Gi Nobels fredspris til Donald og Kim

USA sin president Donald Trump og Nord-Korea sin leiar Kim Jong-un møttes for fyrste gong i Singapore 12. juni i år. Det historiske møtet endte med signering av avtale om atomnedrustning.

USA sin president Donald Trump og Nord-Korea sin leiar Kim Jong-un møttes for fyrste gong i Singapore 12. juni i år. Det historiske møtet endte med signering av avtale om atomnedrustning. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Folk har fått fredspris for mindre konkrete resultat enn avtalen mellom Donald Trump og Kim Jong-un, skriv spaltist Jørund Vandvik i dag.

DEL

SpaltistAvtalen mellom Nord-Koreas Kim Jong-un og USAs president Donald Trump kom som ei overrasking på dei fleste såkalla ekspertar. Og det kan ein forsåvidt forstå, når ein lytta til tonen mellom dei to i tida før dei møttest. «Mine våpen er fleire og større enn dine», og omtale av motparten som «The rocket man» er ikkje akkurat vanleg språkbruk i diplomatiske kretsar når gode relasjonar skal byggast.

I avtalen mellom dei to blei dei enige om atomnedrustning på Koreahalvøya, USA skal garantera for Nord-Korea sin tryggleik, og Sør-Korea og USA skal avstå frå felles militærøvingar fordi det verkar provoserande på Nord-Korea.

Det manglar ikkje på kritikk av avtalen som blei inngått, ikkje minst i Norge: Kim oppnådde mest, avtalen inneheld eigentleg ikkje noko nytt, er ikkje konkret nok, er ikkje bygd opp gjennom vanlege diplomatiske prosessar, og den seier ikkje noko om inspeksjon av Nord-Korea si atomnedrusting.

Les også andre innlegg av Jørund Vandvik:

Når Nobels fredspris til Kim og Donald blir nemnt i den norske debatten, blir dette stort sett latterleggjort. Og om ein, som meg, meiner at dette i utgangspunktet ikkje er ein dårleg idé, risikerer ein å begå sosialt sjølmord. «Det er for tidleg», «avtalen er for dårleg», «Kim Jong-un er ein brutal dikator» er berre nokre av argumenta som blir brukte mot ein fredspris til Kim og Donald. Bak og under desse argumenta ligg eit anna argument: Du gir ikkje fredsprisen til ein tosk som Trump. Og ein tosk er han jo, i mange samanhengar. Når han i tillegg blir nominert til fredspris av Tybring-Gjedde og Amundsen frå Frp synest løpet å vera kjørt: Det blir ingen fredspris på Donald Trump eller Kim Jong-un. (Sistnemnde blei forøvrig ikkje nominert til fredspris av Frp-arane.)

I Sør-Korea, derimot, er 80 prosent av folk svært glade for avtalen som er inngått, og den nye tonen mellom Kim og Donald. Og folket i Korea burde ha ei viss stemme i denne debatten. Koreakrigen mellom 1950 og 1953 tok livet av to til tre millionar menneske, fleirtalet var sivile. «Reis til Korea» sa mor mi då eg ikkje ville eta opp maten som liten, redselshistoriane om svolt og elende i Koreakrigen blei brukt i barneoppdraginga på 50-talet i Ryfylke. Koreakrigen er formelt sett enda ikkje avslutta, den formelle statusen er våpenkvile. Og Jong-un si utvikling av atomvåpen, kobla med hans og Trump sin krigerske språkbruk, verkar naturlegvis mest skremmande på dei som bur tettast på.

Nobels fredspris skal, ifølge Alfred Nobels testamente der han til arvingane si store forarging ga vekk formuen, gå til dei som «under det förlupna året hafva gjort menskligheten den størsta nytta … som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af stående arméer samt bildande och stridande af fredskongresser.»

Kanskje er det den utradisjonelle og direkte stilen til Trump som i dette tilfellet faktisk har leidd fram?

Om det nå er slik at Trump og Jong-un klarer å få istand ein varig fred på Koreahalvøya, få fjerna atomvåpna der og minska USA sitt militære nærvær - vel, då er Nobel sine vilkår for å få fredsprisen oppfylt, ja overoppfylt i forhold til mange tidlegare prisvinnarar. Så er det jo likevel rett at ein kanskje skal venta ei stund med å trekka bastante konklusjonar. Korkje Donald eller Kim er ukjende med å endra meining, og mykje skal til før avtalen blir konkret og gjennomført i praksis.

På den andre sida, folk har fått fredspris for mindre konkrete resultat enn avtalen mellom Trump og Jong-un: I 2009 fekk Barack Obama, politikkens rockestjerne, fredprisen for å ha tala for atomnedrustning og betre dialog med den muslimske delen av verda. Iallefall meiner mange at det var det han fekk fredsprisen for. Sjøl er ikkje Obama sikker: I eit intervju på «The Late Show» svarar han slik på spørsmålet om kva han fekk fredsprisen for: «For å vera heilt ærleg: Det veit eg framleis ikkje.» Og Norges Washington-ambassadør blei skjelt huden full av Obama sin stabssjef for prisen. «Underdanig smiger», kalla han tildelinga. Men sola seg i glansen frå idolet Obama fekk dei, både Jagland og resten av Nobelkomiteen …

Eit anna argument mot fredspristildeling er at Kim Jong-un er ein brutal diktator, med blod på hendene. Og det er jo rett. Han lika mellom anna ikkje at hans eigen onkel nekta å reisa seg for han. Straff: Han blei bunden fast, og skoten med luftvernartilleri. Restane av liket, det kan ikkje ha vore rare greiene, blei brent med flammekastarar …

Blod på hendene har med andre ord ikkje vore til hinder for at folk har fått fredsprisen tidlegare - dersom det elles er fortent.

På den andre sida, folk med blod på hendene har fått Nobels fredspris før: I 1978 fekk Israel sin statsminister Menachem Begin prisen, saman med Egypts Anwar Sadat, for å ha inngått fredsavtale mellom dei to landa. I krigen som leidde fram til etableringa av staten Israel var han leiar for den militære organisasjonen «Irgun». Han leia 9. april 1948 massakren av meir enn hundre menneske i den palestinske landsbyen Deir Yassin, av desse var halvparten kvinner og barn. Ben Gurion, Israel sin første statsminister, orsaka hendinga i telegrams form ovafor den Aarabiske verda.

BA-spaltist Jørund Vandvik

BA-spaltist Jørund Vandvik Foto:

Sjøl sa Begin om massakren: «The massacre was not only justified but there would not have been a state of Israel without the victory at Deir Yassin ... Panic overwhelmed the Arabs of Eretz Israel, the Arabs began fleeing in panic, shouting «Deir Yassin.» Massakren var altså, ifølge statsministeren og fredsprisvinnaren sjøl, ikkje berre rett, men også nødvendig for opprettinga av staten Israel: Den skapte panikken som gjorde at 700.000 palestinarar flykta frå heimane sine. Blod på hendene har med andre ord ikkje vore til hinder for at folk har fått fredsprisen tidlegare - dersom det elles er fortent.

Les også andre innlegg av Jørund Vandvik:

Avtalen mellom Trump og Jong-un er utradisjonell, og ikkje bygd opp slik internasjonale avtalar vanlegvis blir til. Normalt kjem toppleiarane på banen til sist, etter at diplomatiet og ekspertane møysommeleg har bygd ein avtale som tener begge sider. På den andre sida: I Korea har diplomatsporet feila i 68 år. Kanskje er det den utradisjonelle og direkte stilen til Trump som i dette tilfellet faktisk har leidd fram?

Det er mange gode grunnar til at Trump og Jong-un på eit tidspunkt bør få Nobels fredspris, og om dei får han er det enda vanskelegare å reversera fredssporet dei nå er på. Isåfall bør dei også dela prisen med president i Sør-Korea, Moon Jae-In, som også har vore sentral i arbeidet med å kjøla ned konflikten. Det er mange gode grunnar til at Donald, Kim og Moon bør få fredsprisen, men eg trur ikkje det skjer.

Norske eks-politikarar i Nobelkomiteen elska å sola seg i glansen av politikkens rockestjerne, Barack Obama. Ingen eks-politikar i Nobelkomiteen ønsker å sola seg i glansen av Donald Trump.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags