– Kven bryr seg om Haukeland sjukehus?

Ranveig Frøiland uroar seg over kutt i midlar og samanslåing av poster ved Haukeland universitetssjukehus.

Ranveig Frøiland uroar seg over kutt i midlar og samanslåing av poster ved Haukeland universitetssjukehus. Foto:

Av

I tre tiår har eg hatt gleda av å følgja utviklinga og fornyinga ved Haukeland universitetssjukehus. Det som skjer no uroar meg.

DEL

MeningerPå 90-talet var eg stortingsrepresentant, og såg korleis forfallet vart større ved sjukehusa våre. Fylkeskommunane hadde lite midlar til investeringar og vedlikehald. Dei sjukehusa som låg i Oslo og omegn ropte som vanleg høgast, og vart prioriterte når det galdt investering.

Det vart gjort ein kjempejobb gjennom utval og i Stortinget for å retta opp «skeivfordelinga.» Her i vest fekk vi ferre midlar i overføring enn dei andre regionane. Gradvis vart det endra, også Haukeland universitetssjukehus fekk sin rettmessige del. I 2002 vart Foretaksreformen innført. Sjukehusa fekk overført pengar etter ei rettvis fordeling. Styra og administrasjonen fekk sjølv ansvaret for drift og investeringar – slik alle bedrifter får.

Foretaksreforma viser at den har vore positiv for pasientane. Pasientane er viktigast. Styrene som vart valgte for sjukehusa, var ei god blanding av folk med kunnskap om samfunnet, helsearbeidarar og økonomar. Politikarar som vart med kjente lokalområdet og var samfunnsengasjerte. Nokon vil attende til at fylket skal eiga og driva sjukehusa. Då seier eg med Navarsete: «De veit ikkje kva de snakkar om.» Alle som har vore med i eit styre for ein stor institusjon, veit at ein må sjå investering og drift i samanheng. Foretaksreforma har vore til gode for pasientane.

Tenk om Høie hadde stilt krav om effektivisering samstundes som han lot vera å redusere pengeoverføringane.

Frå mai 2006 overtok eg som styreleiar i Helse Bergen. Det vart ti år med store og små gleder. Aldri har HUS investert så mykje i bygningar som dei siste åra. Aldri før har HUS behandla fleire pasientar enn dei siste åra. Sjå Mottaksklinikken som er komen på HUS – pasientane vert hurtig behandla, og ein taper pengar på at dei ikkje ligg over. Når ein ser Helsedirektoratet sine svar, gjev det ikkje mykje håp. Det går ikkje an å skriv noko om HUS utan å nemna Trond Mohn. Det er berre å takka for dei rause gåvene. Slik klarer ein å halda oppe kvaliteten på medisinsk og teknisk utstyr.

Regjeringa Stoltenberg, som styrte fram til 2013, løyvde pengar så HUS kunne bli det universitetssjukehuset ein trong for ein så stor befolkning som i Bergensområdet. Kompetansen til medarbeidarane var høg, og det var lett å få tak i kompetente folk som ville vera med på laget. Forskning og internasjonal aktivitet vart prioritert. Rus og psykiatri vart bygd opp frå nesten ingenting, til store og velfungerande klinikkar.

Regjeringa Solberg overtok frå budsjettet 2014, og fortsette å løyva pengar til HUS. Haukeland er eit veldrive foretak. Helseministre kom på vitjing, skrytte av det dei såg.

I budsjettet for 2015 kom regjeringa frå H og Frp, med støtte frå KrF og V, fram til at det var noko som heitte «effektivisering.» Det skulle bety redusert byråkratiet slik at ein kunne gje fleire tenester til pasientane. Godt tenkt, men kva skjedde? Måten regjeringa gjorde det på, var først å kutta i pengeoverføringa.

Eg er meir uroleg for eldre og kronisk sjuke, som treng alt det som i dag finst ved eit universitetssjukehus.

Effektivisering var første året eit kutt på 20 mill. Åra etter var forslaget 0,5 prosent. V og KrF tykte det vart for lite, så dei kutta litt til. For folk flest høyrer effektivisering greit ut, men her betyr det mindre overføringar for kvart år. I tillegg lovde regjeringa å auka budsjetta til sjukehus med ein milliard kvart år, som ikkje er blitt noko av.

Tenk om Høie hadde stilt krav om effektivisering samstundes som han lot vera å redusere pengeoverføringane. Då kunne ein synt kva ein kunne gjera, ikkje slik som no; kutt i tenestene.

Statsråd Høie gjorde eit anna grep som som etter mi vurdering var uklokt; reduserte antall styremedlemer i helseforetaka, og sette inn såkalla «proffe» styremedlemer. I dag er det ein politikar att i styret i Helse Bergen. Konsekvensen er at nesten ingen politikarar har lokal kunnskap om HUS. Og det er fullstendig tyst frå våre politikarar, Korkje stortings-, fylkestings-, eller kommunalpolitikarar «ropar» i media. Høie har fått det slik han vil ha det; direktør Eivind Hansen og hans folk som må ta støyten for kutt i tilbud til pasientane. Det reelle ansvaret ligg hos Høie – han slepp unna.

Når vi ser medieomtalen av Odda sjukehus og engasjementet frå lokalpolitikarane der, lurer eg på kvifor bergensarar og strilar rundt byen ikkje er oppteken av det som no skjer med kutt og samanslåing av postar ved HUS. Eg vil gjerne understreka at som pasient merkar ein ikkje så mykje til dette. Eg trur at vi som er alvorleg sjuke, får både fagleg og kyndig hjelp. Eg er meir uroleg for eldre og kronisk sjuke, som treng alt det som i dag finst ved eit universitetssjukehus.

Min uro dreier seg om at frå 2002 har ein systematisk bygd opp universitetssjukehusa til å vera svært velfungerande, med alle dei tilleggsfunksjonar ein har, i tillegg til sjølve behandlinga. Det ser ut for meg som om regjeringa saman med KrF og V tek litt og litt – dette merkast ikkje. Dessutan byggjer dei opp private helsetenester som kan ta unna noko! Når HUS no skal stramma inn budsjettet med 200 mill. kroner, vil det merkast – også for pasientane.

Og til alt overmål høyrer vi i media at talet på dei som står i kø aukar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags