Byutviklarane har glemt ein ting: Det regnar nærmare tre meter i året i Bergen

Sjeldan sol: – Arkitektar og entustiastiske bytutviklarar kan ikkje forstå at folk ønsker å handla i eit kjøpesenter istadenfor i sentrum. Tre meter med regn, ovanfrå, frå sida, nedanfrå, kuling og vrengte paraplyar er ein av fem grunnar, skriv spaltist Jørund Vandvik.foto:  emil w. breistein

Sjeldan sol: – Arkitektar og entustiastiske bytutviklarar kan ikkje forstå at folk ønsker å handla i eit kjøpesenter istadenfor i sentrum. Tre meter med regn, ovanfrå, frå sida, nedanfrå, kuling og vrengte paraplyar er ein av fem grunnar, skriv spaltist Jørund Vandvik.foto: emil w. breistein

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kvifor vil ikkje alle bu og handla i sentrum? Her er mi liste over elefantar i byutviklingsdiskusjonen, og dei eigentlege årsakane til problemet, skriv Jørund Vandvik.

DEL

DebattEg har nett deltatt på «Bergenskonferansen» om utvikling av Bergen som by. Eit interessant tema som engasjerer, og denne gong med «byspredning» og manglande vekst i Bergen sentrum som tema.

Kvifor vil ikkje alle bu i sentrum? Kvifor vil ikkje alle handla i sjarmerande, tronge smau i sentrum? Kvifor handlar dei istadenfor i usjarmerande, innelukka kjøpesenter i Åsane, Fana, Loddefjord og Arna?

Temaet er interessant. Og eg klarer å bita i meg irritasjonen over at dei fleste byutviklingskonferansar i Bergen handlar om Bergen sentrum. Me som av ulike grunnar har prioritert eit liv utanfor Sentrum, må mest orsaka oss for våre val. Og eg klarer å bita i meg irritasjonen over at byutviklingsbyråd Tryti fleire gonger omtalar Åsane som ein «bilrasert» bydel.

Harde ord om ein bydel der eg og 41.000 andre lever og trivst. Og eg klarer å legga til sides spørsmålet om kor berekraftig det er, at alle som nå eingong bur i utkanten av byen, på død og liv skal reisa eins ærend til sentrum for å handla - slik i det daglege? Så eg bit i meg irritasjonen, og tar temaet på alvor: Kvifor vil ikkje «alle» bu og handla i Bergen sentrum?

Les også andre innlegg av Jørund Vandvik:

Svaret på dette er ikkje enkelt, men det slår meg at det er ein del elefantar i konferansesalen. Elefantar i meininga den eigentlege årsaken til eit problem, men som ikkje blir nemnt. Og som alltid, om ein ikkje diskuterer den eigentlege årsaka til eit problem er det ikkje lett å løysa problemet. Her følger difor mi liste over elefantar i byutviklingsdiskusjonen:

Elefant 1: 3000 millimeter med regn.

Eg har møtt ein god del arkitektar gjennom mitt tidlegare arbeid, og ein fellesnemnar for dei er at dei elskar italienske byar. Tronge gater med fleire hundre år gamle bygningar i pastellfargar, opne plassar med espressobarar tett i tett, lokale slaktarar og skinkeselgarar, skreddaren i bygget ved sida av.

På kjøpesenteret er det like tørt og varmt som i ein italiensk småby.

Ja, det er ikkje berre arkitektar og byutviklarar som elskar italienske byar, eg gjer det sjøl også. Særleg når temperaturen om kvelden er som ein god norsk sommar, og gatene kryr av liv. På Powerpoint-presentasjonar til norske arkitektar og byutviklarar kryr det også av folk i gatene. Og sola skin - alltid ... For det er jo elefanten i rommet: Sola skin sjeldan i byen vår, det regnar nærmare tre meter i året, litt avhengig av kor du bur.

Arkitektar og entusiastiske byutviklarar kan ikkje forstå at folk ønsker å handla i eit kjøpesenter i Åsane, istadenfor i Bergen sentrum. Tre meter med regn, ovanfrå, frå sida, nedanfrå, kuling og vrengte paraplyar, det er grunnen! På kjøpesenteret er det like tørt og varmt som i ein italiensk småby.

Og, om eg har rett, så er jo dette ei utfordring ein kan gjera noko med også i Bergen sentrum. Men då må ein ikkje lenger la seg lura av solskinsbileta til arkitektane. (Akkurat i denne konferansen var det forresten ein byutviklingsguru frå Århus i Danmark som viste bilete, ikkje ei sky på himmelen der heller.) Og det er jo heller ikkje feil, årleg nedbørsmengde i Århus er på nivå med Roma, eller 1/5 av Bergen…)

Elefant 2: It's the economy, stupid!

Uttrykket er lånt frå Bill Clinton sin første valkamp, i 1991. USA var i økonomisk tilbakegang under George Bush, og økonomien blei difor eit av dei tre valkamptemaene Clinton fokuserte på. Og om ein ikkje forstår at økonomien spelar ei rolle når det kjem til å handla i sentrum, ja då er ein jo litt – «stupid». Tar ein buss kostar det, tar ein familie buss kostar det veldig mykje, og kjører ein bil skal ein betala både bompengar og parkering. Eg er ingen bompengemotstandar, parkering i dyre parkeringsanlegg må kosta, og Skyss må ha inndekning for sine utgifter. Men sjølsagt hevar det terskelen for å reisa inn til sentrum for å handla. Ein får ikkje både i pose og sekk.

Elefant 3: Realisme i at «alle» kan bu sentralt?

Fortettinga i Bergen har som målsetting å gi bustader med gode arkitektoniske kvalitetar, dei skal vera barnevennlige, og dei skal ikkje vera for dyre. Dette blir som å tru på julenissen. Bergen sentrum er eit avgrensa geografisk område, og områda som kan fortettast er enda meir geografisk avgrensa. I alle samanhengar der etterspurnad (etter tomteland i dette tilfellet) er større enn tilbud (av tomteland) stig prisane. Høge tomteprisar må takast inn att gjennom pris, høgde på bygg, eller gjennom å forenkla bygget. Om du ikkje trur på meg, så ta ein kikk på bustadprisane i Bergen sentrum samanlikna med i dei meir perifere strøka av byen.

Les også andre innlegg av Jørund Vandvik:

Elefant 4: Vil alle eigentleg bu i sentrum, heile livet?

Livet i sentrum er eit liv i blokk, sjøl om ingen likar det begrepet lenger, nå heiter det leilighet. Men blokk i ulike variantar er det jo. Som ungdom, ja, flott. Med vors og fest, og lett tilgang til eit pulserande uteliv. Men når resultatet av vors og nachs (ikkje minst!) melder seg, er det mange som ønsker seg litt meir lys, luft og grøne hageflekkar for dei unge håpefulle. Bergen har ingen strategi for hageflekksøkande småbarnsforeldre i dag. Folk SKAL bu i blokk, punktum. Så då må ein flytta til Os, Sotra eller Nordhordland. Og i Bergen lurer ein på kvifor folketalet ikkje aukar meir enn det gjer…

Bergen har ingen strategi for hageflekksøkande småbarnsforeldre i dag.

Elefant 5: Hordfast!

Dette er den STORE elefanten i alle rom der byutvikling i Bergen blir diskutert. Medan byråd Tryti omtalar Åsane som «bilrasert», medan Bergen har vedtatt at byen skal vera den tette «gå- og syklebyen», medan ein legg ned byggeforbud for Vårheia i Arna, nord i Åsane og på Dyngeland, så skal ein altså bygga firefelts motorveg over Bjørnafjorden for å skapa eit felles «bo- og arbeidsmarked». 35 milliardar kroner skal brukast for at ein skal kunna bilpendla frå Stord til Bergen. Smellvakkert er det jo på Stord, lys og luft og skjergard, og hus og tomter med hageflekkar er det nok av. Sett i lys av dette blir jo Bergen sin «tette by»-strategi ein einaste stor vits.

Og elles lurer eg jo litt på, medan eg går rundt i min politisk ukorrekte hage, krafsar i jorda og prøver å få litt sving på eigendyrkinga av grønnsaker dette året (så langt har resultatet vore heller magert):

Kvifor står så mange bilar i kø forbi huset vårt kvar helg, på veg til hytter og landstader? Er ikkje det politisk korrekte, tette livet i sentrum, med gode urbane kvalitetar, godt nok for folk likevel…?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags