Berre tomme ord frå regjeringa?

Cecilie Herlofsen var berre 16 år då ho blei skoten tre gongar på Utøya 22. juli. På grunn av nye reglar får ho ikkje lenger arbeidsavklaringspengar, og må på sosialhjelp, fortel TV 2.

Cecilie Herlofsen var berre 16 år då ho blei skoten tre gongar på Utøya 22. juli. På grunn av nye reglar får ho ikkje lenger arbeidsavklaringspengar, og må på sosialhjelp, fortel TV 2. Foto:

Av

Cecilie Herlofsen og andre Utøya-offer skal ikkje måtte tigga og innretta seg etter rigide Nav-reglar, meiner Berit Kvalvik.

DEL

MeningerEg sat i godstolen og slappa av, det  var søndagskveld og skodda låg tjukk over landskapet. Ikkje nett noko som gav serleg næring til  gode energiar, men eg må sei at eg vakna til då Cecilie Herlofsen – som blei skoten tre gongar og nesten drept på Utøya – dukket opp på TVen med sin bodskap. Arbeidsministeren sitt svar til henne ikkje noko meir – eit meir «Goddag mann Økseskaft»-svar har eg aldri høyrt, trur eg. Det trefte meg som eit sleggeslag, om dei austafor fjella veit kva det tyder. Går det an å vera så «profesjonell» og gøyma seg bak flosklar som seier ingen ting?

Eg veit at regjeringa pr. 1 januar 2018 har endra eller skjerpa regelverket, og at arbeidsavklaringspengane og inntektene er halvert. Men ein stad må det gå ei grense – eg kjenner meg skamfull over gamle Noreg!

Desse ungdommane som opplevde tragedien på Utøya kan ikkje handsamast slik. Det må handling til – ikkje tomme ord.

I mitt hjarta finnast det ingen unnskyldning eller rom for bortforklaringar lengre. Eit Nav-kontor i vårt land er ikkje «konge på haugen» og kan  setja seg sjølv over legens utsagn om posttraumatisk stresslidelse (PTSD)!  For å verta ein god sosialarbeider må ein først og fremst vera audmjuk som menneske, meiner eg.

Lag reglar som er tilpassa levelege livsvilkår for dei ungdomane våre dette gjeld. Det er ikkje så mange, men dei treng oss!

Eg trur det er på tide å setja heile Nav under lupa igjen, for å finna ei betre ordning som er tenleg for vanlege folk ,og ikkje berre for etaten/økonomien. Ein gong i tida vart det sosiale systemet tenkt  som ei hjelp og muleg løysing for folk som hadde det vanskeleg – óg med åpning for faste rammer som nok kunne kosta noko. I dag kan det verka som alt det er gløymt.  Alt handlar om pengar!

Så til det som sette skikkeleg fyr i meg: Nav skal ikkje hengja fast i eit skjerpa regelverk; Cecilie og andre offer skal ikkje  måtte tigga og innretta seg etter rigide reglar!

Så politikarar på tvers av alt: Skjerp dekå og ta ansvar for det ein etnisk nordmann øydela av draumar og liv ein vond dag i 2011.

Lag reglar som er tilpassa levelege livsvilkår for dei ungdomane våre dette gjeld. Det er ikkje så mange, men dei treng oss!  Eg trur framleis på dei gode kreftene i landet. No må me slutta å fomla, me må ta ordentlig innover oss at 22. juli for sju år sidan  vart det sett punktum for mange unge liv, og mange slit med etterverknader av udåden! Dette kan du og eg gjera noko med, ved å bry oss og vera til støtte!

Men dei som set i Oslo og styrer på øvste skiktet kan taka første steget og gjera si plikt – me vanlege folk  forventar handling! Dette gjeld samtlege parti .

Hugs: Samhandling gjev som oftast gode løysingar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags