Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg er rasande. Eg er rasande over den uretten elevane våre vert utsett for.
Den pågåande skulestreiken er direkte øydeleggjande. Streiken er lovleg, men desto viktigare er det at forhandlingspartane set seg rundt forhandlingsbordet og finn tenlege løysingar. Lat ikkje ungdommane våre bli forsøkskaniner og offer. Dette handlar om så mykje. Det handlar om mangel på læring, uforutsigbarheit, frykt, helseproblem, drop-out og grunnlag for vidare utdanning.

Gimle-forelder fortviler: – De få timene de blir tilbudt, føles som første skoledag på nytt
Bergensungdommane er særleg råka. Nok er nok. Ta ansvar og finn løysingar. Elevane fortener ein trygg skulekvardag.
Gong på gong får me høyra at det vert forhandla på vegne av fullmakt. Det forstår me. Eg vart nysgjerrig. Gjekk inn på KS sine heimesider for å sjå på styresamansetjinga. Eg forutset at styret legg til rette for mandatet utifrå innspel frå medlemmene. Styret er stort sett eit lag av sentrale, rutinerte, godt gasjerte politikarar frå det ganske land. Tydelegvis eit attraktivt styre å vera ein del av.

Tirsdag trappes lærerstreiken kraftig opp. Se listen over de rammede skolene.
Det tok nysgjerrigheita mi eit steg vidare. Eg klikka meg inn på godtgjersle for tillitsvalde i KS. Då fekk eg sjokk. Eg mista både munn og mæle, og det er relativt sjeldan eg gjer. Det er heilt borti staur og veiggje at styreleiar skal honorerast med 1.5 millionar kroner, nestleiarane 450 tusen kvar og ordinære styremedlemmer godt over 200 tusen. Eg har rikeleg med styreerfaring frå både næringsliv og politikk, men har aldri sett noko liknande.
Korleis kan ein forsvara slike styregodtgjersle i eit offentleg system? Det er tross alt godt gasjerte styrerepresentantar som har dette i tillegg til ordinær jobb. Lista over honorar er offentleg tilgjengeleg.
Som aktiv politikar i Vestland fylkeskommune, kan eg også nemna at den årlege kontigenten som mellom anna kommunar og fylkeskommunar betalar til KS, er betydeleg.
Kvifor blandar eg dette inn? For meg er dette enkel matematikk. Alle desse midlane kjem frå den same krukka, frå skattebetalarane sine pengar via dei offentlege budsjetta. No er grensa nådd. Midlane må brukast til tenesteyting. Den ukulturen som no rår, er både uansvarleg og direkte uholdbar.
Kravet er tydeleg. Ta ansvar og finn løysingar. Ungdommen fortener betre. Nok er nok.