Det er riktig å demonstrere mot rasisme

– Ville ein gjennom ein slik markering få SIAN til å endra meining? Nei, men det var heller ikkje målet.

– Ville ein gjennom ein slik markering få SIAN til å endra meining? Nei, men det var heller ikkje målet. Foto:

Av
DEL

MeningerGustav Isrenn Berger skriv i BA 30. oktober at han har fått ein ekkel bismak i munnen av å ha vore i nærkontakt med antirasisme på ein protest mot SIAN på Festplassen i Bergen. Vi var på same hending og vil difor gjerne gjeve han nokre punkt for å verte meir komfortabel med det han var med på.

Første punkt er å skaffe seg kunnskap om rasisme som fenomen ved å sjå på forskinga på rasismefeltet. Det er mykje forsking som viser at hatytringar har ein tilskyndande effekt på rasistisk og fascistisk vald, som til dømes studien «Fanning the flames of hate» frå Universitetet i Warwick. Denne ser på koplinga mellom ytringar frå tyske «Alternative für Deutchland» sine facebookinnlegg og valdsåtak mot flyktningar, og fann ein korrelasjon.

Andre punkt er å sette seg inn i kor ille SIAN faktisk er. At motdemonstrantar er høglytte og sinte er ikkje like ille som bodskapen SIAN står for. Vi kan difor berolige Berger med at motdemonstrantene var mindre hatefulle enn SIAN den dagen. Det var ingen av motdemonstrantane der som dehumaniserte minoritetar eller gjekk til åtak på ungdom med forsvarsspray. Det gjorde derimot SIAN.

Tredje punkt, som vil følgje av første punkt, er å innsjå at ein ikkje kan sette seg ned for å «samarbeide» og «finne løysingar» med organisasjonar som dette. Korleis skal dei møtast på midten? Når det er sagt, er det klart at konfronterande motdemonstrasjonar som på dette har begrensa nytte utover å gjere det så vanskeleg som mogleg for dei å rekruttere.

Ville ein gjennom ein slik demonstrasjon få SIAN til å endre meining? Sjølvsagt ikkje, men det var heller ikkje målet – og det ville heller ikkje ha vore mogleg i den settingen.

Når SIAN fyrst fekk ha sin markering, så krev kampen mot normalisering av rasisme at ein gjer det vanskeleg for dei å nå folk med bodskapen sin, og ubehageleg for dei å vere der. Poenget er ikkje å overtyde dei som allereie er medlem, men å hindre å rekruttere nye.

Berger etterlyser ein markering med mindre konfrontasjon og meir preg av solidarisk folkefest. Det har folk både i Bergen og Oslo tatt initiativ til tidlegare. Slike folkefestar er generelt ein god ide, og det kunne gjerne vore ein slik markering i Bergen i år og. Det krev dog mykje tid og krefter, utan at ein alltid har så mykje igjen for det. Det vart til dømes køyrd eit slikt opplegg i fjor da SIAN var i byen, utan at det viste seg å være spesielt effektivt.

Samanlikna med i fjor var årets motmarkering mykje meir effektiv når det gjaldt å hindre at SIAN fekk ut bodskapen sin, og slik sett har nok antirasistane som deltok prioritert riktig. Om Berger er interessert i å vere med på arrangere ein slik folkefest ved eit seinare høve, ønskjer vi han velkommen til det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags