Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Tysdag morgon gjorde Rune Bakervik (Ap) det einaste rette. Han tok valresultatet til orientering, og varsla at han vil ta hatten sin og gå som byrådsleiar.
Bakervik har slettes ikkje gjort seg bort som byrådsleiar. Trass eit elendig parlamentarisk grunnlag, forgjengarane sine synder, og nærmast ingen hjelp frå partifellene i regjering, har han absolutt gjort jobben på si vakt.

Scones, kaffe og maktprat: De bestemmer hvordan Bergen styres
At Arbeidarpartiet gjer sitt dårlegaste val i Bergen sidan 1925, er det ikkje først og fremst den lokale frontfiguren som skal lastast for. At begge byrådspartia greidde å halda på alle mandata sine, er i grunnen ikkje så ille.
Om Bakervik vil, kan han fort få ny tillit som toppkandidat av partiet sitt om fire år, men han kan òg få ei interessant rolle før den tid.
No er det uansett Christine Meyer (H) som må ta opp hansken, og skaffa Bergen eit styringsdyktig byråd.
Det er som kjend ikkje noko enkel sak. Snarare ein ultimat test. Samtlege parti Meyer no skal vurdera å setta seg ved forhandlingsbordet med, har nemleg servert skråsikre ultimatum når det gjeld bybanetraseen langs Bryggen.
På den eine sida har du Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti. Sjølv om sistnemnde parti kanskje har nyansert seg litt i det siste, vil det vera ein stor politisk kostnad å rokka ved planen om bybanetrase nordover.
Dei har heller ikkje særlege grunnar til å skifta standpunkt. Om samtlege parti står ved det dei lova i valkampen, er det etter valet eit overveldande bystyrefleirtal for å unngå ein omkamp.
På den andre sida av Bybane-konflikta, står resten av dei potensielle kameratane til Meyer. Framstegspartiet, Senterpartiet, Bergenslisten, Industri- og næringspartiet og Pensjonistpartiet.
Her teller de for harde livet. De siste stemmene kan snu opp ned på alt
Ingen av desse partia har særleg lyst til å verta kjende igjen på gata om dei skulle finna på å snu i bybanespørsmålet. Høgre vil trenga minst eitt eller fleire av desse partia på si side, om dei skal ha eit klart definert fleirtal.
Om Høgre gjer seg skuldige i ein hurtig valbløff, og går inn for ein omkamp når det gjeld Bybanen, vil nok det isolert sett skada Høgre mindre enn andre parti. Partiet har i snart ti år gått inn for tunnel, noko mange på lista til partiet helst skulle sett at partiet framleis gjorde.
Det kan faktisk henda at Høgre isolert sett kunne ha tent på det. Sjølv om meiningsmålingane har vist at fleirtalet av bergensarane ikkje ønskjer nokon omkamp, har saka på nytt mobilisert veljarane på valdagen.
Kostnaden vert likevel fort å mista sjansen til å styra saman med sentrum, som tradisjonelt har vore gullbilletten for å over tid kunna sitta med makta i Bergen. I det poltiske miljøet vil det rokka ved Høgre som eit føreseieleg styringsparti.
Førstevalet til Meyer er nok å finna ei løysing saman med Framstegspartiet, Venstre og KrF. For at desse partia skal kunna danna eit fleirtal, vil dei trenga støtte frå endå eit parti. Det kan vera Miljøpartiet dei grøne, som Meyer har sagt at står dei nærmare politisk enn Bergenslisten og Industri- og næringspartiet.
Om Meyer skal stå ved lovnaden om å unngå omkamp for bybanen, vil nøkkelen vera å gje Frp nok politiske sigrar, til at dei kan støtta eit høgrestyrt byråd frå bystyresalen. Om ingen skal mista ansikt, må Frp få vera fristilte i bybanespørsmålet.
Som me har vore inne på; fleirtalet for å unngå omkamp, eksisterer i bystyresalen. Om alle heldt det dei har lova i valkampen.
Eit slikt byråd kan vera eit reint Høgre-byråd, eit byråd med Høgre, KrF og Venstre, eller eit byråd som òg omfattar MDG.
Om Meyer ikkje lukkast med dette, er det eit alternativ å setta bybanespørsmålet i spel. Då må ho finna saman med motstandarane av Bryggen-traseen, som saman med Høgre kan skapa eit fleirtal for omkamp.
Kostnaden er relasjonen til sentrum, og dei fleste av dei etablerte partia i bergenspolitikken.
Om Meyer ikkje går for nokon av desse løysingane, kan Rune Bakervik dukka oppigjen med ei viktig rolle. Han er faktisk den som kan berga at Christine Meyer må starta jobben som byrådsleiar med å skrota eit heilt sentralt valløfte; det om at ho utelukka ein omkamp.
Saman med sentrumspartia og Arbeidarpartiet kan Meyer nemleg få slutt på snakket om nye omkampar – slik ho faktisk lova i valkampen. Dei kan ta ansvar og laga ein avtale om samferdsleløysingane i Bergen dei neste tiåra. Det har skjedd før. I 1999 gjekk Ap, Høgre og KrF saman om Bergensprogrammet, som førte til realiseringa av både den vestre ringvegen og Bybanen.
Isåfall kan Bakervik, trass tapet i valet, vera den som reddar bybane-traseen. Men òg redda Meyer frå eit tidleg løftebrot, og som hindrar henne i å gje sentrumspartia ei kald skulder.
Styreformen i Bergen gjer at Meyer ikkje treng eit fleirtal for å verta byrådsleiar. Ho må berre hindra i å verta kasta.
Tysdag vert det spekulert i om finteljinga etter valet kan resultera i at Høgre kan tapa eit mandat til Venstre. Det vil i såfall gjera at partia som i fjor peikte på Rune Bakervik som byrådsleiar, kan vinna det teoretiske fleirtalet tilbake. Det bør uansett ikkje Bakervik tenka for mykje på.
Tysdag ettermiddag vert det derimot meldt om 1700 seint framkomne førehandsrøyster, dei må sjølvsagt teljast opp før ein gjer opp status.
Det skal likevel mykje til for at Arbeidarpartiet er tent med å klamra seg til makta, slik dei vart skulda for i 2019. Veljarane ser til no ut til å ha gitt beskjed om at dei ønskjer eit skifte. Alle valvinnarane ønskjer eit nytt byråd.
Christine Meyer på si side sitt med den delikate utfordringa. Det er no berre ho og Høgre som no avgjer om det vert omkamp eller ikkje omkamp for Bybanen.
Ein omkamp kan senda Bergen ut i ei ny ørkenvandring etter tolv år med krangling. Det finst ingen realistiske og gryteklare tunnelalternativ som har vore oppe i bystyret.
Om Høgre står på sitt, vil dei verta plaga av protestpartia kvar dag i fire år.
Det kjem til å verta rabalder uansett kva Meyer landar på.