Takk for at eg fekk vera folkevald

– Eg har vore bystyrepolitikar på fast plass i 20 år og åtte år som vara. Eg har tenkt i vekevis og               månadsvis på for eit privilegium det har vore, skriver Oddny Miljeteig som nå takker av som bystyrepolitiker. Foto: BA Arkiv

– Eg har vore bystyrepolitikar på fast plass i 20 år og åtte år som vara. Eg har tenkt i vekevis og månadsvis på for eit privilegium det har vore, skriver Oddny Miljeteig som nå takker av som bystyrepolitiker. Foto: BA Arkiv

Av

I dag er siste dagen eg sit på kontoret i Magistraten og skriv spalte. Det er ein merkedag for meg og eg må få takka så uendeleg mykje.

DEL

Meninger I dag

Om sju tusen år

er denne klokka

berre eit minutt

for sein,

seier vitskapsmannen

stolt.

Sju tusen år

og berre eit minutt

for sein ...


Kva skil det meg

om klokka er eit minutt

for sein

om sju tusen år?


I dag byggjer staren

reir under taket vårt.

Hyllen blømer ved stabbursveggen

og hagen er kvit av kirsebærblom.


I dag nynnar ei kvinne

på badet.

kva skil det meg

om klokka er eit minutt for sein om sju tusen år?


Halvor J. Sandsdalen skreiv mange fine dikt. Dette er kanskje det aller finaste. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har teke det med i innleiingar og helsingar.

Det å vera bystyrepolitikar høyrest gjerne kvardagsleg ut. Ja, det er i så fall nett det det skal vera. Eg har fått vore bystyrepolitikar på fast plass i 20 år og åtte år som vara. Seksten år har eg fått vore gruppeleiar for Sosialistisk Venstreparti i Bergen bystyre. Eg har tenkt i vekevis og månadsvis på for eit privilegium det har vore.

Vi bystyrepolitikarar er folkevalde – ikkje berre av partiorganisasjonen som har nominert oss, men også av dei som har røysta på SV – og dei som ikkje har røysta på partiet, men har «slengt» oss frå ei anna liste. Eg kjenner at det kvelvar seg ein folkestyrets himmel over det å vera folkevald. Nett som Halvor J. Sandsdalen kvelvar ein himmel over kvardagen her og no. Vi må sjå det store i det små. Alltid. All stor poesi er runnen av evna til å sjå det universelle i det nære. Lokalpolitikken på sitt beste er nett det.

I Oslo har dei direktevalde bydelsstyre, elles i norske kommunar er det kommunestyret som er dei grasrot-tillitsvalde. Bergen er diverre den mest sentralstyrte norske kommunen sidan vi ikkje har bydelsdemokrati, men derimot parlamentarisme utan bydelsdemokrati. Vonleg vil bydelsdemokratiet også finna ein varig heim i byen mellom dei sju fjell, sjølv om fleire bystyre har tulla det godt til.

Ordet

Kva hjelp det å syngje

som elv i det aude?

Kva hjelp det å kynge

med klokker for daude?


Kva hjelp det å skapa

all venleik i verda,

når Ordet lyt tapa

for svolten og sverda?


Slik undrast og spør vi

i modlause stunder.

Men hugse det bør vi:

Eit ord er eit under.


Dei gløymest dei gjæve,

og alt det dei gjorde.

Men livet er æve.

Og evig er Ordet.

Eitt av Tor Jonsson sitt mest kjende dikt. I dag vil eg tileigna dette diktet det lokale folkestyret. Den demokratiske samtalen, eller ordet, er folkestyrets adelsmerke. Eit ord er eit under, seier Tor Jonsson.

Ja, eit ord er eit under, især når det nedkjempar svolten og sverda. Eit ord er eit under når det når frå ein avsendar til ein mottakar og begge kan nikka attkjennande og har forstått det på (nesten) same vis. Eg har hatt mange slike demokratiske samtalar i mine år som folkevald. Men slett ikkje berre. Når saker vert behandla i ekspressfart, når vi tel røyster på eine og hi sida og slår fast at det eine standpunktet allereie har vunne, så det er ikkje vits i samtale – då er det gjerne effektivt, men demokratiet har tapt ein liten strid. I alle fall ikkje vunne.

I dag er siste dagen eg sit på kontoret i Magistraten og skriv spalte. Det er ein merkedag for meg, i grunnen ikkje for så mange andre, men for meg. Eg må få takka – så uendeleg – for kvar dag eg har fått vera folkevald. Då må det poesi til, og eg avsluttar med endå eit dikt av Tor Jonsson i det eg ynskjer lukke til til alle bystyre som skal kome i denne verdas beste by for oss. Hjarteleg takk!

Til ein namnlaus

Kven skal eg takke

for det eg fekk sjå

sola gå under

og berga bli blå?


Kven skal eg takke

for all denne æra

i dette å gå her

å vera og vera –


Kven skal eg takke

for det eg fekk li

så gleda fekk grunn

å røte seg i?


Skogen har gøymt meg

og jord har eg femnt,

men kven eg skal takke

har ingen nemnt.


Det bleka mot blånar

i nattsvarte brunn,

men takken låg blodlaus

som bøn i min munn.


Kven er du, gjevar?

Kvi teier du still?

Di ordløyse fører

ein vantru vill.


Du namnlause gjevar,

eg får ikkje fred

før eg kan takke

for alt som laut skje –


Men kjem du kje nær meg

så takkar eg henne

du gav meg for det eg

skal brenne og brenne.

Ei dagbok for mitt hjarte, 1951


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags