– Kinesiske hamstrar har gjort meg friskere

I sitt første innlegg som BA-spaltist forteller Hallgeir Isdahl om det som ble redningen da han ble alvorlig syk for tre år siden.

I sitt første innlegg som BA-spaltist forteller Hallgeir Isdahl om det som ble redningen da han ble alvorlig syk for tre år siden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

At eg skulle få ein helt som veg mellom 30 og 40 gram og rundt 10 cm lang hade eg ikkje sett føre meg, skriv spaltist Hallgeir Isdahl i dette innlegget.

DEL

MeningerSidan eg no har sagt ja til å skrive i BA tenkte eg først at det ville vore naturleg med ein gong å gripe fatt i alt det rare som knytter seg til debatten rundt byutvikling, inklusive bybane og bompengar og som får kommentarfelta til å ta fyr. Eller som dei som kjenner meg kanskje vil forvente, om Bergen som musikkby, eller om kunstfeltet eller om forsking og utdanning, næringsklynger, bustadmarknaden, renter og finansteknologi. Eller kanskje om det å flytte ut av byen til meir landlege forhold etter at ungane er vaksne og flytta heimefrå.

Alle desse områda og fleire med vil eg nok svinge innom i løpet av næraste året. I dag derimot vil eg hylle ein skapning som eg aldri før hadde høyrt om. Eg vil syngja ein song for kinesiske hamstrar.

For dei har fortent ein song.

No vil eg skunde meg med ein gong å sei at sjølvsagt har eg høyrt om hamstrar. Eg har til og med hatt ein. Den levde i nøyaktig to timar før han tok sitt eige liv. Far min demonterte komfyren og fann hamsteren med to svimerker på brystet. Eg syntest det var utruleg sløvt av hamsteren og takka nei til ein ny. Med ei slik laber haldning til hamstrar, kva er det då som har gjort at eg no er nasegrus begeistra for ei bestemt grein av denne dyrefamilien?

Det heile starta for snart tre år sidan. Eg vart sjuk. Ei autoimmun liding der mitt eige immunforsvar dundra laus på friske organ. Første runde med medisinering sat som eit skot. Eg var glad og lukkeleg symptomfri i eit år. Så smalt det igjen.

Gastrolækjaren sa lakonisk at det så ut som dei einaste verknadane eg fekk av medisin var biverknader.

Dette var startskotet for ei lang medisinsk reise. Det har og vore min første store erfaring med helsevesen og sjukehus. Etter mange rundar med medisinar som har hatt gitt gode resultat for mange andre, var tilstanden min fortsatt håplaus. Eg vart godt teken hand om av strålande og flinke folk på Haraldsplass og skulle no over på såkalla biologiske medisinar. Oppstarten av dette var lettare sagt enn gjort. Det starta med at eg vart innlagt på sjukehuset med ein heftig infeksjon dei ikkje fann heilt ut av. Eg kunne nemleg ikkje starta på biologisk medisin så lenge eg hadde ein infeksjon. For å finne ut av dette gjorde dei ein CT-scan av heile kroppen. Dei fann infeksjonen, men dei fann og ein flekk på eine lunga. Eg kunne i alle fall ikkje starte med biologisk medisin dersom eg hadde kreft.

«Velkommen til Haukeland sykehus «kreftpakke,» ein fast track for deg som lurer på om du har kreft.» Om lag slik trur eg det vill ha vore formulert om det var ein kommersiell aktivitet. Det var det ikkje. Det vart innsyn i ein måte å arbeide på med pasientar som er alvorleg sjuke eller redd for å være det, som utelukkande var imponerande. Å kjenne at ein vert teken vare på i ein slik situasjon er heilt uvurderleg. Lang historie kort. Etter nokre veker som bla innheld ein lungepunktering under prøvetaking, fekk eg den strålande meldinga om at eg ikkje hadde kreft.

No skulle eg være klar for mirakelmedisinen.

Rutinemessig måtte eg ta ein blodprøve dagen før eg skulle starte med infusjon av den biologiske mirakelmedisinen. Me kan kalla han Mirakel 1.0. Men nei. Prøven viste ei rufsete utvikling i levera. Vart strippa for all medisin i mange veker til levera var på plass att. Det var ingen trivelig periode for å sei det mildt. Stor var entusiasmen då eg fekk min første infusjon av Mirakel 1.0. Såg lovande ut i mange veker, og fleire infusjonar, men så var det ingen verknad lenger. Gastrolækjaren sa lakonisk at det så ut som dei einaste verknadane eg fekk av medisin var biverknader.

Han såg uroleg på meg og sa: «eggstokkane til kinesiske hamstrar? Høyres no jævlig desperat ut spør du meg.»

Etter å ha hengt litt med hovudet og reflektert over at eg ikkje måtte være allergisk for mus for å ta denne medisinen, og at det sannsynligvis var siste mulighet for medisinsk behandling, drog lækjaren opp ein ny biologisk medisin av hatten. Mirakel 2.0.

Denne medisinen tok det litt tid før han tok tak, men så vart eg betre litt etter litt. Enno ikkje i nærleiken av å være heilt symptomfri, men så mykje betre at eg har fått trua på at dette er starten på noko bra for meg. Mine nerdete sider gjer at eg sjølvsagt vil prøve å finne ut kva so er greia med Mirakel 2.0. Det vil føre for langt å beskrive korleis han faktisk verkar. Det mest interessante er at medisinen er utvikla av celler frå eggstokkane til kinesiske hamstrar (Cricetulus griseus.)

At eg skulle få ein helt som veg mellom 30 og 40 gram og rundt 10 cm lang hade eg ikkje sett føre meg. Lag meg med ein gong seie at eg skuldar sjølvsagt å gje kudos til alle dei forskarane som har utvikla dette, men det er no hamsteren som skin sterkast.

For nokre dagar sidan fortalde eg dette med stor entusiasme til ein kamerat av meg. Ein sindig sunnhordlending. Han såg uroleg på meg og sa: «eggstokkane til kinesiske hamstrar? Høyres no jævlig desperat ut spør du meg.»

Desperat eller ikkje, eg syng ein song for kinesiske hamstrar for dei har fortent ein song.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags