Gå til sidens hovedinnhold

Ulvsnesøy må då kunne bli eit kvinnefengsel?

Artikkelen er over 3 år gammel

I dagens innlegg spør Oddny Miljeteig om Ulvsnesøy kan få ei framtid som kvinnefengsel.

Debatt Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ulvsnesøy er slett ikkje berre ei øy. Ulvsnesøy er ei særs vellukka avdeling i Bergen fengsel. Ulvsnesøy legg vekt på innhaldet i soninga og kan syna til gode resultat når det gjeld rehabilitering av innsette.

Ulvsnesøy er det fengselet/den avdelinga som har flest gjennomførte eksamenar på vidaregåande og høgskulenivå.

Ei av dei viktigaste årsakene til dei gode resultata er faktisk naturgjevne. Ulvsnesøy er ei øy. Det gjev ro som hjelper dei innsette til å ta tak i problema sine – over tid. Faktisk trur eg at dette ikkje kan overførast til ei avdeling på land!

Samarbeidet mellom skule og arbeidsdrift på avd. Osterøy er godt. Har skulen ein elev som vil utdanna seg innan tømrarfaget, finn arbeidsdrifta relevant praksisarbeid. Har arbeidsdrifta ein innsett som jobbar med drivhus og hage og ynskjer opplæring innan dette feltet, ja, så vert skuletilbodet tilpassa.

Ulvsnesøy, eller Bergen fengsel avd. Osterøy har 100 % sysselsetjing. Alle fengsel vert målt på sysselsetjing, og det går ikkje an å verta betre enn 100%!

Les også:

I regjeringa si politiske plattform står det mellom anna: «Regjeringa vil styrke det kriminalistetsforebyggende arbeidet og rehabilitering av straffedømte.»

Vidare: «Regjeringen vil arbeide for et mer rehabiliterende straffegjennomføringssystem ved at det legges større vekt på innhold i soningen.»

Så vidt eg kan skjøna, vil Ulvsnesøy på mange vis kunna nyttast som eit føredøme for mange andre fengsel og fengselsavdelingar. Det sit altså god kultur i veggane. Eg har stor tru på det som sit i veggane. For det sit fastare enn ein skulle tru. Det er nesten slik at det som sit i veggane er viktigare enn dei som til eitkvart tidspunkt jobbar og bur på ein stad.

Ulvsnesøy verkar. Men no skal Ulvsnesøy leggjast ned.

Det er ikkje til å tru.

 

Sivilombodsmannen sin rapport frå 2017 « Kvinner i fengsel» seier mellom anna fylgjande:

«Sivilombudsmannen er bekymret over at flere kvinner har rapportert om uønsket oppmerksomhet fra mannlige innsatte, og mener at det er en reell risiko for seksuell trakassering og overgrep i slike situasjoner i norske fengsler.»

«En stor andel av kvinnelige innsatte har vært utsatt for seksuelle overgrep. Mange innsatte har negative opplevelser med menn.»

Sivilombodsmannen sine funn, seier Sivilombodsmannen sjølv, viser samla sett at kvinner i dag har eit dårlegare soningstilbod enn menn.

Det skuldast mellom anna fylgjande:

  • Fleire kvinnefengsel er lokaliserte i gamle og ueigna bygg.
  • Mange kvinner har eit monaleg dårlegare tilbod enn menn når det gjeld uteområde og tilbod om fysisk aktivitet
  • Kvinnelege innsette har gjennomgåande dårlegare tilgang på reell arbeidstrening enn det menn har.
  • Kvinnelege innsette har ofte andre helseplager enn menn og difor eit anna behov for helsetenester. Psykisk helsevern bør styrkjast for kvinner i fengsel.
  • Kvinner i fengsel har dårlegare tilbod om rusmeistring enn menn.
  • Kvinner som sit i kjønnsblanda fengsel har auka risiko for uynskt merksemd eller seksuell trakassering frå mannlege innsette.
  • Somme kvinner må sitja i fengsel med høgare tryggingsnivå enn saka deira tilseier på grunn av avgrensa tal fengselsplassar for kvinner.

Her er andre innlegg av Oddny Miljeteig:

Kvinnelege innsette risikerer å måtta sitja i fengsel langt frå familie og eigne born grunna for få eigna soningsplassar. Dette kan vera særleg utfordrande for born som ikkje kan reisa åleine og besøkja mor i fengsel.

Det er ikkje tvil om at det trengst fleire gode soningsplassar for kvinner. Ulvsnesøy må då kunne bli eit kvinnefengsel? Her sit god kultur i veggane, her er eit fengsel med gode resultat. Det gjev ikkje meining å leggja ned Ulvsnesøy.

Kvifor i all verda kan ikkje Ulvsnesøy bli fengsel for kvinner?

Kommentarer til denne saken