Han skapte varige verdiar av Ytre Arnas rike historie.

Av

Arnold Nævdal var en lokalpatriot i Arna som satte tydelige spor etter seg. 9. september ville han fylt 100 år.

DEL

DebattI Bygdanytt 11.november 1977 kan vi sjå følgende innlegg under signaturen M.

«Takk til Arnold Nævdal

Det er ein gamal song som heiter: «Gi meg en blomst mens jeg lever, mitt hjerte kan gledes

derved» Og no har eg hug å gje deg ein liten blomst. Ikkje er eg den rette til og takka deg for alt du

hev gjort, men eg føler så sterkt på at ein blomst må du ha. Då vil eg gjera meg til talsmann for folk

i Ytre Arna og takka deg for alt du hev gjort og gjer for oss alle som bur her.

Når han Arnold hev teke seg av ein ting, då er alle trygge, då veit alle at det er i dei beste hender..

Få kan som han får sine tanker fram i ord som går frå hjarta og til hjarta, og få latteren til å runga

når det passer slik at eit humørfyllt innslag er på sin plass. Roleg sikker og fin står han der og gjev

oss av det beste – både eigne dikt og andres. Forstår me innsatsen og arbeidet som ligg bak alt

dette? Fårstår staden kva dei har i han Arnold? Det er so sjølvsagt å gå til han , for då veit me at

han ordnar opp. Me veit ikkje alle dei saker og ting han tek seg av. Men me aner at han har eit

stort press på seg. Og økonomisk vinning? Og nei du. Dette er ting som ein ikkje vert rik av.

Men likevel er han eit menneske. Rikt utrusta med uvanleg gode evner som me får nyta godt av.

Ikkje berre for dei store forsamlinger, men og for den einskilde har han hatt mykje å seia.

For alt dette vil me takka deg, og vona at du ikkje slit deg ut. Me vonar å få nyta godt av din

innsats lenge. Med helsing og takk frå oss alle. M.»

Arnold Nævdal var fødd i Ytre Arna den 9.september 1918, og budde heile sitt liv i huset på

Hundhaugen. Her stifta han sin familie og her var me alltid velkomne innom.

Arnold hadde som mange andre i Ytre Arna sin første jobb i Arne Fabrikker og som 12-13 åring skulle

han trekkje ut spiker av gamle matrialer. Dei unge som arbeida då danna eit arbeiderungdomslag og

dei oppdaga tidleg at Arnold, den diktslukande kunne brukast til opplesing og til å laga håndskreven

avis. Det første store oppdraget på scenen var når han stod på høytalerbil på torget i Ytre Arna og

leste Øverlands dikt. Ved denne anlendning fekk han stifta bekjenskap med skrekken for talerstolen

og som han seinare overvann ved så mange anlendinger.

Arnold Nævdal var som ung levende opptatt av teater og dramatikk, og for å oppleve det gjekk han

gjerne til fots over fjellet til byen, eller for å få med seg politiske tilstelningar. Han var aktiv med i

lokalpolitikken i Haus Kommune gjennom 18-20 år i herredstyre som det heite den gongen. I denne

perioden var han med i byggekomiteen for Arna stadion og formann i byggekomiteen for Ytre Arna

skule. Når skulen i Ytre Arna var ferdig og skulle «overleverast» holdt han ein velforma tale. Då var

han i mellomtida blitt formann i Arna skulekrets og då vart det hans lodd å ta imot det samme

bygget..med enda ein velforma tale.

I arbeidslivet var som nevnt Arne Fabrikker hans første arbeidsplass, men seinare vart det Norsk

Folkehjelp, Bergens Arbeiderblad og Vaksdalsposten.

I BA fekk han ofte god omtale for sin utrolige alsidigheit og enorme kontaktflate. Det fortelles at når

alle ansatte i BA skulle velga tittel til bruk i telefonkatalogen tok han til motmele, men kom tilslutt

med følgende forslag: « Eg kan kalla meg konsulent. Det ordet seier ingen ting. Ein konsulent kan

gjera nett kva han vil. Og det gjer eg».

Journalist Sveinung Ones i BA avslutta sitt minneord etter hans bortgang med nokre ord Finn Bjørn

hadde skrevet til hans 60-årsdag « Det er bare det at han blir så levende opptatt av problemene, og

har slik våken sans for poengene, og er utstyrt med slik myldrende nyttig fantasi, og er så inderlig

hjelpsom – at alle har bruk for han» Sveinung Ones avslutta med følgende fine ord « slik kjende også

eg honom. Når han no har gått til kvile , har med den gode vissa i oss; han gjorde livet rikare for sine

næraste, si bygd og for oss som hadde gleda av å dela arbeidsplass med Arnold».

Arnold fekk også rosande omtale for sitt virke som redaktør for Vaksdalsposten. Her hadde han sine

siste yrkesaktive år. John Birkeland omtalte han i minneord ved hans bortgang sitat : «Det er diverre

få bygder som har slike personer som drivkraft i samfunnsgagnleg arbeid».

Ytre Arna samfunnet har gjennom Arnold Nævdals store engasjement for stedets historie og

gjennom hans «penn» fått kjennskap til historien og hvordan den ble til.. Takka være hans innsats er

historien om kulturlivet og tidligere tider i Ytre Arna blitt til varige verdiar for nåværende og ikkje

minst for etteslekten. Bjarne Befring omtalte han i minneord som: Lokalhistorikar, kåsør, arrangør,

politiker og folkeopplyser.

Arnold Nævdal utgav en serie av lokalhistoriske skrifter:

Arna Mannskor songarminne i 1942

Arne Musikkforening i 1962

Soga til Hordaland Musikklag

Ytre Arna Kyrkje i 1989

Arna Turn og Idrettslag i 1990

Arna og Åsane Samvirkelag i 1992

I tillegg leverte han 13 artikler til bladet Mål og Miljø. Desse artiklande gav lesarane detaljerte

innblikk i Ytre Arnas rike historie og om sentrale personer innan nærings- og kulturliv og som var

viktige for bygda tilbake i tid.

Vårt musikalske tuntre Lars Rolland i 1977

Frå bygd til bydel i 1977 ( samarbeid Sture Nepstad/Arnold Nævdal)

Arbeidsmåter i jordbruket i 1978

Bygdepoet og foregangsmann Ole Hylkje i 1979

Henrik Krohn i 1980

Det grodde ein rudningsmann Ivar Aasgaard i 1981

Generasjoners musikk i Ytre Arna i 1986

Kulturberaren M.L Revheim i 1988

Mannskoret i 1988

Johan Haugland foregangsmann i 1990

Arnamann i åpen båt over Nord-Atlanteren i 1990

Elvaføring eller bondeland i Ytre Arna i 1991

Arnold Nævdal var også sentral ved dei fleste store tilstelninger og jubilleer i Ytre Arna

Med samvirkelag gjennom 125 år i 1993.

Arnold Nævdal var også sentral ved dei fleste store tilstelninger og jubilleer i Ytre Arna, som

toastmaster, som oppleser av eigne prologar, som leiar av større arrangement eller han tok imot

bypresså for å fortelja kva bygda feira. Han kjente historien til nærings-og kulturlivet i Ytre Arna. Det

finnes fortsatt opptak av interjuv han gav til NRK og filmer hvor han opptrådde som kjentmann.

I Arne Musikkforening blei han utnevnt til æresmedlem, og som det blei sagt utan å ha spela ein

tone, men han hadde bistått musikkforeninga i så mange sammenhenger.

I 1972 blei Arna innlemma i Bergen kommune, samman med Fana og Åsane, og det skulle markerast

med samling i Grieghallen. Arnold skreiv då songen Bergen Intrada til melodi Nystemten

Ta på deg byklæna – husk at da hasta

Fana stril, Åsa stril, Arna stril i flokk

Tida er kommen og loddet er kasta

No æ da Nystemten – slutt med stev og lokk.

Kanskje me også blir «nokke for oss sjølv».

Ka sa eg . Ka sa eg.

Blir vårt interkommunale brøl.

Bystyrets første sak som kjem på programmet,

Ifølge Bygdanytt`s ferske intervjuv

Løyving til Fe-rist må ytast dei på Kvamme,

Men Supeerrådmann har aldri sett ei ku

Bergen har avsotte aller siste stuteleier.

Ka sa eg. Ka sa eg.

Vi forhastet oss slik som vi pleier

Snart blir det ordning på gjennomgangstrafikken,

Avsporveistyret det ordner i en fei

Flikker og maler på Møhlenpristrikken

Endestasjon blir inn på Trengereid.

Fløyen sin bane skal strekkes opp i Reppadalen

Ka sa eg. Ka sa eg.

Det blir jammen lett å frakte smalen.

No går vi alle her fryktelig spente –

Om det i Ulrikken kommer nok et hull

Han med buljongen har ikkje tid å vente

Kippersund skriver at det e noke tull

Fritzen han æ troen te å la hele Ulrikken falle

Ka sa eg . Ka sa eg.

Koker Rieber suppe på oss alle.

Dryl` an då Bergen du Myrvold sitt nye sæte

Med Gyldenpriser, protest, ja også torg

Verdensberømt for ditt regn og din væte

Kniksen og Lønning – han æ` no gitt på Borg

Koffår sku` han slå ned Bergensparaplyen

Ka sa eg. Ka sa eg.

Det blir bare bønder att i byen.

Det er kanskje nokon som fortsatt tviler på om det var eit godt valg å bli innlemma i Bergen

kommune, og som vil hevda som Arnold Nævdal skreiv i songen : Ka sa eg . Ka sa eg.

Me ser at det er fleire som har henta faktaopplysninger fra Arnold Nævdal sine bøker og artiklar.

Hans bror Johannes Nævdal (96) har fram til i dag også holdt historia om Ytre Arna «levande»

gjennom mange foredrag og skrevne artiklar.

Ytre Arna Historielag vil markere Arnold Nævdals 100 årsminne i museumet.

På vegne av Ytre Arnasamfunnet ei stor takk til Arnold Nævdal for alt han gav oss av sin kunnskap om

Ytre Arnas rike historie…. Det gav oss viktige varige verdiar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags