Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det har ikkje alltid vore roseraudt mellom Bergen og naboane. Så langt ifrå. Krangel om løysingar for Sotrasambandet. Krangel om at Bergen stoppa BKK si fiberutbygging. Frustrasjon om bergensk uvilje for å få på plass tunnelen mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua.
For åtte år sidan kulminerte det. To av kommunane, som då heitte Lindås og Fjell, truga med å trekka seg ut av hamnesamarbeidet med Bergen og resten av naboane.
Den ferske byrådsleiaren Harald Schjelderup (Ap) tok fram fredspipa. I tolvte time vart samarbeidet redda, og Bergen Havn vart til. Fjell og Lindås, som seinare vart Øygarden og Alver, fekk ein solid bunke aksjar kvar.
Stemninga betra seg. Samarbeidet blomstra. For snart fem år sidan vart eigarane rørande einige om å løysa ein av dei verkelege flokane i regionen – nemleg kor ein skulle gjera av godshamna som Bergen ville kvitta seg med.
Dei gode naboane samla seg om ei ny hamn på Ågotnes. Det var ikkje måte på kor positive alle var, og kor fint tidlegare rivalar snakka om kvarandre. Dei mest svustige har fantasert om at eit nytt Venezia skal reisa seg på Dokken.

Oslo-gjeng skal lede utviklingen på Dokken
Sjølv om murringa nok hadde starta, toppa det heile seg med at ordførarane Tom Georg Indrevik (H) frå Øygarden, Sara Hamre Sekkingstad (Sp) frå Alver, Siv Høgtun (H) frå Askøy og dåverande byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer (Ap), reiste på romantisk berekraftscruise med Statsraad Lehmkuhl i Stillehavet.
Det vil vera politisk idioti for ordføraren å be kommunestyret om å droppa ein skule og ein idrettshall i eigen kommune, for å bygga konteinarhamn på Sotra.
Idyllen måtte ta slutt. Ikkje først og fremst fordi Valhammer måtte reisa heim før tida, og straks var ferdig som byrådsleiar. Men fordi hamna ikkje var så enkel lenger.
For det første: Det er dyrt å bygga hamn. Skrekkeleg dyrt, viste det seg. 2,6 milliardar kom rekninga på.
For det andre: Eigarstrukturen i hamna er mildt sagt kompliserande, fordi eigarane har heilt ulike interesser. Ulik vilje til å knusa sparegrisen.
Bergen som eig halve hamna, har i årevis skrytt av kor fint og flott det vert med ein ny fancy bydel på Dokken, og kan ikkje venta med å få vekk skip, heisekranar og konteinarar. Men storebror, representert av finansbyråd Per-Arne Larsen (V), får ikkje bystyret til å punga ut om prislappen vert for skremmande.
Indrevik og Øygarden, med 20 prosent av aksjane, vil gjerne ha hamna heim straks. Samtidig har han interesse av å få fram kor mykje Bergen kan tena på bydelen på Dokken, for å pressa storebror for pengar.
Alver eig 19 prosent. Der vil det vera politisk idioti for ordføraren å be kommunestyret om å droppa ein skule og ein idrettshall i eigen kommune, for å bygga konteinarhamn på Sotra. Så dyrt er det.
Det er òg eigentleg haldninga til dei andre eigarkommunane, sjølv om dei slepp billegare unna fordi dei eig mindre.
Det tredje problemet er at hamna på Ågotnes åleine ikkje kjem til å frigjera heile Dokken og Jekteviken, slik Bergen gjerne vil. Kor danskebåten skal legga til, har vore i det blå.
Frykta er nye utgreiingar, nabokranglar og ytterlegare endringar.
I førre veke presenterte Roger Valhammer – no som styreleiar for Bergen Havn – nye alternative løysingar for korleis hamnefloken kan løysast.
Kutter 800 millioner og foreslår ny fergehavn på Flesland
Han la fram to alternativ for eigarane.
Det første inneber at eigarane må ut med 1,8 milliardar kroner, og at ein bygger så godt som heile den planlagde hamna på Ågotnes, som tidlegare tenkt. 800 millionar er barbert vekk. Det er neppe nok til at alternativet vert realisert. Til det vurderer dessverre eigarane gevinsten for liten.
Mykje tyder no på at det er det andre forslaget som seglar opp som mest realistisk: Her er planen å bygga ut stykkevis og delt på Ågotnes, og flytta hamna gradvis frå Dokken. Det første byggetrinnet på Sotra vil komma på ein halv milliard – og vil vera ei kjapp løysing for å flytta konteinardelen av godshamna.
Dei to andre delane av alternativet vil vera kontroversielle. I ulike leirar:
Valhammer og hamnestyret foreslår at dei av cruiseskipa som i dag legg til på Dokken, frå 2027 skal flyttast til Skoltegrunnskaien ytst i Vågen. Det skal gje plass til at byutviklinga kan starta i områda nærmast Puddefjordsbroen. Kaien på Skolten og Bontelabo må utvidast for 400 millionar kroner, for å gjera plass til meir av den omdiskuterte turisttrafikken midt i byen.
Valhammer drar òg av eit gammalt plaster i hamnedebatten. Han foreslår at det skal byggast ny ferjeterminal for danskebåten på Flesland, og har peikt seg ut eit område som faktisk allereie er regulert til kai.
Med den nye pakka håpar Valhammer at eigarane skal gå med på å betala om lag den same summen over lengre tid. Men han har òg eit håp. At hamna faktisk skal tena pengar, særleg på cruisetrafikken, og at eigarane kan sleppa billegare unna.
Med eitt unntak, ser det ut til at den gradvise utbygginga vert godt motteke av eigarane. Tom Georg Indrevik i Øygarden er derimot ikkje nøgd. Han vil ha rask utbygging i eigen kommune, og meiner forslaget i stor grad ber preg av at Bergen vil kvitta seg med hamna på billegaste vis. Frykta er nye utgreiingar, nabokranglar og ytterlegare endringar. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at han kan ha rett.
Uansett korleis ein no vrir og vender på det, er det likevel Bergen som sit med nøkkelen, om det skal byggast noko ny hamn.
Det er nemleg viktigare for Bergen å få vekk hamna, enn det er for naboane å få bygd ei ny hamn. Det gjer at Bergen ikkje kjem til å sleppa unna med å betala berre halvparten av rekninga, slik eigardelen skulle tilseia. Det hjelper ikkje på at så godt som ingen reknar med at investeringa kjem til å svara seg bedriftsøkonomisk.
Om Bergen vel den tøffe linja og krev aksjar frå naboane, som bytte for at dei betalar meir, vil relasjonen surna. Naboane har tidlegare vist at å trekka seg ut kan komma på tale, om dei ikkje får det som dei vil. Då vil hamna iallfall verta dyrare for dei som er igjen.
Som tidlegare byrådsleiar, veit Roger Valhammer godt kor viktig det er for Bergen å få hamna vekk frå Dokken. Han forstår òg sjølvsagt korleis eigarstrukturen i Bergen hamn artar seg.
Ved å legga ein større del av hamneinvesteringane i Bergen, satsar nok Valhammer òg på at det kan verta lettare å få Bergen til å putta på ekstra millionar. Helst vil han ha eit vedtak om å starta første delen av utbygginga på Ågotnes før sommaren.
No er spørsmålet om Bergen er villige til å betala for godt naboskap. Det bør byen avgjera kjapt: Om Bergen skal vera Havbyen treng byen ei havn.