Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det har vore ei fantastisk helg i Bjørgvin bispedøme! Ragnhild Jepsen er vorten vår nye biskop i ei vigsling som henta ned ein aldri så liten flik av paradiset til høgtida i Domkirken sundag. Domkyrkja er ei stor kyrkje, men denne føremiddagen var ho sprengd – og likevel kom ikkje alle inn. «Alle» var der. Kongen var der, slik han plar ved bispevigslingar. Sjølv denne republikanaren tykte det var stas.
Biskop emeritus, altså pensjonert biskop, Munib Younan, frå Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage land, var der, heldt tale til biskop Ragnhild laurdagskvelden og takka for Den norske kyrkja sin solidaritet (mitt uttrykk) overfor palestinarane. Det var ein av mange sterke augneblinkar.

Nå får Bjørgvin sin første kvinnelige biskop: – Tiden var veldig moden
Preses Olav Fykse Tveit, sjefsbiskopen som er oppvaksen i Vaksdal, var der også. Leiaren i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum var hjarteleg til stades og minte om at det var henne og Kyrkjerådet Bjørgvin kunne takka for å ha tilsett nyebiskopen.
Christian Lomsdalen, leiar i Humanetisk forbund, skein som ei sol i Domkirken. Biskop Halvor, som var biskop i Bjørgvin i 14 år og lyfte fram kvinners sjølvsagde plass i prestetenesta, knytte med sitt nærver tydelege band mellom seg og nyebiskopen.
Her var representantar frå så mange stader i den verdsvide kyrkja, ikkje minst ein delegasjon på seks personar frå Den evangelisk-lutherske kyrkja på Cuba. Vi var på Cuba ein delegasjon på fire frå Bjørgvin bispedøme i fjor for å knyta tettare band til denne vesle kyrkja som har hovudsete i Santiago. Dei driv kyrkje mildt sagt under andre føresetnader enn vi gjer. Men for eit engasjement, for ein innsats – og for ei tru, om eg får lov å seia det slik. Dessutan er det fleirtal av kvinne-pastorar på Cuba, ville du ha gissa det?
Ja, kyrkja er både lokal og verdsvid. Vi i Den Evangelisk-lutherske kyrkja høyrer alle til vår lokale kyrkjelyd – og til den verdsvide kyrkja.
Eg har aldri vore med på ei bispeinnsetjing før. Aldri hadde eg vel trudd at eg skulle oppleva det, heller. Men no har eg jamvel, som nestleiar i Bjørgvin bispedømeråd, vore med og intervjua bispekandidatar og vore med i tilsetjingsprosessen. Kjære folk! Kyrkja vår har altså eit kyrkjedemokrati, og vi lekfolk har eit avgjerande ord med i laget.
Jesus henta apostlane sine blant folk flest, for det meste fiskarar, og sjølv var han snikkarson. Han heldt seg med utstøytte og andre som stod lågt på samfunnsstigen – og reinska tempelet for marknad og kommers. Og hugsar du at det var kvinnene som oppdaga at grava var tom den fyrste fyrste påskedag? Biskop Ragnhild, som kvinne, står såleis i litt av ein tradisjon.

Historiske Ragnhild Jebsen (53): Her skal hun bo
Etter tusen år med mannlege biskopar, har Bjørgvin endeleg fått biskop Ragnhild. Etter tusen år. I handspålegginga etter sjølve vigslinga var det for meg ekstra sterkt at Bergens fyrste kvinnelege prest Berit M. Andersen var med, i lag med bispedømerådsleiar og lek Vemund Øiestad og sjølvsagt fleire andre geistlege.
Vår nye biskop er ein framifrå både songar og forkynnar – og nynorsking. Ein av landets aller beste liturgar, vert det sagt av dei som er langt meir kunnige enn meg. Sikkert er det i alle fall at teleslyngja i Domkirken hadde ei lett oppgåve under nyebispen si preike. Biskop Ragnhild har kraft og klang i røysta.
«Dei blanke dagane ligg framføre oss!» starta ho preika si med. Preika handla om læresveinane sitt møte med den oppstadne Jesus. Når disiplane etterkvart skjøna at dei hadde møtt den oppstadne Jesus, fortsod dei at liva deira vart endra.
Eg må få gje att eitt sitat: «Det er ei kraft i oppstoda som kallar til forandring. Som kyrkje treng vi å fortelje kvarandre om iver og vilje til endring der evangeliet oppmodar oss til å gå med dei som treng oss, og bli verande hjå dei dom ikkje har krefter til å gå. Vi treng å høyre kallet om å stå opp mot uretten; om å vere Jesu hjarteslag i verda.»

Folkekirken er en god investering
Synest du at dette høyrest for voldsomt ut for deg? La meg då minna om kva den aller fyrste kvinnelege biskopen i Noreg, Rosemarie Köhn ein gong sa: «Inga tru er for liten.» Inga tru er for liten – ja, det sa ho. Basta, får eg lyst å leggja til. Det høver kan hende betre med eit Amen, men men basta duger også.
Bjørgvin er landets største bispedøme. Ja, det er vi. Sjømannskyrkja høyrer med til vår biskop sitt tilsynsområde, og med det alle boreriggane. Biskopen som er barnefødd og oppvaksen i Hallingdal, får altså eit bispedøme som breier seg ut utanskjers. Bjørvin er også eit bedehusas bispedøme.
Eg har aldri heilt skjøna den motsetnaden som ofte vert trekt mellom bedehus og kyrkje, oppvaksen som eg er med begge delar. Biskop Ragnhild har også ein oppvekst på bedehuset, og det ber bod om at ho kan vera heime begge stader. Det er då den same Gud og Jesus vi trur på!
Eg har lånt overskrifta frå, av alle, Vestlandsfanden: «Bedehus og boreriggar.» Og med dette vil eg ynskja biskop Ragnhild lukke til som biskop i landets største bispedøme, blant bedehus og boreriggar!