Det går seg til med sunn kvardagskost

I ein studie på mus fant vi ein mirakuløs effekt for dei som framleis trur på omkvedet om at «ein kalori er ein kalori,» skriv forskar Simon Nitter Dankel. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

I ein studie på mus fant vi ein mirakuløs effekt for dei som framleis trur på omkvedet om at «ein kalori er ein kalori,» skriv forskar Simon Nitter Dankel. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Var det ribba som fylte opp bilringane? Neppe, sjølv om mange synest å peike den spesielt ut.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Jula er over, og kvardagen set inn, gjerne nokre kilo tyngre. Har vi lagt på oss for livet? Finnast ein «quick fix»?

Høgtid er ikkje berre tid for spirituell refleksjon, men også for kroppsleg ekspansjon. Det kan mange skrive under på. Vi treng knapt vitskaplege studiar for å vite det. Men for ordens skuld. Ein studie såg på dagleg vektendring hos tre tusen personar fra USA, Tyskland og Japan mellom 2012 og 2013. Vekta auka rundt eit halvkilo i gjennomsnitt innan tiande dag jul. Spesielt hos tyskarane, som vi kanskje best kan samanlikne oss med her i Bergen. 0,8 kg i gjennomsnitt.

Var det ribba som fylte opp bilringane? Neppe, sjølv om mange synest å peike den spesielt ut. Torsk eller nøttebiff til julemiddagen ville nok ikkje gjort det store utslaget her. Vi snakkar langt meir enn julemiddag og sju sortar. Ikkje minst diverse flytande. Vi nordmenn doblar utlegg til mat og drikke i desember.

Men der er ei god nyhende. Den nemnde studien viste at vekta typisk går tilbake til førjulsnivå innan februar/mars, i god tid før ny oppsving til påske. Så det er som i sangen, jula varer ikkje heilt til påske. Om ein fastar eller ikkje; dei færraste held fram med høgtidskonsum året rundt. Retur til kvardagskosthaldet kan vere nok. I alle fall om du berre ønsker å halde vekta. Men kanskje du likevel, som mange andre, ser at vekta stadig snik seg oppover frå nyttår til jul, og ikkje berre brått frå jul til nyttår? Kanskje du ønsker å ta av meir enn du fekk til jul?

Ja, tida mellom jul og påske er blitt høgtid for diettar av ulike slag. Faste har fått ein renessanse. Og ikkje av religiøse grunnar. Faste, altså, å ikkje ete. Kan vel knapt kallast ein diett. Klart ein går ned i vekt, i alle fall mens ein held på. Men vi må jo alle ete også. Om så etter førti dagar. Og då kan vekta gå opp att, og kanskje vel så det.

Vi gjorde ein studie, riktignok på mus (men mus er også glade i mat, det veit vi frå Musevisa). Ei gruppe fekk ete godt med mat over tid. Hos den andre gruppa tok vi vekk ein tredjedel av maten i fem kortare periodar. Litt som eit år med berg-og-dalbane i matinntak mellom høgtidene. Jojo-slanking. Og interessant nok: Sjølv om den siste gruppa åt mindre totalt sett, var den totale feittlagringa på kroppen større. Ein mirakuløs effekt, for dei som framleis trur på omkvedet om at «ein kalori er ein kalori».

Det finst jo mange vegar til større rom mellom navlen og buksekanten.

Vi såg nærmare i feittvevet til musene, og fant vedvarande endring i aktiviteten til «klokkegener». Gener som styrer biologiske rytmer i cellene, med konsekvensar for korleis cellene handterer energi. Ein kunne tru biologiske klokker samspeler med kyrkjeklokker.

Nye studiar på rotter og mus, og til dels menneske, peiker mot slankande og helsebringande effektar av andre variantar av periodisk faste. Illustrert av «5:2-dietten» og «16:8-dietten». Ein et som normalt, og kuttar 25 prosent av energien i to dagar per veke. Eller ein et berre i ein åtte-timars periode i løpet av dagen, og fastar dei resterande 16.

Periodisk faste skal moderere energiinntaket generelt. Spesielt ved å erstatte karbohydratrike matvarer (sukker, fint mel, kvit ris) med større mengder grønnsaker. For å dempe søtsuget, og gi meir tid for forbrenning av feitt på kroppen. Det skal altså helst ikkje vere julestemning i kvar åttetimarsperiode.

Mange har studert effektar av å ete lite (lavkaloridiett). I FATFUNC-studien, på «menn med mage» i Bergensområdet, studerte vi effektar av næringsrike kosthald med meir normalt inntak av energi. Med kun moderat reduksjon i energi, fant vi vel så gode effekter som andre studiar med vesentleg energireduksjon. Hovedtrekk ved kosthalda var redusert inntak av produkt med sukker og mel, og rikelig inntak med grønnsaker (eit halvkilo om dagen).

Det finst jo mange vegar til større rom mellom navlen og buksekanten. Men eit bra kvardagskosthald vil gjere susen på lang sikt. Moderat, næringsrikt og tilfredsstillande.

Mange med fedme har uhøveleg lav muskelmasse. Muskelvev, ein slags bortkomen son i massane av feittvev, i etterjulsstrevet etter å vege mindre. Og lite mat over tid kan gjere vondt verre. Spesielt om ein er utsatt for sjukdom. Eit sunt kosthald skal støtte muskulaturen. Gi livskraft og betre motstand mot sjukdom. For lavt inntak av energi og næring over tid kan gå utover muskulaturen.

Unngår du den fella, kan du feire både jul og påske med godt samvit. Det går seg til med eit sunt kvardagskosthald.

Dankel leder den pågående kostholdsstudien CARBFUNC, en toårig studie som undersøker hvordan mengde og type karbohydrater i et moderat kosthold påvirker magefett.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags