Ikkje kutt der det er viktigast å investere

– Stønad til PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen, skulepsykologar, skulefrukost og meningokokkvaksinar er på lista over ting ein skal kutte i, skriver innleggsforfatterne. IllustrasjonsFOTO:  Berit Roald / NTB SCANPIX

– Stønad til PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen, skulepsykologar, skulefrukost og meningokokkvaksinar er på lista over ting ein skal kutte i, skriver innleggsforfatterne. IllustrasjonsFOTO: Berit Roald / NTB SCANPIX

Av

Fylkesrådmannen sitt forslag til kvar ein skal kutte i budsjettet, går hardt ut over ungdom i fylket.

DEL

MeningerTidlegare i oktober kom den sjokkerande nyheita om at nye Vestland fylkeskommune går 490 millionar kroner i minus. Men det som er enda meir sjokkerande, er fylkesrådmannens forslag til kvar ein skal kutte i budsjettet, som går hardt ut over ungdom i fylket.

Hordalandungdommens fylkesutval (UFU) er ungdommens talerøyr mellom ungdom og politikar i Hordaland. Me ser at desse kutta vil føre til negative konsekvensar for ungdom i den nye fylkeskommunen, og håpar at politikarane ser behovet for å bevara stønadane som no står i fare.

Stønad til PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen, skulepsykologar, skulefrukost og meningokokkvaksinar er på lista over ting ein skal kutte i.

Ideen om eit velferdssamfunn for alle blir svekka, ettersom dei ungdommane og familiane med allereie dårleg økonomi, kjem dårlegare ut.

Då innføringa av gratis vaksinering mot hjernehinnebetennelse blei innført, kunne ein sjå at interessa for sprøyta eksploderte.

Berre i Bergen kunne ein i 2018 sjå 1929 bestillingar av vaksina, mens i 2019, då sprøyta var gratis auka talet til over 4000 vaksiner. Ein ser at tiltaket fungerte, og fleire er no rusta mot hjernehinnebetennelse. Å fjerne tiltaket vil dermed vere eit stort tap dersom ein ynskjer at unge skal ta vaksina.

PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen er i dag minst like viktig som penn og papir. Presentasjonar, innleveringar og ikkje minst eksamen skal alle bli gjort på PC.

Det er då viktig at alle har mogelegheit til å skaffe seg ein godt brukande PC til å gjere dette på.

Ikkje alle har råd til å kjøpe seg ein PC til vidaregåande, det er ikkje sjølvsagt at alle klarer å leggje ut fleire tusen for å kunne møte krava som stillast på skulen om å ha ein brukbar PC.

Det vil difor vere ei stor byrde for dei som treng det, dersom det blir kutta i dette tilbodet. Prinsippet om gratis skule er eit prinsipp ein bør jobbe for å ivareta, ikkje svekkje.

Kollektivtransporten blir også ramma i forsøk på å hente inn igjen nokre pengar. Enkeltbillettprisen er for eksempel tenkt å auke frå 38 til 39 kroner.

For studentar er prisen den same som vaksenpris dersom ein ynskjer å kjøpe enkeltbillett, og me veit alle kor mykje kvar krone gjeld når ein studerer.

For oss er det viktig at billettprisane ikkje blir så høge at det heller «lønnar» seg å bli tatt i billettkontroll enn å kjøpe billett kvar gong ein tek bussen. Dersom ein ynskjer at dei skal kjøpe billett, er ikkje auking vegen å gå.

Me forstår at det må kuttast, men ikkje kutt i sektorane det er viktigast å investere i. Å investere i ungdom er å investere i framtida!

Innlegget ble først publisert på framtida.no.

Ida Heggland, Ungdommens fylkes- utval Hordaland (UFU), Tysnes kommune

Ida Heggland, Ungdommens fylkes- utval Hordaland (UFU), Tysnes kommune


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags