Fengselet er for oss ein kjær nabo og ven

– Lite visste vi at Hareides havari skulle ende med vedtak om å leggje ned  Noregs best fungerande fengsel. Foto: Emil Breistein

– Lite visste vi at Hareides havari skulle ende med vedtak om å leggje ned Noregs best fungerande fengsel. Foto: Emil Breistein

Av
DEL

MeningerEit av mange sterke minne frå eigen barndom er mi eiga bestemor, som kvar morgon dro frå gardina i leiligheten i sentrum av Odda, kikka litt opp, såg røyken stiga ut frå smelteverket – nikka fornøgd og sa; no får folk mat på bordet i dag og. I motsetning til alle dei som skunda seg gjennom Odda sentrum var Smelterverket ein kjær nabo og ven.

No; 40 år seinare, i ein heilt anna kontekst og ein heilt annan stad i Hordaland, kikker eg ut eige stoveglas og ser nøgd ut på lysa på fengselet Ulvsnesøy. Av og til ser eg og skyssbåten på veg til eller frå kommunekaien i Vaksdal – med tilsette og innsette med start på ein ny dag.

Fengselet på Ulvsnesøy er for oss som bur på Vaksdal, ein kjær nabo og ven. Frykta for det ukjende for snart 40 år sidan er erstatta med frykta for ei framtid utan.

Vedtaket om å leggja ned fengselet på Ulvsnesøy er ei av dei nedrigaste politiske sakene i vårt fylke på lenge. So seint som i juni 2018 la partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, fram eit eige forslag om å oppretthalde fengselet. Lite visste vi at Hareides totale politiske havari skulle ende med vedtak om å leggje ned det same fengselet seks månader seinare.

17. desember la SV og Sp fram sokalla «løse» forslag om å oppretthalde fengselet i stortinget. Ikkje ein frå Krf hadde ryggrad til å ta ordet i debatten. Det er mogleg å tenke at ord som «familie» , «å tilgje» , «ugjerningsmann» ville sitte fast i halsen. Dei holdt seg på plassane sine, såg ned i golvet og la ned Noregs best fungerande fengsel.

I denne avisa har ein dei siste dagane lest fortvila innlegg og kronikkar. Ein av dei sterkaste tekstane eg har lese på lenge var kronikken til innsett 13007 på Ulvsnesøy. Denne teksten gjev til fulle kvifor det er ein tragedie at fengselet vert nedlagd.

Men kva er vel soningsplass for kvinner slik at dei kan ha kontakt med familien sin for «familiepartiet» KrF? Partiet er no på Ernas breie veg, perleporten er byta med ein bomstasjon – familiepolitikk er abortlov og nestleiar Ropstad profeten som skal bringe partiet over i kategori «andre» For: «Ingen kan tjene to herrer. Han vil hate den ene og elske den andre, eller holde seg til den ene og forakte den andre. Dere kan ikke tjene både Gud og Mammon. (Matteus-evangeliet 6,24)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags