Stavanger klarte det – kvifor ikkje Bergen?

Handelen i Bergen sentrum går ned. – Det er jo ikkje til å komma frå at det pissregner stort sett heile året i Bergen. Det får ein ikkje gjort noko med, men er det ikkje mogleg å bygga over enkelte sentrumsgater slik at ein kan gå tørt likevel? spør spaltist Jørund Vandvik i dette innlegget. Foto: Vidar Langeland

Handelen i Bergen sentrum går ned. – Det er jo ikkje til å komma frå at det pissregner stort sett heile året i Bergen. Det får ein ikkje gjort noko med, men er det ikkje mogleg å bygga over enkelte sentrumsgater slik at ein kan gå tørt likevel? spør spaltist Jørund Vandvik i dette innlegget. Foto: Vidar Langeland

Av

Går det an å sleppe litt opp på dei hardaste argumenta om ein nå ønsker å halde oppe handelen i sentrum?

DEL

MeningerFor litt sidan var eg ein lørdag i min gamle by, Stavanger. Eg er oppvaksen langt inne i ein fjord i Ryfylke, og det å komma til «Byen» (eg var mange år før eg forstod at «Byen» eigentleg heitte Stavanger) som liten unge var som å komma til Paradiset. Seinare flytta eg til byen på hybel hos enkefru Svela for å gå på gymnas, omtrent i den tida «Lykkeland» omhandlar. Deretter bar det til Bergen for vidare studier.

Eg var litt spent på gjensynet med Stavanger, og ikkje minst på om Stavanger sentrum hadde klart seg i konkurranse mot både internett- og kjøpesenterhandel. Mitt subjektive inntrykk, basert på ein tilfeldig lørdag i november, var at det har Stavanger sentrum klart. Til og med min gamle leketøysforretning, der byturar blei toppa med kjøp av ein indianar- eller cowboyfigur i plast, eksisterte framleis.

Subjektive inntrykk basert på observasjon ein tilfeldig dag er ein ting, men eit søk på nettet bekreftar også at handelen i Stavanger sentrum nå er på veg oppover. I motsetnad til handelsutviklinga i Bergen sentrum, der omsetjinga er fallande.

Det er heilt sikkert mange grunnar til at utviklinga i Stavanger og i Bergen går i ulike retningar, men eg gjorde meg nå nokre refleksjonar, den eine dagen eg var der: For det første, sentrum var tilnærma bilfritt, fotgjengarar hadde gatene for seg sjøl. For det andre, det var god parkeringsdekning tett opp til sentrum.

Så til Bergen, kva skal ein gjera for å auka handelen i sentrum?

Det er iallefall inga hjelp i å drøyma seg tilbake til ei tid der vareknapphet og vanskeleg distribusjon gjorde at ein måtte til byd'n for å handla anna enn det strengt nødvendige. Døme: Eg får i dag kjøpt fisk som er ferskare og meir delikat enn på Fisketorget, i einkvar avkrok av landet. Kvifor skal eg då reisa til Fisketorget for å handla fisk?

Det nyttar ikkje å akka og bera seg over at folk i stor stil har busett seg utafor Bergen sentrum, alle kunne uansett ikkje ha budd der. Og den forhatte «byspreiinga» var det «gamle» Bergen sjøl som la opp til gjennom samanslåinga med (motvillige) nabokommunar. Også den gongen lakk Bergen som ein sil, trass i at Fyllingsdalen allereie var innlemma i Bergen.

Og det nyttar ikkje å drøyma seg tilbake til ei tid der internetthandel ikkje fanst. (Men det er til hjelp at KrF nå har fått gjennomslag for å oppheva 350 kroners grensa for momsfrinetthandel frå 2020. For småkjøp i butikk må du i dag betala moms, for småkjøp på nettet i utenlandsk netthandel slepp du).

Det nyttar heller ikkje å appellera til at folk må «støtta sentrum». Du kan be om almisser og støtte dersom du er langt nede, ikkje når du er ein kommersiell aktør. Eg kjøper «Megafon» for å støtta eit menneske som slit. Når eg handlar i sentrum er det ikkje for å «støtta sentrum».

Så hjelper det også lite for sentrumshandelen at politiske målsettingar, både lokale og nasjonale, spriker som Borten sine staurar (til ungdommen: «Borten» var statsminister i Norge for lenge, lenge sidan. «Staur» brukte ein når ein skulle hesja, også det i gamle, gamle dagar. «Hesja» - spør ein vaksen, tar for mykje plass å forklara).

Dersom sentrumshandel er prioritet 1 er bomring og mangel på sentrale parkeringsplasser ikkje bra. Ein kan appellera til folk om å ta kollektivtransport, og stadig fleire gjer det, men nokon føretrekk likevel bil. Lik det, eller lik det ikkje, men slik er det.

(Fortsetter under bildet)

BA-spaltist Jørund Vandvik

BA-spaltist Jørund Vandvik Foto:

Dersom best mogleg byluft for dei som bur i sentrum er prioritet 1 er bomring og mangel på sentrale parkeringsplassar bra. Dersom god byluft er prioritet 1 skal folk som føretrekk bil handla tettast på der dei bur, også me som er «byspreidde». Då skal folk i Åsane handla i Åsane, folk i Fana i Fana, folk i sentrum i sentrum.

Eller er det mogleg å sleppa litt opp på dei hardaste argumenta om byluft og miljø, om ein nå ønsker å halda oppe handelen i sentrum? Litt lågare prisar gjennom bomringen ein lørdag eller to i månaden, er det utenkeleg? Vil verda verkeleg gå til grunne om ein har eit parkeringsanlegg og to lett tilgjengeleg i tilknytning til Bergen sentrum? Den ekstra miljøforureininga ein får, ville ein jo fått ein annan stad likevel, gitt at nokon absolutt MÅ bruka bil? Dårleg luft forårsaka av bilbruk er vel like dårleg for folk som bur utanfor sentrum, som for dei som bur i sentrum, eller?

Og så er det jo ikkje til å komma frå at det pissregnar stort sett heile året i Bergen, eller iallefall 242 av 365 dagar for å vera nøyaktig. Det regnar dobbelt så mykje i Bergen som i nemnde Stavanger. Frå oktober til mai er pissregnet kombinert med ein gradestokk som ligg ein stad mellom 0 og 10 grader. Eg forstår godt at folk då føretrekk eit tørt og varmt kjøpesenter. Eg var på ei gresk øy i sommar, også gatene der blei fort tømde for folk då det brått kom ein regnskur.

Regnet får ein ikkje gjort noko med, men er det ikkje mogleg å bygga over enkelte sentrumsgater slik at ein kan gå tørt likevel? Utan at gatene dermed framstår som privatiserte? I Italia, som norske arkitektar elskar, er arkadeoverbygg ikkje uvanleg. Der til hjelp mot sol og varme. Så kvifor ikkje meir av det her, til hjelp mot ver og vind?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags