– Sosialhjelpssatsane i Bergen er ikkje til å leve av

Fattigdom er ikkje, har aldri vore og kjem aldri til å bli fridom. Fattigdom er tvang, skriv Oddny Miljeteig i dagens spalte.

Fattigdom er ikkje, har aldri vore og kjem aldri til å bli fridom. Fattigdom er tvang, skriv Oddny Miljeteig i dagens spalte. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Eg er ein lukkejeger. Det håpar eg at du også er.

DEL

SpaltistVi er laga slik, vi menneske, at vi generasjon etter generasjon prøver å oppnå det beste for oss sjølve og borna våre, nett som foreldra våre og generasjonane før dei og oss.

Mennesket har ein enorm vilje til å overleva. Vi kan sjå oss om oppetter berg og lier når vi reiser fjord- og dalalangs og sjå tufter og far der menneske har funne seg utkome – og i alle fall overleving.

Livet har fare fint med meg. Eg vaks opp med foreldre som ikkje visste det beste dei skulle gjera for meg, med besto i hi stovo og i etterkrigstid som baud på framgang. Eg skulle få utdanning. Det hadde aldri foreldra mine fått, og dei såg med glede og forventning på at einebarnet kunne gå strake vegen gjennom kva utdanning som helst – avdi Statens lånekasse for utdanning gjorde at også vi frå trongare kår kunne velja kva vi ville bli.

Les også andre innlegg av Oddny Miljeteig:

Ein fridom vart bydd meg som ingen av mine formødrer og forfedrar nokon gong kunne ha drøymt om. Fridom – seier du gjerne? Ja, fridom. Å kunna velja er den viktigaste forma for fridom, er det ikkje? Eg kom i rett tid, i min familie i heimefjorden. For somme er deira tid enno ikkje komen, og fattigdommen har vore fylgjesvein også i det moderne Noreg.

Dei fattige er ikkje late eller unnasluntrarar. Dei har ryggsekker med seg som svært mange av oss slepp å bera. Men: Dei har for lite pengar.

I Noreg veks 101.000 born opp i fattige familiar, i Bergen i alle fall 4.700.

I dag skal vi i bystyret ha oppe ei sak om fattigdom i Bergen. «Kunnskapsgrunnlag for sosialtenesta» heiter saka. Men det er fattigdom det handlar om.

I dag er det ikkje dei mange som er fattige, slik det var på 1930-talet og like etter krigen.

No har det store fleirtal av oss gunstig økonomi. Det gjer det dess verre for dei som faktisk lever i fattigdom, eller «vedvarande låginntekt» som det no heiter i nytale frå Statistisk Sentralbyrå og regjering og den slags. Det finst eit unntak frå nytalen: «Barnefattigdom».

Det er eit patroniserande omgrep. Det impliserer at foreldre/føresette ikkje tek vare på borna sine slik andre foreldre gjer. Det handlar om skiljet mellom «verdige» (borna) og «uverdige» (foreldra) trengjande. Slik det gjorde før sosialomsorgslova (1964) si tid. Somt sit diverre hardnakka i veggane. Det gjer den borgarlege hangen til patronisering over fattigdom. I dag gjer SV si bystyregruppe framlegg om at Bergen kommune ikkje meir skal nytta omgrepet «barnefattigdom.» Born er ikkje fattige – det er foreldra/dei føresette som er fattige. I Noreg veks 101.000 born opp i fattige familiar, i Bergen i alle fall 4.700.

På landsplan er talet tredobla sidan 2001.

I saka bystyret behandlar i dag står det ingenting om korleis det er å leva i fattigdom år ut og år inn. Eller koss ein skal koma seg ut or fattigdom. Det er ikkje slik at alle kan arbeida seg ut or fattigdom. Ikkje alle har helse til det. Dessutan er det mikroskopisk, talet på arbeidsgjevarar som gjev dei med «restarbeidsevne» ein sjanse. Det er gale nok å ha framandlansk etternamn. Då taper du godt som alltid mot oss med norskklingande namn.

Korleis kan velferdskommunen bøta på skadane av fattigdom, og korleis kan vi leggja til rettes for at også fattigfolk skal kunna oppleva tru på endring? spør Oddny Miljeteig i dagens spalte.

Korleis kan velferdskommunen bøta på skadane av fattigdom, og korleis kan vi leggja til rettes for at også fattigfolk skal kunna oppleva tru på endring? spør Oddny Miljeteig i dagens spalte. Foto:

Visste du at 12 prosent av dei som mottok sosialhjelp i 2017 i Bergen hadde arbeid som hovudinntekt? 15 prosent av einslege forsørgarar sameleis? Ser vi framveksten av «working poor» i Bergen, er det deltidas tvangstrøye, sosial dumping, lausarbeidarsamfunnet som held desse sosialhjelpsmottakarane nede? Eg veit ikkje. Men det er ikkje mykje fridom i ei arbeidslinje som ikkje har plass for fattigfolks restarbeidsevne. Høgrepartia vil by dei si gamle devise: Tvangsarbeid for sosialhjelp. Dei let som om det er noko nytt, men dette er klassesamfunnets styggaste behandling av dei som ikkje kjem seg i vanleg arbeid. Vilkår for sosialhjelp har ein alltid kunna stilt, så Høgre og Frp si kolsviartru på arbeidsplikt må vera ei overtyding over at det å stilla vilkår er «for snilt».

Det er beinhardt å leva i økonomisk ufridom.

Det plar vera Unge Høgre & Co som får tura fram med arbeidspliktsforslaga, direkte frå guterommet og gjerne med høgborgarleg sosiolekt. Denne gongen er det vaksendrepresentantane på høgre fløy som «tek ansvaret.» Den manglande anstendigheta har flytta seg frå ungdommeleg einvise til vaksen alders samfunnsidentitet. Det er ikkje vakkert. Men det har aldri vore vakkert når høgresida har trødd fattigfolk ned.

Bergen sine sosialhjelpssatsar er ikkje til å leva av. I alle fall ikkje leva eit liv som gjer at ein kan planleggja økonomien sin. I dag gjer SV framlegg i bystyret om at byrådet må rekna på korleis eit konkret månadsbudsjett går opp for satsane kommunen byr sosialhjelpsmottakarar. Såpass respekt må vi ha for fattigfolk! Og dei er det no fleire av.

Les også andre innlegg av Oddny Miljeteig:

Etter at stortingsfleirtalet har redusert trygdeutbetalingane (ja, også for barnefamiliar), merkar sosialtenesta i Bergen at trygdenivået ikkje strekkjer til – for endå fleire enn før.

Det er beinhardt å leva i økonomisk ufridom. Avdøde professor Kjell Underlid skildra i boka si «Fattigdommens psykologi» korleis fattigdom fører til avmakt, psykiske og fysiske plager. Korleis kan velferdskommunen bøta på skadane av fattigdom, og korleis kan vi leggja til rettes for at også fattigfolk skal kunna oppleva tru på endring? Det nyttar i alle fall ikkje å halda fattigfolk nede i tvang, mistillit og stigmatisering!

Fattigdom er ikkje, har aldri vore og kjem aldri til å bli fridom. Fattigdom er tvang. Den slags tvang skulle ikkje Bergen ha halde innbyggjarar i i 2018.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags