Gi oss færre politifolk!

Spaltist Jørund Vandvik meiner det er galt å prioritera fleire politifolk i verdas tryggaste land.

Spaltist Jørund Vandvik meiner det er galt å prioritera fleire politifolk i verdas tryggaste land. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kvifor i all verda vil ledande politiske parti auka tilsette i staten innan eit område med fallande aktivitet, spør Jørund Vandvik.

DEL

MeningerHøgres Peter Christian Frølich garanterer 1500 fleire politifolk dersom Høgre får regjera vidare etter valet. Det syntes eg var ein god ide, heilt til eg tok til å sjå på kriminalstatistikken!

Frølich sto fram i BA søndag 27. september med plakaten «Høyre skal ansette 1500 i politiet», med påskrifta «Garanti». Nestleiar Hadia Tajik i Ap er ikkje snauare i sin kommentar til utspelet frå Høgre, 1500 er visstnok eit minimum dersom dei får innta regjeringskontora.

Flott, tenkte eg, at me har slike unge, flinke og handlekraftige politikarar! Politikarar som ikkje berre pratar, men grip fatt i den dystre kriminalitetsutviklinga. Vold, ran, drap og tjuveri florerer, og folk kan ikkje lenger føla seg trygge. Ikkje klarer politiet å oppklara dei stadig aukande mengdene med anmeldte saker heller.

Les også andre innlegg av Jørund Vandvik:

Her var det berre til å trykka «like» og legga på smilefjes! Interessa var også såpass vekt at eg ville ta ein liten tur innom tilgjengeleg statistikk, for å sjå kor begredeleg utviklinga har vore – før Peter Christian eller Hadia får ordna opp.

Statistikken frå Statistisk Sentralbyrå var detaljert og god, men viste ikkje det eg hadde forventa. Kriminaliteten i Norge går ned, ikkje opp. Den går ikkje berre ned, den går kraftig ned: Medan det i perioden 1998 til 2003 var nokon-og- nitti anmeldte lovbrot pr. 1000 innbyggarar, har talet falle jamnt etterpå, og var i 2016 komme ned i 64,5. Ein dramatisk nedgang i kriminalitet, istadenfor auke. Anmeldte eigedomstjuveri er nede i 20 pr. 1000 innbyggarar, det er ei halvering sidan 2003. Nivået på rusmiddellovbrot ligg på all-time-low. Valdsnivå har ikkje hatt nedgang, men har vore stabilt på 2000-talet. Det einaste området som viser ein svak oppgang er talet på anmeldte seksuallovbrot.

Kor var all kriminaliteten til alle innvandrarar, asylsøkarar og aust-europeiske tjuveribandar blitt av?! Sylvi, har du berre tulla med oss?

Men ein ting er all kriminalitet samla, ingenting er jo så alvorleg som den alvorlegaste kriminaliteten, drap. Den må iallefall ha gått opp! Men nei, den har også falle jamnt (med unntak av 2011-terroren): Mellom 1980 og 2000 låg nivået på 30 - 50, i 2016 var nivået 27, og folkemengda har auka i mellomtida. Godt under eit drap pr. 100 000 innbyggarar i Norge, mot seks i USA.

BA-spaltist Jørund Vandvik har vært administrerende direktør i Nordea Liv, og er tidligere politifullmektig og aktor i Bergen.

BA-spaltist Jørund Vandvik har vært administrerende direktør i Nordea Liv, og er tidligere politifullmektig og aktor i Bergen. Foto:

Og før du seier «ja, men oppklaringsprosenten er jo så låg i Norge» rekk eg akkurat å komma deg i forkjøpet med statistikk også for den. Og du har nok allereie tippa resultatet: Oppklaringsprosenten har gått opp. Medan det er færre lovbrot pr. tusen innbyggarar, er det fleire «sikta» (tiltalte, enkelt sagt) pr. tusen innbyggarar. Færre lovbrot, fleire oppklaringar.

Kriminalitetsutviklinga er med andre stikk motsett av det ein får inntrykk av ved å lesa aviser, og ved å lytta til enkelte politikarar som rører godt rundt i gryter med mykje grums i.

For ikkje å snakka om Facebook, der folk framleis godtruande spreier bilete av skumle folk frå «Hjemme Alene 2», med melding om at desse austeuropearane er observerte snikande i nabolaget.

Så kvifor i alle verda vil leiande politiske parti auka tilsette i staten innan eit område med fallande aktivitet? Om du er leiar for ei bedrift der innkommande telefonar til callsenteret fell sterkt, ville styret ha tilkalt folk i kvite frakkar om du foreslo å auka bemanninga på det same callsenteret! Eg ser at «politireformen» tidvis blir brukt som argument for at ein treng fleire folk til etaten, men dersom så er tilfelle er jo heile reformen ein einaste stor skandale.

Så difor seier eg: Gi meg ein politikar som vågar å seia at me bur i verdas tryggaste land, og at det nå er blitt så trygt at me treng færre politifolk. Så får me heller råd til å bygga og driva fleire sjukeheimsplassar - det trengst!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags