No kan det usynlege gjerast synleg igjen

– Ved at to bygarder i 1891 vart kilte inn mellom tårnfoten og korkapellet, har helhetsinntrykket altså vore vekke frå byrommet i over hundre år. I 2019 har byen eit historisk høve til igjen å visualisere det historiske anlegget, skriver innleggsforfatteren. Foto: Tom HJertholm

– Ved at to bygarder i 1891 vart kilte inn mellom tårnfoten og korkapellet, har helhetsinntrykket altså vore vekke frå byrommet i over hundre år. I 2019 har byen eit historisk høve til igjen å visualisere det historiske anlegget, skriver innleggsforfatteren. Foto: Tom HJertholm

Av
DEL

MeningerOnsdag skal bystyret bestemme kva som skal skje med det hundre år gamle bygningskomplekset ved Nonneseter. Føringar for synleggjeringa av det enda eldre kloster- og herregårdsanlegget blir då lagde for lang framtid. Tankane går til 1891, forrige skjebneår for det historiske anlegget. Det monumentale anlegget som hadde lege der i nærare 800 år, først som Nonneseter kloster og deretter som Lungegården hovedgård, vart dette året synsmessig mest radert ut.

Dramatikken tok til i februar 1891 då Lungegården brann. Anlegget vart deretter straks seld til eit «konsortium» som ville oppføre bygardar på staden etter at også «klosterets rester» var blitt rivne. Dette var før slike mellomalderrestar vart freda, og det såg altså ei tid stygt ut også for tårnfoten og kapellet. Fortidsminneforeningen (FMF), som arbeidde for å redde viktige kulturminne, gjekk straks til forhandlingar om kjøp av klosterrestane. Alt i 1877 hadde FMF fått tilbod om å kjøpe klosterdelane for kr. 12.000, men hadde då måtta avslå ut frå den høge summen dette den gongen var. Til jamføring kjøpte FMF i 1880 Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn for kr. 600.

Etter brannen i 1891 var situasjonen ved Lungegården blitt ein annan, og FMF måtte redde så mykje som mogeleg av anlegget. Ved innsamlingar og lån greidde FMF å skaffe midlar til å sikre seg klosterbygningane og greidde ved å avgrense grunnarealet så godt som mogeleg, å få kjøpssummen ned i kr. 6842,50. Dette vart ei stor økonomisk belastning i åra framover. Parallelt med forhandlingane om kjøp fekk FMF lov til å gjennomføre ei arkeologisk utgraving av den mellomliggjande kyrkjetomta. Utgravinga vart gjennomført «med saa meget hurtighed, som man af hensyn til arbeidets art turde, da eierne fordrede grunden ryddiggjort snarest mulig». Vi kan berre ane den spente stemninga og usikre situasjonen som må ha rådd ut over sommaren 1891. Ved utgravinga kunne hovudforma på klosterkyrkja dokumenterast ved murrestar. Likeins vart både lause bygningsfragment og store mengder med graver henta fram. Dei samla gjenstandsfunna frå utgravinga er i dag ved Universitetsmuseet i Bergen. Der ligg også småfunn som myntar, skriveutstyr og spelebrikker, gulltråd, fingerbøl og ulike typar nåler for brodering. Alt fortel om levd liv både i klostertida og i herregårdstida.

Ved at to bygardar etter 1891 vart kilte inn mellom tårnfoten og korkapellet, har det visuelle heilheitsinntrykket av Nonneseter klosterkyrkje / Lungegården hovedgård altså vore vekke frå byrommet i over hundre år. I 2019 har byen eit historisk høve til igjen å visualisere det historiske anlegget ved å rive dei innkilte bygardane. Målet bør ikkje vere å skaffe Bergen ein ny, tradisjonell ruinpark. Ein slik park har Bergen alt i ruinane som omkransar Håkonshallen. Målet bør vere å opne opp rommet for slik å visualisere bygningen der tårnfoten og kapellet låg som ytterpunkt i nord og sør. Målet må vere å gjenetablere den synlege koplinga mellom tårnfot og kapell for å hente fram att medvitet om anlegget som tidlegare låg der.

Det er liten sjanse for at der på tomta mellom tårnfot og kapell framleis ligg originale bygningsspor og kulturlag. Når tomta skulle «ryddast» i 1891 kan dette tyde på at dei påviste bygningsrestane vart fjerna etter utgravinga. Dersom der i utgangspunktet ikkje var pietet for å bevare klosterbygningane, vart dei framgravne restane neppe tekne vare på. Elles er det stor sjanse for at fundamenteringa av dei nye bygardane fjerna dei eldre spora. Men dokumentasjonsmaterialet frå den arkeologiske utgravinga er slik at vi kan rekonstruere grunnplanskonturane av klosterkyrkja. Bygningsrisset av hovedgården vil også kunne rekonstruerast.

For nykonstrueringa av desse ledda vil arkitektar og formidlarar kunne utfordrast til nytenking ved bruk av vår tids formspråk og materialar. Formidlinga elles av klosteret og herregård kunne leggjast til eit lokale i Bergen Storsenter som ligg der resten av anlegget tidlegare låg. Slik kan ein formidle at dei då vandrar og handlar der kontemplative nonner tidlegare levde og bad i fleire hundre år.

Nonneseter vart i pakt med europeisk tradisjon for eit kontemplativt kloster ved ein by, lagt utanfor tettbusetnaden men likevel innafor Bergens takmark, dvs. innafor det juridiske byområdet. Klosteret sine marker låg mellom tettbusetnaden og Nonneseter, eit område som i dag er kjent som Marken. Tilsvarande lokaliseringar hadde dei to andre 1100-tals klostera i Bergen, Munkeliv på dagens Klosteret og Jonsklosteret ved dagens Tårnplass.

Klostera var likevel ein integrert del av byens struktur, funksjon og liv. Plasseringane gjorde klostera ekstra godt synlege. For den som kom siglande inn Vågen, kneiste Munkeliv høgt på Nordnes-ryggen, og Jonsklosteret låg litt lenger sør. For den som kom over land via Haukeland og Årstad, eller sjøvegen via Puddefjorden og Alrekstadvågen, låg Nonneseter som ein velkomst mot byen. Både Munkeliv og Jonsklosteret er i dag visuelt sett raderte ut av

Bergen. Nonneseter levde vidare som Lungegården, som var så definerande at Alrekstadvågen vart til Lungegårdsvann. Skjebneåret 1891 usynleggjorde dette anlegget i Bergen. 2019 kan gjere det usynlege synleg igjen!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags