Dette får konsekvensar for Kommune-Noreg dei komande fire åra, og det kan fort leggja grunnlaget for nye regjeringskonstellasjonar hausten 2017. Kristeleg Folkeparti vinkar eit mildt farvel til Høgre, i alle fall dersom Erna let vera å tukta Framstegspartiet. KrF gjer saka om sundagsopne butikkar til nærast eit ultimatum. KrF mislikar intenst at regjeringa tek pengar frå u-hjelpsbudsjettet – tiltenkt dei fattigaste landa i verda – for å betala kostnaden med syriske flyktningar til Noreg. Frp er på si side lei av å styra på KrFs nåde. Dette samarbeidet kan lett gå seg fast.

I Trondheim har Venstre inngått eit historisk samarbeid med Arbeidarpartiet og ordførar Rita Ottersen. Fylkesleiar i Sør-Trøndelag Venstre, Trond Åm, seier til Klassekampen at han ikkje utelukkar samarbeid med Ap også på nasjonalt plan. Nei, kvifor ikkje?

I Bergen gjennomførte Bergen Venstre nokre merkelege manøvreringar i sluttfasen av valkampen, der dei åtvara veljarane mot å røysta Arbeidarpartiet. Men med Harald Schjelderup som frontfigur er Ap i Bergen av det særs moderate slaget, og så vidt eg veit var det ingen som let seg skremma. Schjelderup er ein danna og anstendig mann som dei fleste kan ha eit hopehav med.

Etter valet kom Bergen Venstre til sans og samling, og har sagt seg interessert i eit samarbeid med det partiet dei åtvara så sterkt imot ei veke tidlegare. Om det går, veit vi ikkje, men Schjelderup vil ha dei med. Det vi veit er at sterke krefter i Ap i Bergen  kjenner ein djup skepsis til det Bergen Venstre som så tydeleg har markert at dei er og vil vera eit borgarleg parti. Kor lurt var no det? Men ok, det er lov å gjera feil, og det er lov å ombestemma seg. Eg har alltid meint at Venstre bør halda døra open begge vegar, og at sosialdemokratiet har overteke mange av Venstres beste tradisjonar. Det skal eg koma nærare tilbake til i ein seinare artikkel. Onsdag morgon var Bergen SV fornærma over at Venstre var henta inn i varmen. Då vil SV heller stå utanfor.

Venstre – og særleg Unge Venstre – har dei siste åra har søkt husrom i lag med liberalistane i Civita, og nokså ukritisk overteke tankegodset til Kristin Clemet & Co. Det handlar for ein del om å skriva om norsk politisk historie på eit vis som gjer Høgre til ei drivkraft i arbeidet med velferdsstaten. Kåre Willoch støttar same prosjektet i si siste bok. Dei får ein jobb å gjera.

Men no søkjer no KrF-arane Einar Steensnæs og KrFU-leiar Emil André Erstad til den lett venstreorienterte tankesmia Agenda. Den har sitt utspring i LO og Ap. Det er eit slag for det borgarlege samarbeidet, og det er eit viktig signal om at KrF så smått har begynt ei nyorientering mot venstre.

Det har dei som kjent også gjort i Bergen. Det er kanskje eit endå større sprang, ideologisk sett, for det leiande sjiktet i Bergen KrF er for tida av det mildt fundamentalistiske slaget. Eller kristenkonservative, om vi heller skal kalla dei det. Like fullt vil dei takka for seg som ein del av den borgarlege blokka i Bergen. Og det som skjer i Bergen, og i andre store byar, har gjerne overføringskraft til den nasjonale arenaen.

Det er opplagt at veteranen Einar Steensnæs veit kva signal hans engasjement i Agenda sender. Difor må vi leggja til grunn at partileiar Knut Arild Hareide veit kva som skjer, og har godkjent det. Han er sjølv blitt godven med Jonas Gahr Støre, som mange syntest gjekk vel langt då han knelte saman med Hareide i Kvinesdal. Han er nok den første Ap-leiaren som kunne gjort noko slikt.

Som førstemann på Venstrelista i Fjell fekk eg mange gode tilbakemeldingar på stand, både lokalt og nasjonalt. Og sanneleg noterte vi ein framgang frå 2011.  Men standpunktet til sundagsopne butikkar fekk eg mykje kjeft for, endå om Fjell Venstre forsikra at sundagsopne butikkar ikkje vert aktuelt i vår kommune. Det andre ankepunktet var eit altfor tett samarbeid med Framstegspartiet. Det er det mange venstrefolk som ikkje likar. Det gjer ikkje eg heller.

I Fjell – den tredje største kommunen i Hordsland – blir det samarbeid mellom dei såkalla hovudmotstandarane i norsk politikk, altså Ap og Høgre – med KrF som haleheng. Somme er overraska over det. Eg er det ikkje. Høgre og Ap er svært ofte to alen av same stykket, og hadde dei ikkje vore avhengige av å bli oppfatta som hovudmotstandarar, så hadde dei samarbeidd også på nasjonalt plan.

Men eg forstår fjellsokningar som er arge. Mange av dei røysta Ap for å bli kvitt eit Høgre-KrF-styre som har gjort ein elendig jobb. Men på toppen av Ap i Fjell meiner dei ikkje det, for Ap i Fjell har oftast røysta saman med den styrande koalisjonen. Så no skal vi få endå eit prov på at Høgre og Arbeidarpartiet finn saman i lukkeleg harmoni.

Men OBS OBS: Det hjelper altså ikkje å røysta Ap i Fjell dersom du vil bli kvitt Høgre. No blir det opp til Venstre og dei andre partia å halda den nye storkoalisjonen i øyrene. Den flyttinga av posisjonar som no skjer, kan koma til å endra det politiske landskapet også i Stortinget. Dersom Trine Skei Grande lyttar til Trond Åm, Venstres fylkesleiar i Sør-Trøndelag, som meiner at Venstre har meir ideologisk til felles med Ap enn med Høgre, blir det interessante tider fram mot stortingsvalet i 2017.