Uten dugnad stopper Norge

Lokale ildsjeler løftar fjell, skriv Anne Gine Hestetun i denne kommentaren. Arnt Vikebø (t.v.) har jobbet frivillig for Tertnes siden datteren Hege begynte å spille håndball for Tertnes for snart 20 år siden. Rune Tertnes til høyre.

Lokale ildsjeler løftar fjell, skriv Anne Gine Hestetun i denne kommentaren. Arnt Vikebø (t.v.) har jobbet frivillig for Tertnes siden datteren Hege begynte å spille håndball for Tertnes for snart 20 år siden. Rune Tertnes til høyre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Bærebjelka i idretten er all den innsatsen som blir gjort ute i kommunane, skriv fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

DEL

MeningerForrige laurdag var eg så heldig å få delta på Hordaland idrettskrets sitt kretsting.

Det er fylkesordføraren sitt privilegium å få helsa kretstinget. Ordføraren i Kvam var også innom før han hoppa i Hardangerfjorden for å markere det flotte Hardangerbadet. Der måtte nok eg melda pass.

Les også andre innlegg av Anne Gine Hestetun:

Inne på Sandven var idrettsvener frå heile Hordaland samla til dugnad. Ein veldokumentert årsrapport, budsjett og reknskap vart diskutert og skulle godkjennast, nye tillitsvalde til styre og stell skal veljast.

Entusiasmen sat i veggane. Engasjementet var stort. Demokratiet blomstra. Dette var friviljug arbeid på sitt beste.

Innleiingsvis opplevde me lokale utøvarar på sitt beste. Godt trente jenter og gutar som gav oss ein flott presentasjon av det dei brenn for, idretten sin.

For Hordaland fylkeskommune er Hordaland idrettskrets ein svært viktig samarbeidspartnar. Vår visjon «Aktiv kvar dag» forutset godt samarbeid med ulike organisasjonar utanfor fylkesbygget. Vi har i mange år hatt eit svært godt samarbeid med idrettskretsen, både med omsyn til aktivitetsutvikling og anleggsutvikling. Det kjem alle som bur i Hordaland til gode.

Som paraplyorganisasjon for all idrett i Hordaland, representerer Hordaland idrettskrets knappe 200.000 medlemsskap fordelt på 814 idrettslag og 155 bedriftsidrettslag. Samla utfører de dugnadsarbeid med ein samla verdi på nærare 1,6 milliardar kroner pr år. Dette er rett og slett imponerande.

Store samfunnsutfordringar kan me vonaleg finne gode løysingar på.

Idrettskretsen sin visjon, «Idrettsglede for alle», er ambisiøs. Open, inkluderande og varige aktivitetstilbod i idrettslaga skaper sosiale fellesskap, trygge oppvekstmiljø og levande lokalsamfunn. De er den største ungdomsorganisasjonen i Hordaland, Samstundes er det naudsynt å ta fråfallet i denne aldersgruppa på alvor. Utfordringa er å ha eit tilbod til alle, frå dei som vil trene ein gong i veka til dei som vil konkurrere på høgt nivå. Alle skal med.

Olympiatoppen Vest gjer eit solid arbeid retta mot unge lovande utøvarar, toppidrettsutøvarar og deira trenarar. I år blir det mange som skal få sin velfortente honnør. Det gler me oss til.

Olympiatoppen Vest er ein avgjerande ressurs for fylkeskommunen i høve toppidrettstilbodet på våre vidaregåande skular på Voss og i Bergen. Dei gjev oss også råd på den nemnde årlege utdelinga av utviklingsstipend til unge lovande utøvarar og når me skal heidra VM og OL medaljørar på fylkestinget i desember.

Innlegget fortsetter under bildet.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Foto:

Etableringa av idrettscampus Bergen var eit viktig prosjekt for koalisjonen som tok over leiinga av Hordaland fylkeskommune ved forrige val. Me vart utfordra av idrettspresidenten sommaren 2015. Målsettinga om å etablere idrettscampus Bergen vart prioritert i den politiske plattforma. Visjonen er «Styrke i samspel». Avtalen er etablert i eit samarbeid mellom Hordaland idrettskrets, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

Målet er å styrke arbeidet idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Hordaland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og –formidling. Arbeidet er godt i gang. Det er etablert fleire prosjekt knytt opp mot 10 vedtekne innsatsområder.

Store samfunnsutfordringar kan me vonaleg finne gode løysingar på. Gode dømer er ynskje om minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag for alle i skulen samt løysa utfordringa knytt til at alt for mange elevar i den vidaregåande skulen ikkje får godkjent vitnemål på grunn av manglande karakter i kroppsøving.

Eg ser fram til Landsturneringa i fotball og handball i Bergen i september. Eg meiner mange har mykje å lære av alt det gode inkluderingsarbeidet som er gjort her vest gjennom mange år.

Ekstra kjekt er det at 3 av 4 liner ved vår fylkeskommunale produksjonsskule Hyssingen, er nytta som ressurs i planlegginga og gjennomføringa av Landsturneringa.

Bærebjelka i idretten er likevel all den innsatsen som blir gjort ute i kommunane. Idrettsråda jobbar godt.

Hordaland er som ein av seks fylkeskommunar vald ut av Helsedirektoratet til å delta i program for folkehelsearbeid i kommunane i perioden 2017-27. Fokus skal vere å fremje barn og unge si psykiske helse og livskvalitet. Seks millionar årleg skal fordelast til kommunane i Hordaland for å utvikle gode universelle og helsefremjande tiltak på dei arenaene barn og unge naturleg oppheld seg. Medverknad frå barn og unge samt tverrsektorielt samarbeid er heilt sentralt.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er det viktigaste virkemiddelet fylket har for å skape ein aktiv kvardag. Målet er idrettsanlegg som gjev eit variert og stimulerande tilbod. Målet er å bygga anlegg som inviterer til lågterskeltilbod. Samstundes må toppidretten ha gode treningsfasilitetar.

Les også andre innlegg av Anne Gine Hestetun:

Anleggsutvikling er avgjerande. Det viste engasjementet på idrettstinget. Det viser søknadsbunken.

Søknadsmengda viser at det er store lokale behov. I 2018 har me fått 355 søknader fordelt på 32 kommunar. Den samla søknadssummen er på over 500 millionar kroner.

Bærebjelka i idretten er likevel all den innsatsen som blir gjort ute i kommunane. Idrettsråda jobbar godt.

Lokale ildsjeler løftar fjell. Eg avsluttar med å senda ei stor takk til kvar og ein som bidreg.

Utan dugnad stoppar Norge!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags