No brakar det laust igjen. Butikkane blir fylte opp av oransje og svarte duppedittar som du MÅ ha for å kunne vere med på feiringa av halloween. På sosiale medier og i avisene vaknar slumrande opportunistar og frydar seg over å kunne slenge ut meir eller mindre klare meiningar og haldningar, gjerne med litt skittkasting som krydder – endeleg noko «ufarleg» å kunne meine noko om!

«Det er eit kjøpepress. Det er ikkje rotfesta i vår kultur. Kva med julebukken? Kvifor er ikkje den meir? Eller, nyttårsbukken, som visstnok er veldig rotfesta i Bergensdistriktet? Lat oss sleppe presset – me orkar det ikkje. Det er ikkje noko kjekt å få huset ramponert av eggkastande ungar. Slutt å plag oss med slike kjøpefestar. Det er ein amerikansk tradisjon som me ikkje vil ha her i landet.»

«Det er så trist for ungane som kjem til stengt dør. Det er ufint av dei som ikkje smiler og er med på dette. Me må ha reglar. Me må bli enige om kva me gjer. Uff, no blir det valgets kvaler i år igjen. Kva gjer dei andre? Kva er trenden i år? Herregud! Har eg hugsa å bestille gresskar? Skal det vere felles opplegg i gata, klassen, i lokalmiljøet? Kva skal dei andre? Kva er trenden i år?»

Kjære føresette – du har vore så heldig at du har fått ansvaret for eit barn. Dette barnet ynskjer du kun det beste for. Du vil at det skal bli eit sjølvstendig og trygt menneske som kan bidra inn i storsamfunnet. Gå og sjå deg i spegelen. Sjå deg sjølv nøye inn i augo. Det er ikkje så enkelt å vere vaksen, er det vel? Du kjenner framleis på usikkerheit og ei lengting mot å bli akseptert, sett, ja til og med beundra. Kva gjer dei andre? Nei! Få fokus attende på deg sjøl, der i spegelen. Kva vil DU?

Debatten om halloween avslørar noko i samfunnet vårt. Me er framleis i skulegarden der det er ein stadig kamp om å vere populær, ein av dei kule, ein av dei som bestemmer reglane. Du er enten ein av dei som bestemmer trenden, eller ein av dei som følgjer trenden. Men vent litt – er ikkje det å vere vaksen også å kunne bestemme sjølv?

Og om du i tillegg er så heldig at du er blitt forelder; har du då ikkje fått eit endå større ansvar for å bestemme sjølv? For å avgjere kva som er best for deg og ditt barn? Kven er det som tvingar deg til å handle inn halloweenpynt til tusenvis av kroner, til å stå og skjære ut gresskar og til å klistre opp spindelvev i det ellers plettfrie huset ditt?

Ei anna side er dette med kultur og tradisjon. Kven av dykk i kommentarfelta og Facebookgruppene veit egentleg noko som helst om bakgrunnen for halloween? Kanskje det er på tide å oppdatere seg sjølv litt – før ein synsar med sinte fjes og tåresmileyes?

Kvart einaste år har desse to tradisjonane blitt sette opp mot kvarandre. Dei som ropar ut om saknet, som ynskjer seg julebukk-tradisjonen, og ikkje vil ha noko halloween-feiring. Julebukken – DET er norsk og fint, og ikkje noko kjøpepress i det heile – seier dei. Men framleis kjem eg attende til same problemstilling: Kva vil du som forelder at dine barn skal vere med på?

Halloween eller julebukk? Ja takk begge deler, ville eg som barn ha sagt. Begge markeringane inneheld element som eg elska som barn, og som eg framleis elskar; kle seg ut, få vere ute om kvelden, få masse snop! Det er ikkje vanskeleg å forstå at ungane kosar seg. Kanskje me vaksne må skjerpe oss og ikkje lage så mykje styr av alt. Det er ikkje ungane som reflekterer over kor dyr dekor du har – det er det dine jamaldringar som gjer!

Det er du som avgjer kva du skal bruke pengar på, din energi på og ha ditt fokus på. Du avgjer kva dine born skal vere med på. Ja, det er vanskeleg. Ja, det er tøft. Nei, det blir ikkje enklare med tida. Det er du som skal ha ryggrad nok til å gjere det du synst er best. Det er faktisk ditt ansvar å lære ungane dine kva det vil seie å vere sjølvstendig, stå for eigne meiningar og å kunne motstå press.

Om du synst det er ei kjekk feiring og ein fin anledning til å gjere noko moro med ungane, kos deg! Kle dykk ut og lag skremmande dekorasjonar – det er heilt i orden, faktisk!

Og om du ikkje vil markere Halloween, så kan du kanskje nytte anledningen til å vere saman med ungane og gjere noko heilt anna? Det er heilt i orden det og, nemleg. No kan du gå bort i spegelen igjen. Sjå deg sjøl inn i augo. Kva vil DU?