I dag, i skrivande stund, sjølve valdagen, har det gått 700 dagar sidan Fosen-dommen i Høgsterett. 700 lovlause dagar, vil eg seia. Dei som står for lovløysa, det er regjeringa. Det er mest så ein ikkje kan tru det. Men sant er det like fullt.

I 2010 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat konsesjon til fire vindkraftanlegg på Fosen i Trøndelag. Mellom dei er Storheia og Roan. 11. oktober 2021 slo ein samrøystes Høgsterett fast at landets største vindkraftverk var bygd med ein ulovleg konsesjon. Høgsterett samla i storkammer, og det er slett ikkje kvardagsleg, slo fast at vindparkane pa Storheia og i Roan på Fosen bryt med menneskerettane til reindriftsutøvarane i området.

Ein skulle tru at regjeringa kasta seg rundt det fortaste dei vann for å finna raskaste måte å etterkoma dommen på. Kva det måtte bety? At vindturbinane måtte ned. Einaste moglege utveg, skulle ein tru. Men nei!

På Storheia er, 700 dagar etter at Høgsterett dømde sitt, 80 meter høge vindturbinar framleis i drift og syter for inntening til største eigar, gjett kven? Den norske stat! I Roan har staten selt seg ut, og dei 71 turbinane held fram med å sviva for nye eigarar. Begge anlegga står i viktige vinterbeite for reindrifta. Det er jo difor anlegga er dømde som menneskerettsbrot!

I vinter, 500 dagar etter Høgsterettsdommen, koka det over for både reineigarar, samiske aktivistar og miljøvernarar som aksjonerte mot fleire departement i Oslo. Sjølv var eg på møte i Mellomkyrkjeleg råd som hadde fellesmøte med Samisk kyrkjeråd i Bodø. Naturleg nok var aksjonane mot menneskerettsbrota på Fosen viktige for møtet.

Eg gløymer aldri dei samiske representantane med koftene på vranga som ein synleg protest. Fleire av dei hadde familie og vener som protesterte i Oslo, og somme skulle rett frå kyrkjesamlinga i Bodø for å slutta seg til aksjonistane. Eg har vore med på mange aksjonar i mitt liv, men dei sterkt berørte representantane for Samisk kyrkjeråd med koftene på vranga, dei vil eg alltid ha med meg. Demokratiets ypparste representantar; dei kjempa og kjempar for ein samrøystes dom frå sjølvaste Høgsterett.

Les også

Etter 2014 spør ingen lenger om 8. mars har utspela si rolle

Regjeringa trenerer. Det går ikkje an å kalla det noko anna. Dei har snakka om ei utgreiing som skal leia til eit nytt konsesjonsvedtak. Utgreiinga skulle ta eit år frå oppstart, vart det sagt. No er utgreiinga lagd på is medan ein ventar på mekling, som om det skulle vera eit tariffoppgjer!

Riksmeklaren har fått til oppgåve å mekla mellom vindkrafteigarane og reindrifta. Eg vil mest seia at det er eit overgrep mot reineigarane. Skal dei mekla seg vekk frå sine eigne menneskerettsbrot som ein samla Høgsterett har slått fast? Kva slags etiske standardar er det regjeringa styrer etter? Dette er då mildt sagt svært spesielt!

Sidan sist, altså dei seinaste 200 dagane, har regjeringa varsla at Melkeøya skal elektrifiserast. Det, fryktar Lars Haltbrekken, kan leia til nye overtramp mot reindrifta. Haltbrekken er stortingsrepresentant for SV og mangeårig leiar i Naturvernforbundet. Han meiner regjeringa driv ein rein utmattingskrig mot reindrifta (Klassekampen måndag som var): «Det virker som om regjeringen sitter og tvinner tommeltotter og håper saken skal forsvinne av seg selv.»

Regjeringa talar om ny kunnskap. Reindrifta meiner at heile kunnskapsgrunnlaget ligg i botn for Høgsterettsdommen og seier nei til å vera med på «nytt» kunnskapsgrunnlag.

Ein skulle tru at ei regjering ville stå opp for sine eigne innbyggjarar, og især innbyggjarar som har urfolksrettar som samisk minoritet. Men nei. Regjeringa er på vindindustrien si side. Om det kan det ikkje vera nokon vil.

Kven er så denne vindindustrien? 67 prosent av norsk vindkraft vert eigd av utanlandske selskap. 67 prosent. 40 prosent, minst, av norske vindkraftverk er eigd og vert finansierte gjennom skatteparadis, skreiv NRK på nett i mars i år.

Les også

Ingen har klimapolitikk for dei med kjeledress

Ein rapport frå Tax Justice Norge, Vindkraftens skyggesider, seier mellom anna: «Rapporten viser at de utenlandskeide vinkraftverkene har 42 % høyere finanskostnader, som inkluderer betaling av renter, per lånte krone enn de norskeide. Skattefradrag fra oppblåste rentebetalinger er en velkjent metode for aggressiv skatteplanlegging.» NVE seier (mars i år) at 55 av 65 vindkraftverk som er i drift i Noreg er heilt eller delvis eigd av utanlandske selskap.

Økokrimsjef Pål Lønseth seier det er ei utfordring når ein ikkje veit kven som eig eit selskap eller ein eigedom. Dei som etterforskar økonomisk kriminalitet er avhengige av å vita kven som er den røynlege eigaren. Berre slik kan vi unngå at somme juksar på skatten, og unngå kvitvasking av pengar og terrorfinansiering.

Det er ikkje tvil om at vindindustrien med sine mange monsterturbinar medfører ulemper for natur, miljø og menneske, dyr og fuglar. Menneskerettsbrot, som på Fosen, er svært alvorlege. At det er Noreg som får ulempene og utanlandske selskap utan andlet inntektene, burde få ei kvar regjering til å trekkja i naudbremsen. I staden driv regjeringa og trenerer Storheia og Roan.

Til no har det vorte 700 lovlause dagar på Fosen. Det skulle vel vera nok, regjeringa?