Debatt Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Etter ein lang og litt tung haust, prega av uro, håp, engasjement, kampvilje og samhald, blant tilsette, elevar og foreldre ved Fana gymnas, fatta Fylkestinget eit endeleg vedtak i saka om Skulebruksplanen og Fana gymnas, og vedtok nedlegging frå hausten 2016.
Åttande desember vart ein tung dag for alle som er glade i Fana gymnas, kanskje spesielt for elevane på VG1 og VG2 som no går ei usikker skuleframtid i møte. Førsteklassingane våre hadde brukt hausten til å bli kjende og dei aller fleste såg fram til å halde fram i same klasse og på same skule nokre år til.
Tilfeldigvis er eg sjølv lærar for 28 førsteklassingar ved Fana gymnas, eller «silkerampar» som Erling Gjelsvik (BA. 02.01.16) kanskje ville kalla dei? Sjølv om nokre kanskje kan gjere seg fortente til den nemninga på ein dårleg dag (eg ville aldri sagt det høgt, i motsetnad til Gjelsvik passar eg på å ikkje lufte det eg veit berre er fordommar offentleg) vel eg å kalle dei elevar.
Les også: «Historisk sett har skolen vært en fast leverandør av silkeramp og andre overklasseklyser.»
For mi klasse består av elevar. Fana gymnas består av elevar. Av ungdom, eit bredt utval av unge frå Fana, Ytrebygda og fleire av dei andre bydelane. Nokre er einslege mindreårige asylsøkjarar, nokre går i innføringsklasse, mange kjem frå «norske» heimar, dei fleste er friske og raske, nokre har helseplager, nokre er særs flinke på skulen, mange klarer seg godt, og nokre synes vidaregåande skule er vanskeleg, både fagleg og sosialt, og er difor ekstra urolege for kva nytt og ufrivillig skulebyte neste år vil føre med seg.
LES OGSÅ: – Noen blir rammet ekstra hardt ved en nedleggelse av Fana gymnas
LES OGSÅ: Hvorfor kjemper vi for å bevare Fana gymnas?
Uansett kva forhold ein har til skulen og kva tankar ein har om neste skuleår, roa hadde begynt å senke seg over det store, L-forma bygget på Paradis og juleferie var neste post på programmet. Etter ei koseleg juleavslutning, sjølvsagt prega av å vere «den siste», der elevrådsleiar oppfordra medelevane til å sjå framover og gjere det beste ut av situasjonen, tok vi juleferie.
Alle, bortsett frå Fana Skoleteater, som over halvparten av elevane er med i på eit eller anna vis, og som no starta intensiv-veka si med øving til Gleese, som ser ut for å vere den siste framføringa i ein 30 år lang tradisjon.
LES OGSÅ: Ylvis: – Håper at noen driver skoleteateret videre
LES OGSÅ: Fana skoleteater kan leve videre
Men diskusjonen om Fana gymnas i media tok ikkje juleferie. I romjula kunne vi lese at ei foreldregruppe har tatt initiativ til eit nytt Fana gymnas i privat regi. Det er sikkert mange meiningar om dette er ein god idé eller ikkje, men eg ser verkeleg ikkje nokon skilnad i at foreldre i Fana kjempar for det dei oppfattar som sin nærskule og foreslår eit privat alternativ enn at foreldre andre stadar i landet gjer det same.
Vi treng ikkje reise lenger enn til Skodvin i Lindås kommune der det for nokre år sidan vart oppretta ein privat Montessorri-skule då den offentlege nærskulen vart lagt ned. Elevane der hadde 10-15 minutt reisetid med buss til næraste skule på Lindås eller Seim, omtrent like lang tid som det tek for Fana-elevane å reise til Nordahl Grieg vg. skule eller til sentrum.
Var dette også «usmakelig kravmentalitet innenfor en selvopptatt, bortskjemt, privilegert befolkningsgruppe», slik Gjelsvik hevdar, eller er det berre i Fana foreldre ikkje har lov til kjempe for det dei meiner er det beste for borna sine?
LES OGSÅ: Fana gymnas kan leve videre i private hender
Det til no siste innlegget om Fana gymnas var det altså Erling Gjelsvik som sto for i BA 2. januar i år, og eg har allereie vore inne på at eg reagerer på omtalen av både elevar og foreldre ved skulen. At mange av poenga til Gjelsvik baserer seg på gamle fordommar, avslører han sjølv ved å referere til kva Fana gymnas «historisk sett» har vore.
No er eg mest truleg yngre enn Gjelsvik ( i alle fall synes eg Ylvis er like morosame som Helge Jordahl, den einaste tidlegare Fana skoleteater-medlemen Gjelsvik synes det er bryet verdt å omtale i positive ordelag) og veit difor ikkje så mykje om kva tvilsame, silkekledde snobbar som tidlegare har frekventert skulen. Eg vel difor å tru at det ikkje er den kjekke og engasjerte elevgruppa eg møter til dagen som Gjelsvik siktar til i innlegget sitt.
LES OGSÅ: Jeg sliter virkelig med å forstå argumentasjonen for å legge ned Fana Gymnas.
Eg kjenner meg heller ikkje igjen i at Fana gymnas er utdatert (er det bygning eller pedagogikk Gjelsvik refererer til her?) og tenkjer av den grunn at Erling Gjelsvik har like liten kunnskap om kva som går føre seg innanfor veggane på Fana gymnas i 2016 som han har om elevgruppa som han omtalar som «silkeramp» og «overklassesnobbar.»
Eg kjenner Fana-elevane som ein positiv, fargerik og samansveisa gjeng, og synes dei fortener eit meir positivt, og ikkje minst fordomsfritt «lukke til vidare!» enn det Erling Gjelsvik gir dei i sitt BA-innlegg.