Det er for tida mykje snakk om korleis ein på best måte kan skatte laksenæringa. Det finst sjølvsagt mange ulike måtar å gjere det på, men ein ting er sikkert som banken. Og enkelt. Laksenæringa kjempar i mot med det dei har og vil nødig gje frå seg ei einaste krone ekstra.

Det eg har sakna i lang tid, er eit oppgjer med laksenæringa på eit område som er langt viktigare enn pengar. Eg tenkjer sjølvsagt på kva fotavtrykk denne næringa påfører naturen. I dag, i generasjonar bak oss og, slik det ser ut i dag, også i kommande generasjonar.

I kjølvatnet av laksenæringa ligg ei villaks- og sjøørretbestand i ruinar. Fjordar er forsøpla i eit omfang som mest ikkje er til å tru. Berre i vesle Samnangerfjorden har næringa konsesjon til å sleppe ut like mykje drit (eller næringsstoff som det og kallast…) som om heile Bergen by slapp driten sin i fjorden vår. Kommunen har ingenting me skulle sagt når fylket (?!) har gitt konsesjon, det har staten sørga for.

Lakselusebestanden er kritisk høg i vår flotte fjord, i storslåtte Hardangerfjorden og i dei fleste fjordar som husar oppdrettsnæring. Som eit direkte resultat av all oppdrettsnæringa. Der utvandrende laksesmolt og sjøørret møter døden – heilt stille og usynleg for oss alle!

Les også

Tror laksemilliardærene på det de sier selv?

Og til å bekjempe lus har næringa over mange år forsøkt seg med løysingar som er så galne at dei faktisk gaular. Til dømes 50 millionar leppefisk blir ofra kvart år. Og forskarar som har forsøkt å avdekke galskapen har ein svært sterk lakselobby klart å meir eller mindre trakkasere vekk frå yrket.

Oppdrettslaks utviklar sjukdommar en masse. Det siste store er at fiskehjerta blir sprengt. Kunsten er sjølvsagt å slakte laksen før dette inntreff. Oppdrettslaksen stikk av i tusentall og ødelegger for villfisk. Lakseforet kjem frå andre kantar av verda som eit produkt der villfisk blir fiska opp som for til oppdrettslaks, og ikkje til mat til folk i området. Det krevs over to kilo villfisk for å fø opp ein kilo oppdrettslaks, klimagassutslippet med all transporten er hinsides.

Næringa vart kjeppjaga frå Canada, i Noreg snakkar me om vekst, bærekraft og framtid! Det er blitt påstått frå næringa at FN har uttalt at verda treng norsk oppdrettslaks. Berre vås sjølvsagt, FN har aldri sagt noko slik.

Dette trur du kanskje ikkje på, og tenkjer at eg no tar heilt av. Men sanninga er verre enn det eg her har tatt med. Sanninga er fullstendig uakseptabel. Det finns truleg ikkje makan. Pelsdyrsnæringa var ein bagatell til samanlikning. Men dei hadde ingen lobby. Så kan ein lure på kor politikarforrakta kjem i frå…