– Må vi ha dette kaoset heilt til ny E16 er ferdig?

Kvar gong E16 rasar, vert det kaos i Hardanger. Veien på utbetras no, skriv Vigdis Reisæter. Arkivfoto: Magne Turøy

Kvar gong E16 rasar, vert det kaos i Hardanger. Veien på utbetras no, skriv Vigdis Reisæter. Arkivfoto: Magne Turøy Foto:

Av
DEL

MeningerEg bur i Kvanndal, og ynskjer meg gul midtstripe på FV 7 frå Granvin til Øystese. Vi har over mange år levd med at så snart E16 stenger mellom Voss og Trengereid, så er det kaos i Hardanger. Må vi ha det slik heilt til ny E16 er ferdig?

Det toppa seg førre torsdag då E16 vart stengt og nytt kaos oppsto. Kritikken mot Statens Vegvesen (SVV) om mangelfull handtering kom raskt. I avisa «Hordaland» kunne vi lesa laurdag 1. september, at vegvesenet skulda mellom anna på urøynde sjåførar. Eg posta på deira facebookside ein kommentar til kritikkhandteringa. Mitt argument var det meiningslause med å skulda på sjåførane når vegen er problemet. Eg meinte det var på sin plass å leggja seg paddeflat, og etterlyste ei årsaking. Dei har for så vidt gitt svar, om ikkje akkurat lagt seg flat. Men, svar på det siste spørsmålet mitt manglar: Kva skal skje med FV7 i framtida?

La oss dela spørsmålet i to. Det første må handla om kva vegvesenet kan gjera medan vi ventar på den gule midtstripa. Pengane først: Eg tek det for gitt at vegvesnet kvart einast år fører ein kamp i interne budsjettprosessar for å få løyvd pengar til oppgradering. Det må då koste skjorta alle ekstraordinære kostnadane som kjem i løpet av året på grunn av ein rasande E16.

Så til krisene: Her har dei no lova at dei skal ha dirigentar på plass med ein gong E16 vert stengt. Det er bra, men sjølv med dirigentar i Granvin, Kvanndal, Ålvik, og Fyksesund på plass, så kan dirigeringa handterast på ulike måtar. Dei seinare erfaringane er at alt blir stoppa, og med lange kolonnestrekk blir det lenge å venta.

Eg er overtydd om at det finst løysingar som vil fungere betre. Det andre er spørsmålet må vera korleis vi kan få midlande som trengs til den gule midtstripa? Det er eit politisk spørsmål. Når vegvesenet ikkje kunne svara meg på ståande fot; kan det ha med å gjera det ikkje er nokon plan? Svaret må dei leita etter i budsjett og oppdragsbrev frå staten. Guden over alle Gudar her må vera Nasjonal Transportplan (NTP), og kven vedtek den? Stortinget.

Problemet er om desse utbetringane må inn i NTP. Då er eg redd det aldri kjem til å skje noko som helst. Tunge politiske drakampar kjenneteiknar det som skjer før prosjekt kjem inn i

NTP. Utan at eg er politikar, eller har stor innsikt i samferdselspolitikk, så er eg redd at FV7 blir for eit lite prosjekt å rekna.

FV7 må utbetrast no. Utan klarar vi ikkje å handtera alle vanskane me veit me kjem til å møte i tida framover; verken før eller under utbygging av E16. Vi kan ikkje leva med å berre ha ein veg aust – vest. Reven ristar på hovudet. Dette er eit politisk ansvar – uavhengig av kva ein meiner om Hordfast. Det må kunne gå an å å samle seg tverrpolitisk om oppgradering. Det vil gjere ventetida på ny E16 mindre smertefull. Hordalandspolitikar i kommunar, fylket, Storting og Regjering ta ansvar! Det har vore taust altfor lenge om FV 7!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags