Gå til sidens hovedinnhold

Bry deg om barnet sin kvardag på nett

Mange får tilbod om å kjøpe rusmiddel frå soverommet. Snakk med barna om kva dei gjer på sosiale media.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg jobbar som helsesjukepleiar og snakkar med barn ned i tolvårs-alderen. Snapchat er ein av mest populære appane. Mange fortel om korleis dei i omfattande grad får tilbod om kjøp av rusmiddel. Tidlegare måtte ein gjerne kjenne nokon eller oppsøke eit spesielt miljø for å skaffe seg rusmiddel. No kan ein bestille det ein måtte ynskje direkte frå soverommet. Dei som tilbyr rusmidlar på Snapchat legg ut varer i sin «story». Du kan kjøpe diverse reseptbelagte medikament, amfetamin, kokain, MDMA og cannabis.

I fjor haust oppretta eg snapchatkontoen «helseknusk» som eit prøveprosjekt, retta mot elevar ved Knarvik ungdomsskule i Alver kommune. Eg ynskja å vere til stades der ungdomen er. No innser eg at eg hadde eit naivt forhold til Snapchat. Eg fekk hakeslepp og forsto fort at eg var blitt ein digital dinosaur. Det tok ikkje lang tid før eg fekk bekrefta det eg hadde blitt fortalt, om «nudes» og openlyst sal av rusmiddel.

Forsking viser at ungdom som slit psykisk er meir sårbare for rus. Spesielt dei som har åtferdsvanskar, depresjon og traumerelaterte-lidingar kan teste rusmidlar i ung alder. Desse ungdommane testar rusmiddel oftare enn andre. Det er difor viktig å vere på vakt for dei barna som slit ekstra no som følgje av pandemien.

I ei tid der barn og unge har avgrensa fysisk kontakt, er det bra at dei kan sosialisere med venner og kjente i sosiale media. Men det er viktig at vi som vaksne følgjer med, viser interesse og rettleiar. Unngå å bruka peikefinger eller vera nedlatande. Ver positiv, bygg ein god relasjon og oppnå tillit. Ha ein open og ærleg dialog. Vis at du bryr deg, det vil gjere det enklare for barnet å fortelje og søke råd og hjelp når det trengst.

Les også

Jeg har vært forbannet over magetoppene

Det er viktig å skape ein god relasjon som er bygd på tillit, allereie frå barna er små. Barn brukar Snapchat på ein heilt annan måte enn vaksne. Vis at du bryr deg om barnets kvardag på nett.

I staden for å ha ei moraliserande haldning, bør du vera interessert i korleis barnet ditt brukar sosiale media. Er det Snapchat? Ver nysgjerrig. Spør kor mange venner dei har, og kven dei legg til. Spør gjerne om barnet veit kva som ikkje er trygt å gjere på Snapchat, som til dømes å legge til folk som ein ikkje kjenner gjennom «quick add».

Snakk om kva som er lov og ikkje. Snakk om deling av nakenbilete, mobbing og rusmiddel. Sjølv om aldersgrensa er 13 år, er det ikkje alle som er modne nok til å forstå alt som skjer, eller konsekvensane av det ein gjer.

Les også

Unge trenger ikke klær til mange tusen

Viss du som forelder prøver å snakke om tankar og følelsar, så er det ikkje sikkert barnet er klar akkurat når du har tid. Kanskje blir du avvist. Ikkje gje opp. Gje det litt tid og prøv igjen.

Les også

Vi er bekymret for barn og unge

Om du har barn på 7 eller 16 år, vil eg råda deg til å setje av ti minutt i samband med legging. Stikk innom soverommet, sett deg ned på sengekanten og slå av ein prat. Korleis har dagen vore? Kva har vore kjekt? Er det noko som ikkje har vore like kjekt? Spør om det er noko frå dagen barnet vil fortelje eller snakke om. Kanskje har dei noko dei grublar på før dei skal sove? Då kan dei få ut tankane, slik at dei vert rolege og sovnar fortare.

Hugs at det er no barna våre treng at vaksne bryr seg litt ekstra.

Kommentarer til denne saken