Dei er grunnen til at eg får trua att på at vi klarar det

Over hele verden  streiker skoleungdom for å kreve politisk handling i klimakampen. Her fra Torgallmenningen i mai.FOTO:  ARNE RISTESUND

Over hele verden streiker skoleungdom for å kreve politisk handling i klimakampen. Her fra Torgallmenningen i mai.FOTO: ARNE RISTESUND

Av

Tusen takk til dei 40.000 norske ungdommane som i år har streika. Streika for framtida si. Streika for at vi, politikarane, skal få augo opp og gjere noko.

DEL

MeningerFor ti år sidan sat eg på ein buss frå Oslo til København saman med 100 andre Natur og Ungdom-aktivistar. Vi skulle få med oss klimatoppmøtet der den o-store klimaavtalen skulle bli vedteke. Det var ein slukøra gjeng som returnerte ei veke seinare. Verdsleiarar hadde ikkje kome til semje, og det skulle ta seks år før ein klimaavtale var på plass (2015). Men den var ikkje radikal nok. Og vi har ikkje heile verda med oss.

Ti år etter. Eg har ikkje ete kjøt på eit halvt liv. Eg bruker gjenbrukbare sanitetsprodukt, har kutta ut sminke og kjøper sjeldan nye klede. Eg har korkje bil eller lappen, og vel tog framfor fly når det er mogleg. Men i år har eg for fyrste gong byrja å miste trua på at vi klarar å nå togradarsmålet, iallefall ikkje 1,5-gradarsmålet. Vi har ei regjering som tildeler historisk mange løyver til leiteboring for olje, når vi veit fossiltida snart må ta slutt. Den same regjeringa opna i sommar opp for oljeboring like utanfor dei verna områda i Lofoten. Carl I. Hagen reagerer på klimapanelet til FN sin nyaste rapport med å seie at folk skal ete meir kjøt. Amazonas brenn, fordi vi vil ha soya til kraftfor til kjøttproduksjonen vår. Regnskogen er viktig for å lage oksygen og lagre karbon. Det tar tre veker før verda får vite dette. Vi snakkar berre om bompengar.

Det er mange år sidan eg vart for gamal til å vere med i Natur og Ungdom. Miljø- og klimasaken er likevel framleis den viktigaste for meg. Difor stiller eg til val for Rødt. Ein må vere raud for å vere grøn. Som einaste parti tar vi verkeleg Naturpanelet til FN på alvor, når dei i mai sa at kapitalismen er årsaken til dei klima- og miljøproblema vi no opplever. Vi kan ikkje basere oss på ideen om ubegrensa vekst, på ein klode med avgrensa ressursar. Og sjølv om det er fint at alle menneske bidrar med sine små og store miljøtiltak i kvardagen, så er ikkje det nok. Vi må ha fellesskapsløysingar, og dei må politikarane sette i gang. Det hastar, og det har ungdommen forstått.

Så, tusen takk til dei 40.000 norske ungdommane som i år har streika. Streika for framtida si. Streika for at vi, politikarane, skal få augo opp og gjere noko. Sette i gong klimatiltak, slik at vi ikkje øydelegg livsgrunnlaget for barna våre og framtidige generasjonar. Takk. De er grunnen til at eg får trua att på at dette klarar vi! Eg heier på dykk, og lover å fortsette kampen, sjølv om tvila av og til tar overhand. Her er våre seks føreslag for å ta miljø- og klimakrisa på alvor:

1. Seie nei til nye motorvegprosjekt.

2. Billegare, på sikt gratis, kollektivtrafikk for alle, og i fyrste omgang gratis for barn opp til 13 år.

3. Verne biologisk mangfald, matjord og myrområder.

4. Setje i gong prøveprosjekt med 6-timarsarbeidsdag; vi vil ta ut meir av overskuddet i fritid.

5. Satse på tiltak som gjer det lettare for folk å redusere eiga forbruk, slik som gratis byttebutikkar, støtte reperasjonar og gratis utlån av verkty, sportsutyrs og anna utstyr på biblioteka (såkalla “tingoktek”).

6. Innføre tiltak for energisparing og solenergi på alle kommunale bygg, i tillegg til å setje i gong prosjekt med universitetet, BKK og andre relevante aktørar for å utvikle djup geometrisk energi i Bergen.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags