Tida for spel og taktikkeri i bergenspolitikken bør no settast på pause. Den store majoriteten av bergenske veljarar forventar no politikarar som er vaksne og ansvarlege.

Akkurat no ser det ikkje slik ut.

Måndag varsla nemleg han som framleis er byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik (Ap), at han vil starta eigne sonderingar for å finna ut om det er grunnlag for å danna eit byråd.

Om Bakervik vil seg sjølv, partiet sitt, og bergenspolitikken det beste, bør han revurdera den planen. Langt inn i kjernen av Arbeidarpartiet lurar fleire no på kva kameratane på rådhuset eigentleg heldt på med.

Bakervik har nemleg ikkje noko mandat for å stabla på beina eit forsvarleg styre av Bergen.

Arbeidarpartiet gjorde eit historisk dårleg val nasjonalt, og eit endå dårlegare val i Bergen. Etter valet har dei to viktigaste samarbeidspartnarane til Ap dei siste åtte åra, Venstre og Kristeleg folkeparti, varsla at dei vil byta side.

I tillegg vart Høgre, partiet som er den uttalte hovudmotstanderen til Ap, den store valvinnaren, saman med Framstegspartiet, Bergenslisten og Industri- og næringspartiet.

Allereie valnatta oppmoda eg, her på kommentatorplass i BA, om at Bakervik burde gå av. Det verka som om byrådsleiaren først såg skrifta på veggen, og varsla avgang i Politisk kvarter morgonen etter.

Så skjedde det saker òg ting. Då Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne knabba kvart sitt mandat frå Høgre og Bergenslisten, kjende Ap-folka på rådhuset igjen ferten av den søte lukta av makt.

Bakervik ombestemte seg. Her skulle ingen kasta inn handkledet, likevel.

Så svingte den bergenske slengdissa eit mandat tilbake frå Venstre til Bergenslisten, igjen.

Eit krevjande valresultat var med eitt endå meir krevjande, når det kom til å finna reelle fleirtalskonstelllasjonar – og stilte endå større krav til vaksne politikarar.

Bakervik burde ha stått på det han sa morgonen etter valnatta, men den forlokkande eimen av makt, var ikkje heilt borte.

Oppmodinga er framleis den same: Bakervik bør gå av frivillig!

I staden for å på statsmannsaktig vis syta for ei ryddig overføring av byrådsmakt til Christine Meyer og Høgre, kan det sjå ut som at Bakervik meiner det er for feigt å kasta korta.

Det kan visa seg å vera ein stor tabbe frå Arbeidarpartiet og Bakervik.

Om ikkje partiet forstår det, kan noko av det viktigaste byrådet hans har fått til – å ordna fleirtal for bybanen mot Åsane – hamna i spel. Og at politikken vert flytta ytterlegare mot høgre.

Det er slettes ikkje alle som synest at det er så dumt, men i Ap og så godt som alle potensielle framtidige samarbeidsparti, er det krise.

Trond Tystad i Bergenslisten har vore lenge borte frå politikken, men er likefullt ein politisk rev, som overgår dei fleste i det ferske bystyret når det gjeld å laga politisk press. Omtrent samtidig med at Bakervik varsla at han ville gå av i morgontimane etter valnatta, varsla Tystad at Bergenslisten ville stemma mot alt eit byråd kom med av forslag, så lenge byrådet ikkje gjekk inn for bybaneomkamp.

Det er i utgangspunktet eit fullstendig uansvarleg utspel, som ikkje høyrer heime i ein ansvarleg lokalpolitikk, òg i verste fall kan hindra viktig politikk for sårbare grupper. Likevel: Tystad snakkar rett til hjarta hjå dei som har stemt inn fire representantar frå Bergenslisten.

For dei er det viktigare enn alt anna å unngå bybaneskinner langs Bryggen.

Tysdag fekk Tystad sjansen han hadde venta på. Han serverte gamle venner i Arbeidarpartiet eit vaskeekte politisk judaskyss, då han peikte på Bakervik og ikkje Meyer som byrådsleiar.

Det Trond Tystad har forstått, er at viljen til å belita seg i bybanespørsmålet er eit ganske skjørt prosjekt i Høgre.

Og kvifor skal eigentleg Høgre stå ved lovnaden om å unngå ein omkamp, om Arbeidarpartiet skal verta sittande med makta, etter eit historisk elendig val?

Både Meyer, Bakervik og Tystad veit at Høgre har ein annan veg til makt, som òg inneber at det ikkje vert noko av den planlagte bybanetraseen langs Bryggen.

Naudutgangskiltet som blinkar grønt i den andre enden heiter Framstegspartiet, Pensjonistpartiet, Senterpartiet, Industri- og næringspartiet og Bergenslisten. Dei har saman med Høgre fleirtal.

Ei fersk BA måling, laga av Infact etter valet, viser at mange av veljarane til Høgre gjerne vil ha omkamp, og det er desse partia flest blå veljarar meiner at Høgre bør samarbeida med.

Det er ingenting som kan trigga denne politiske naudutgangen meir, enn at Rune Bakervik tviheldt på byrådsmakta.

Det kan vera gøy for Tystad. Eit mareritt for Bakervik.

Kvifor skal Høgre belita seg, når ikkje Ap gjer det?

I det uoversiktlege bergenske politiske landskapet burde Bakervik – om han bryr seg om Bybanen – heller forsøka å redda stumpane. Det betyr å gå av og å peika på Meyer som ein naturleg byrådsleiar, for eit byråd der Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti er med på å sikra fleirtalet for Bybanen mot Åsane.

Det kan Ap òg truleg kreva noko igjen for, når verv og politikk skal forhandlast om i bystyret.

Meyer kjem uansett til å få ein ekstremt vanskeleg jobb. Veljarane har slettes ikkje gjort det enkelt for henne, heller. Det er ikkje for henne det er ei ulempe at Bakervik vert sittande.

Om KrF og Venstre ikkje lukkast i forhandlingar med Meyer, kan Bakervik ri tilbake mot rådhuset som ein frelsar, då kan det dukka opp eit nytt fleirtal bak Ap. Men neppe noko fleirtal for Bybanen, med mindre Senterpartiet går med på å snu. Alternativt, halda Bybanen utanfor eventuelle forhandlingar.

Likevel: Styringsgrunnlaget er no endå spinklare enn då Ap av enkelte vart skulda for å klamra seg til makta for fire år sidan, og ser ikkje ut som ei oppskrift på å bygga popularitet.

Då Tystad fekk sjansen til å peika på Bakervik som byrådsleiar, hadde litt av skaden allereie skjedd for Arbeidarpartiet. Jo lenger tid det tar før Bakervik tar til fornuft, jo meir aukar sjansen for ein omkamp for Bybanen.

Høgre kjem til å kreva makt som belønning for valsigeren. Dei vegane til makt finst.

No er det tid for å ta ansvar, og å vera vaksen i politikken i Bergen. Ein del av den jobben handlar om å vedgå nederlaget. Om ikkje fortener ein ikkje betre.