sjø. Pent opparbeida hageanlegg med plen, diverse beplantning, hekk og støttemurar. 60kvm naustetomt eit steinkast frå bustaden.
Standard
Einebustad med funksjonell planløysing og bra standard. Romsleg stove med flott sjøutsikt. Kjøkken med bra spiseplass. Sjå bilete og takst for ytterlegare informasjon.
Beliggenhet
Eigedomen ligg fint til på Renen, eit lite byggjefelt som består av spredte einebustader. Bustaden er søraustvendt og har flott sjøutiskt, samt utsikt over nærområda og vidare. Gode lys- og solforhold, med sol til kl. 21-22 midtsumarst. Ca. 1,5 km til Sletta senter, med svært fordelaktige opningstider. Ca. 9km til kommunesenteret på Manger.
Vei, vann og kloakk
Offentleg veg til byggjefeltet. Felles privat veg til eigedomen. Offentleg vatn. Felles privat septikktank.
Byggmåte
Grovstøypt betonggolv på utsprengte massar. Grunnmur av lecablokker. Ytterveggar av bindingsverk. Takkonstruksjon av sperrer/takstolar, tekka med betongstakstein. Sjå takst for ytterlegare informasjon.
Energimerking
Energimerke E og oppvarmingskarakter RØD
Regulering
Uregulert område. Arealbruken for eigedomen er fastsett bustad. Seljar opplyser at det føreligg planar om utviding av byggjefeltet, samt naust og kaianlegg nord for naustetomta. Eigedomen ligg innanfor restriksjonsgrense, 100meters beltet mot sjø.
Fyring / Oppvarming
Kombiomn for olje og fast brensle er fjerna. Varmepumpe luft-til-luft frå 2007.
1. Dokumentavgift til staten: 2,5% av kjøpesum 2. Tinglysingsgebyr skjøte kr. 1.548,- 3. Evt. tinglysingsgebyr for pantobligasjon kr. 1.935,- 4. Panteattest kr. 204,-
Ved prisantydning 1.990.000,- utgjer dette kr 53.437,-.
Info
Ystebørenen 39,
5939 Sletta
Norge/Hordaland/Radøy
157 m²
193 m²
1423
171 m²
6
5
Selveier
Enebolig
Alle rom utanom kjølerom og 2 boder i underetasjen inngår i primærarealet.
1980
99
100
1260
Megler
2492240
Kartplassering
Klikk for å aktivere kartet
+
-
Kilde: Statens Kartverk/Geodata AS
Tips oss
Telefon: 800 33 044 MMS: bafoto til 2229 SMS: basum til 2229 E-post: nyhet@ba.no
Materialet på dette nettstedet omfattes
av åndsverklovens bestemmelser.
BA.no/Bergensavisen er ikke ansvarlig
for eksterne sider.
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler. Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte. Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.