Narkotrollet er laust

Tunge misbrukarar høyrer under helsevesenet, men dei andre, som fungerer godt i arbeidsliv, studier og politikken, har ingenting i helsevesenet å gjera, skriv Jørund Vandvik.

Tunge misbrukarar høyrer under helsevesenet, men dei andre, som fungerer godt i arbeidsliv, studier og politikken, har ingenting i helsevesenet å gjera, skriv Jørund Vandvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tanken om at dei tunge misbrukarane skal få hjelp og ikkje straff, er god. Men der er me jo allereie, skriv Jørund Vandvik om Stortinget si omlegging av norsk narkotikapolitikk.

DEL

MeningerEg trur det har gått under radaren for folk flest, iallefall dei eg snakkar med, men Stortinget vedtok før jul å avkriminalisera bruk av narkotika. Ikkje berre bruk av «lette» stoff som marihuana, men av all narkotika.

«Det er viktig å presisere at vi ikke legaliserer cannabis og annen narkotika, men vi avkriminaliserer», seier Sveinung Stensland i Høgre, nestleiar i Stortingets helsekomité. Herr Wilkinson i SV seier vedtaket er ein marsjordre til regjeringa om å starta arbeidet med å flytta reaksjonen på narkotikabruk frå rettssal til helsevesen.

Folk skal behandlast som sjuke, ikkje som kriminelle.

Folk flest, meg sjøl inkludert, ser ingen skilnad mellom å «legalisera» og «avkriminalisera». Bruker du narkotika - alle former for narkotika – skal du ikkje lenger straffast, punktum. Då er det i mi språklege verd lovleg, det er legalt. Det er eit drastisk vedtak, og bak dette må ligga eit syn på at norsk narkotikapolitikk har feila. For Norge ligg høgt på statistikken over narkotikadødsfall, og til og med ungdomspolitikarar i konservative Høgre blir nå og då tatt med ulovlege sneipar i munnen.

Les også flere innlegg av Jørund Vandvik:

Dødsfall som følge av rusbruk er tragiske, anten det er snakk om overdose av narkotika, eller andre typar dødsfall. Men er det nødvendigvis ein samanheng mellom norsk narkotikapolitikk og det høge talet på overdosar?

Her spelar to forhold inn. For det første må ein sjå på måten statistikken blir samla inn på. Norge er «flinkisen» i klassen, skal data samlast inn så samlar ein inn data. Eit overdosedødsfall blir i Norge klassifisert som eit overdosedødsfall. I Hellas er overdosedødsfall forbunde med så stor skam at familiar ofte får legen til å oppgi ein annan dødsårsak. Og i Portugal, som har gått same vegen som Norge no skal, innrømmer ein også at historiske data for overdosedødsfall er mangelfulle.

Heroin, ecstacy, kokain, hasj og all verdas syntetisk dop: Det er fritt fram. Tjoho!

Det er med andre ord ikkje mogleg å plassera Norge på toppen av overdosestatistikken, så lenge ein ikkje veit om målemetodar og innsamling av data er dei same. Vidare er hovedgrunnen til dei altfor mange overdosedødsfalla i Norge at heroin her blir sett med sprøyter, ikkje røykt. Og røyking av heroin, nei det vil ikkje helseminister Høie tillata på Straxhuset på Laksevåg. Dei stakkars menneska i fotgjengarundergangane på Laksevåg får hjelp av det offentlege til å setja sine sprøyter, men ikkje til å røyka – som altså ville ha hjelpt.

Tanken om at dei tunge misbrukarane skal få hjelp og ikkje straff, den er god. Men det er jo der me er allereie, du får hjelp av det offentlege både til å setja sprøyter og til å gå over på metadon. Eg har ikkje høyrt om at Politiet ligg i buskane og tar brukarane når dei forlet Straxhuset. Denne gruppa av misbrukarar høyrer alt under helsevesenet, ikkje under kriminalomsorga.

Jørund Vandvik er spaltist i BA.

Jørund Vandvik er spaltist i BA. Foto:

Det er ikkje slik at alle som prøver narkotika til slutt havnar i tungt, hjelpetrengande misbruk. Men ein del av dei vil gjera det. I dag er den moglege reaksjonen frå det offentlege straff: Det er ikkje lov å bruka narkotika i Norge. Samfunnet vårt er bygd på at trussel om straff får oss til å unngå handlingane som fører til straff. Me hadde vel alle køyrt litt fortare om me aldri fekk bot for å køyra for fort?

Les også flere innlegg av Jørund Vandvik:

Dei tunge misbrukarane høyrer under helsevesenet, det er bra. Men dei andre brukarane, dei som fungerer godt i arbeidsliv, studier og politikken, dei har jo ingenting i helsevesenet å gjera. Dei heiter både Preben og Didrik. Dei veit at bestikket skal brukast utanfrå og innover. Dei kjenner skilnaden på cortado og macchiato. Dei har ingenting i helsevesenet å gjera, allefall ikkje før misbruket eventuelt har utvikla seg. For det vil det jo gjera for nokre av dei. Så inntil dei blir ei sak for helsevesenet er det fritt fram, bruk av narkotika er avkriminalisert.

Bak den avkriminaliserte bruken finn ein framleis gjengar, mafia og terrororganisasjonar.

Politiet vil ikkje legga to fingrar i kors for å stansa deg. Og helsevesenet bryr seg ikkje, du er ikkje sjuk. Du er ikkje sjuk, du er ikkje skurk. Dette er den nye norske narkotikapolitikken. Heroin, ecstacy, kokain, hasj og all verdas syntetisk dop: Det er fritt fram. Tjoho!

I enkelte statar i USA har ein legalisert bruk av cannabis (marihuana og hasj), og det blir bygd opp ein lovleg leverandørindustri. Lovlege farmar, og lovleg distribusjon. I Norge er det berre bruk som blir avkriminalisert. Bak den avkriminaliserte bruken finn ein framleis gjengar, mafia og terrororganisasjonar. Desse må jo jubla over det nye vedtaket i Stortinget. Rett nok har Stortingsfleirtalet sagt at arbeidet mot «bakmennene» skal styrkast. Det kan ein jo tru på om ein vil, eg gjer det ikkje - til det har eg høyrt uttrykket brukt for ofte.

Narkotrollet er laust.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags