Tunellar i Oslo og VM i Bergen

Torgallmenningen var stappet av mennesker som fulgte åpningsseremonien til sykkel-VM lørdag ettermiddag. FOTO: EIRIK HAGESÆTER

Torgallmenningen var stappet av mennesker som fulgte åpningsseremonien til sykkel-VM lørdag ettermiddag. FOTO: EIRIK HAGESÆTER

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Jørund Vandvik er forbanna på korleis riksmedia dekker Vestlandet.

DEL

DebattEg kjenner at pulsen stig, sveitten piplar i handflatene. Dette innlegget vil eg ikkje ha godt av å skriva. Eg kjem til å hissa meg opp, bli raud i toppen, etterkvart også usakleg - men eg klarer berre ikkje å la vera. Og alt byrja med at eg kom til å sjå NRK Dagsrevyen sist lørdag.

Eg slo på Dagsrevyen etter å ha sett opning av Sykkel-VM, opplevd bilfrie og stengde gater, og sett tusenvis av menneske stå rundt VM-løypene og klappa fram syklistar som var ute og trente. Alt ramma inn av verdas vakraste kulisse, med haustluft varm som på ei gresk øy og klar som krystallglasa på Slottet. Så slo eg altså på Dagsrevyen, for å sjå deira reportasje frå opninga.

Les også:

Men nei. VM-opninga blir ikkje nemnd med eit ord av Norsk Rikskringkasting. Rett nok tar dei seg inn med eit kjapt innslag på sportsdelen, men elles ingenting.

I ein etterfølgande Facebook diskusjon skriv ein journalist i VG-nett: «Hva skulle vært vrien? «Fint vær og mye folk». Ha, ha, ho, ho! For på journalistskular lærer ein at det er 6 «vriar» på kva som kan bli ei god sak: Konflikt, vesentleg, aktuelt, sensasjon, identifikasjon og relevant.

Lurer jo litt på kvifor vedkommande VG-journalist ikkje klarer å få fleire av desse kriteria til å treffa så det syng på opninga av Sykkel-VM, men han meinte nå altså det. Så eg sjekka litt rundt på kva saker som tilfredsstiller dei strenge, journalistiske brillene til journalistane i Riksmediet VG: «Nå er ski-VM i gang!» dukkar raskt opp. I Oslo sjølsagt. Og vidare: «Märtha Louise viste seg i Slottsparken for første gang etter bruddet». Stor journalistikk VG.

Konflikt/vesentleg/aktuelt/sensasjon/identifikasjon/relevant. Og ikkje minst tilfredsstiller saka det 7. kravet til kva som er ei god sak i «riksmediene» i Oslo: Det skjer i Oslo! Rett skal vera rett, i dagens VG nett har dei mange viktige saker høgt oppe, som ikkje gjeld Oslo: «Kjendisoksen Braut må dø», «Victoria Beckham briljerte», «Se stjernenes beste antrekk», og ikkje minst: «Så mye tjener de svenske kongebarna». Pulitzer prisen for framragande journalistikk neste?

Måtte gå ein tur rundt huset for å roa meg ned før eg skriv vidare. Klar igjen nå.

I Oslo stengde dei eit tunelløp på Lysaker i samband med milliardinvesteringane i ny E18 inn mot byen, og det var forventa litt kø. (Ikkje begynn å skriv om kor samferdslemilliardane havnar nå, hjartet tolar det ikkje). NRK dekte hendinga direkte, time etter time, på radio, TV og nett. Det blei rett nok inga kø, men direktesendinga heldt fram.

Ein god kollega i Oslo heiv seg på og meinte at nå måtte det bli slutt på at Oslo skulle subsidiera resten av landet. «Bra ide», sa eg, «så slår Vestlandet og Nord-Norge seg saman og tar med oss olje og gass, vasskraft, kraftkrevande industri, fiskeri og fiskeoppdrett. Så får de skogane.

Det var jo ei minst like god sak at det ikkje blei kø, som om det hadde blitt kø! Direktesendt tunnellstenging i Oslo, neglisjering av VM-opning i Norges største idrettsarrangement sidan Lillehammer OL.

Pust med magen, pust med magen.

Og dei same Oslo baserte avisene som kallar seg «Riksmedier» klarer å forby nynorskskrivande journalistar i eigen redaksjon å skriva sitt eige språk. Eg veit dei er der, og det er mange av dei, eg har både snakka og maila med drøssevis av dei opp gjennom åra. Det var rett nok ein som slapp til i Aftenposten nå nettopp, det blei ei nyhet i seg sjølv, 132 år etter at nynorsk og bokmål blei sidestilte av eit samrøystes Storting!

Kan nokon gi meg eit handkle før sveitten øydelegg tastaturet?

Les også tidligere innlegg av Jørund Vandvik:

Og ta tidlegare byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røssland, som meinte at grunnen til den store verdiskapinga i Oslo var at ein i Oslo arbeidde med hovudet, medan me framleis grev i jorda rundt omkring elles i landet.

Ein god kollega i Oslo heiv seg på og meinte at nå måtte det bli slutt på at Oslo skulle subsidiera resten av landet. «Bra ide», sa eg, «så slår Vestlandet og Nord-Norge seg saman og tar med oss olje og gass, vasskraft, kraftkrevande industri, fiskeri og fiskeoppdrett. Så får de skogane.

Og kafeane. Orsak: Cafeane. Då blei han litt stille.

Og mange café lattar, cortadoar, frappear og doble espressoar har dei nok fått i seg, kontoristane på eit Direktorat i Oslo som sat i lange møter (pust roleg inn, pust roleg ut) og evaluerte brannfolka i Lærdal sin innsats etter storbrannen for nokre år sidan. Frivillige brannfolk som redda tettstaden frå å bli totalt nedbrend i eit brølande inferno av orkan og brann. I eit landskap som var så tørt at det kunne tatt fyr om du siterte ein kransekakevits.

Les også:

Dommen frå kontoristane i Oslo var knusande: Brannfolka hadde ikkje tatt omsyn til alle reglane dei hadde laga for korleis ein brann skal sløkkast. Side opp og side ned hadde dei skrive om korleis brannar skal sløkkast, diskutert og revidert seg imellom medan café latte, cortado, frappe og dobbel espresso lukta låg tung i møteromma. Og så hadde brannfolka i ei bortgøymd bygd på Vestlandet tillatt seg å sløkka brannen slik som dei sjøl meinte var best, der og då! Rapporten mot brannfolka blei sjølsagt knusande. Til stor omtale på NRK.

Pulsen stig, sveitten renn frå handflatene, hovudet verkar, eg kjenner på ei gryande lyst til å stemma Senterpartiet. Må stoppa nå, dette går ikkje bra.

Ha eit flott VM alle, og ryk og reis til både NRK, VG og andre såkalla «Riksmedier»!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags