Røysterett som menneskerett i 100 år

– At 17. mai-feiringa vår er alle si, trur eg vi kan takka Bjørnson og Wergeland for. Og  altså den allmenne røysteretten, skriver Oddny Miljeteig. FOTO: Emil Weatherhead Breistein

– At 17. mai-feiringa vår er alle si, trur eg vi kan takka Bjørnson og Wergeland for. Og altså den allmenne røysteretten, skriver Oddny Miljeteig. FOTO: Emil Weatherhead Breistein

Av

Dette året er det eigentlege året for å jubilere allmennrøysterett. Og det kan vi godt høgtida på sjøvaste 17. mai.

DEL

MeningerVi får ta feiringa litt på forskot. Lite grann. Og det er høveleg at vi nett 17. mai markerer at 2019 er det eigentlege jubileet for allmenn røysterett i Noreg. Denne spaltisten høgtidar meir enn gjerne røysterett for kvinner jamstelt med menn, som var det vi høgtida i 2013. Men at vi i 2013 høgtida 100 år for allmenn røysterett, det var altså feil.

Den 17. juli 1919 oppheva Stortinget paragraf 52 d i Grunnlova som sa at dersom ein borgar mottok fattighjelp, skulle ein ikkje ha røysterett, dvs. ein fekk røysteretten inndregen. Fordi ein var fattig! Regelen vart innført i 1898, samstundes med «allmenn røysterett» for menn. Eg set «allmenn røysterett» i hermeteikn nett avdi fattige fekk suspendert røysteretten sin. På det meste var 47.500 personar utestengde frå å røysta i den perioden «fattigregelen» gjaldt. Dette var drygt fire prosent av dei røysteføre.

«Suspensjon av stemmeretten til fattige ble et utrykk for sosial urettferdighet. At bestemmelsen, som ble enstemmig innført uten debatt eller motstand i 1898, ble fjernet nesten like selvfølgelig og helt enstemmig bare 21 år senere, hang sammen med de store endringene i synet på sosiale spørsmål, sosialhjelp, individets og menneskets verdighet og folkestyrets karakter i tiårene rundt 1900.»

Sitatet har eg funne på Stortinget si nettside. Eg vil tru at ikkje minst arbeidarrørsla sin framvekst og borgarskapets frykt for radikale straumdag i store delar av folket, var sterkt medverkande. I 1919 var heilt nyleg tsaren i Russland kasta frå trona av bolsjevikane, og Rosa Luxemburg verka for fullt i Tyskland. Til dømes.

«Vedtaket i 1919 var viktig fordi det først var fra da sosial og økonomisk status eller personlige egenskaper ikke lenger var det som avgjorde hvem som fikk lov til å stemme eller ikke. Dermed ble retten til å stemme en menneskerett i Norge,» seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen. Røysteretten vart altså ein menneskerett for 100 år sidan. Det er verd ei heil 17. mai-feiring i seg sjølv! Og då på vår måte i Noreg.

At 17. mai-feiringa vår er alle si, trur eg vi kan takka Bjørnson og Wergeland for. Og altså den allmenne røysteretten. Barnetog, ikkje militærparadar, det er vår feiring av Grunnlovsdagen. I Bergen har vi ikkje mindre enn to store prosesjonar – ja, og jamvel morgenprosesjonen attåt. Det heiter prosesjon i Bergen. Og så tog på ettermiddagen, når heile byen feirar dagen på skulane kringom i kommunen.

17. mai sameiner. Audun Hetland sitt trykk med tittelen «Første og søttende mai» har fanga nett det. Ei skilsetjande oppleving for meg var fyrste gongen heile familien var på 17. mai-feiring på Kronstad skule. Då opplevde eg verkeleg at eg budde i eit grannelag, ja, ikkje langt frå fellesskapen i barndomsfjorden. Band vart knytte for meg, mellom den grisgrende barndomsfjorden og Noregs nest største by. Eg trur at for fyrste gong kjende eg på ein varm identitet som bergensar.

(Fortsetter under bildet)

Oddny Irene Miljeteig.

Oddny Irene Miljeteig. Foto:

Same kvar vi bur, vi høgtidar i grunnen 17. mai likt. Det er barnetoga, det er talar, det er tog/prosesjonar, det er leikar og premiar for born og vaksne, ubegripelege mengder is for borna – og dei vaksne. Innanlands og utanlands, for den del. Vårt nesten tre-årige barnebarn meiner ho skal greia å eta fem is på 17. mai – og det kan det godt henda at ho får til!

17. mai er ein dag for fridom og frigjering. På Facebook i går fann eg biletet av ei fantastisk fane. 17. mai-fana frå konsentrasjonsleiren Dachau i 1945: «17. mai i Dachau i 1945 må ha vært en spesiell begivenhet. Min bestefar var en av dem som var til stede etter å ha blitt frigitt 29. april 1945», skreiv David R. Skjoldheim. Og han skreiv vidare: «Sitat fra Dachaukommiteens hjemmesider: «Det var skredderverksted i leiren, og symaskiner og rikelig med flaggstoff. Tre av de norske karene - Arne Arnesen, Peder Tarlebø og Torbjørn Øvsttun – sydde en frihetsfane med innskriften «Dachau 17. mai 1945». Fanestangen var et kosteskaft og snorene portierebånd fra et SS-oppholdsrom.» 17. mai ble behørig feiret på appellplassen i leiren. Den norsk-amerikanske øverstkommanderende holdt 17. mai-tale. Aldri har vel Norges grunnlovsdag blitt feiret på en slik plass, under slike omstendigheter og i en slik glede. Fanen henger i dag på Bergenhus festningsmuseum.»

Aldri har vel eit kosteskaft hatt ei meir høgvyrdeleg oppgåve enn å bera fridomsfana frå 17. mai i Dachau!

I år skal eg til heimefjorden og halda 17. mai-talar – på Baugstranda og i Åkra. Bunaden er til ut-sying hos ei som er meister med nål og tråd, og eg har sommarfuglar i magen sjølv om eg er 64 og eit halvt. Regjeringa Solberg, ved den førebels siste justisministeren i rekkja, har tillyst væpna politi alle stader. På ein tidlegare væpna 17. mai brukte politiet vit og forstand og bar våpna sine med diskresjon. Eg ser ikkje heilt for meg at lensmennene i barndomsfjorden stiller fullt væpna på Baugstranda, i Åkra, Fjæra og på Markhus. Vi må gjera alt vi kan for å halda på 17. mai som ein ekte fridomsdag som fyrst og fremst er borna, dei komande slekter, sin dag.

Eg vil ha bjørkelauv heller enn bandolær og ringlande søljer heller enn skytevåpen. I ein god månad no har Bunadsgeriljaen farga landet med bunaden som kampuniform for trygge føde- og barselsforhold for kvinner. Det gjer ingenting gale om vi sender Bunadsgeriljaen ei helsing, alle vi hundretusenvis av kvinner (og menn) som trekkjer i bunadsstas den 17. mai – og alle andre. Så unner vi aktivistane i Bunadsgeriljaen at dei oppnår måla sine – og at dei får eta så mykje is dei berre vil.

Gratulerer med 100-årsjubileet for røysteretten som menneskerett! Hjarteleg til lukke med Grunnlovsdagen den 17. mai!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags