Det er ikkje skamfullt å søke hjelp. Det er modig.

Torkel Eikevik skriv om korleis det var å misbruke piller - Til alle som slit med noko liknande, eller kjenner seg att; det er inga skam å snu.

Torkel Eikevik skriv om korleis det var å misbruke piller - Til alle som slit med noko liknande, eller kjenner seg att; det er inga skam å snu. Foto:

Av

Nokre gonger vel rusen deg. Fordi ein tenker at ein ikkje har noko valg. At ein ikkje har noko anna.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.«Vi var ikke som alle andre barn» seier eit nytt fjes på klinikken. Det er 17. mai, og vi er samla på eit sterilt kjøkken med personalet. Lengtande blikk blir kasta ut vindauget trass i at det regnar, og at folk høyrest problematisk berusa ut allereie klokka tolv. Kanskje det er det som freistar.

Før såg eg aldri på meg sjølv som ein engsteleg type. Då eg var 18 fekk eg mitt første panikk-anfall. I midten av tjueåra, var eg så full i altoppetande angst, at det å drikke alkohol var som ein sjølvpåført våt draum. Ein drikk fordi ein har angst, og ein får angst fordi ein drikk. Når ein forsøker å drikke vekk angsten sin fungerar det kortsiktig, men problemet blir ofte dobla dagen etter.

For min del var det berre vin og piker, nettverksbygging, og allsang. Slik det burde vere, for ein ung mann. Men så sat den der i botnen og ropte meg, denne kjensla av ikkje å strekke til. Uro og etterkvart, uhandterleg panikk.

Ein drikk fordi ein har angst, og ein får angst fordi ein drikk.

Mitt første møte med benzodiazepinar, eit berolegande middel mot angst og panikklidingar, var på legevakta etter å ufrivillig ha fått i meg eit rusmiddel på fest. Eg spydde og grein om ein annan. Eg prøvde å fortelje resepsjonisten at bilane var ute etter å ete meg, så beherska som eg kunne.

Legen gav meg Sobril. Eg la meg ned i ein park, berre for å trekke pusten litt, og sovna. Dette hadde eg sakna heile livet. Ingen uro, indre kamp, eller misnøye. Kjensla av komplett harmoni. Korleis kan eg kjenne det slik, alltid?

Eg måtte kome meg på jobb, og var redd for etterverknadene av stoffet eg hadde fått i meg. Reseptane kom og gjekk, og eg følte ei livsmeistring eg ikkje før hadde kjent på. Eg gjorde det bra på jobben, fekk meg kjærast, og fungerte utmerka sosialt.

Brått kutta legen meg av mi nye krykke. Ein kunne ikkje gå på dette for lenge. «Det er jo no eg fungerar bra». Desperasjonen melde seg momentant. Korleis skulle eg komme meg på jobb utan å vera redd for at eit nytt anfall? Korleis skulle eg la andre sjå meg svak?

Vegen var ikkje lengre enn ein tur til Strax-huset. I tunnelen der alle narkisane hang. Der selde dei medisinen min. For å gje seg no når ting gjekk så bra, det var heilt uaktuelt. Med to hundre kroner i jakkelomma, stigande puls, omgitt av folk eg alltid hadde sett ned på, såg eg ingen annan utveg. Dette var starten på det giftige kjærleiksforholdet til meg, og Rivotril. Den tok bort meir angst enn eg kunne førestilte meg.

Det byrja med ein kvart, så ein halv, så ein heil. Ikkje så ofte, berre ved behov, tenkte eg. Eg var supermann. Om supermann var ein sløv, tidvis snøvlande idiot som skapte trøbbel på byen. Eg levde hensynslaust og tilsynelatande utan konsekvensar. I realiteten var det vel heller mykje som skjedde på denne tida som eg kjem til å angre på livet ut.

Eg var framleis i arbeid. Eg hadde mange vener, skreiv for aviser, lagde musikk, og hadde med meg jenter heim. Om ein ikkje er heilt på botnen, er ein ikkje narkoman. Ein er berre litt rusavhengig, av og til. Og det er jo alle, tenkte eg.

Det er ikkje lett å ta eit oppgjer. Det er heller ikkje lett for andre å motivere deg til å gjere det. Vinteren 2019 byrja eg å trappe ned på forbruket mitt. Eg hadde funne meg ei jente eg ville skjerpe meg for. Dei to sterkaste motivatorane for å endre seg er ei nær-døden oppleving, eller kjærleik.

Eg såg ikkje lengre narkisar. Eg såg menneske.

Etter å ha prøvd å bråslutte på eiga hand la eg meg inn. Eg vart skremt over kor langt det hadde gått. Rysta over kven eg no identifiserte meg med. “Han fyren på rehab". Den nye realiteten var å ete middag med heroinistar. Synet mitt vart dårlegare av abstinensane, men likevel så mykje klarare; eg såg ikkje lengre narkisar. Eg såg menneske. Heltar, som ville ta eit tak, med verst tenkjeleg utgangspunkt. Desse sosiale utskota eg sjølv hadde dømt, då eg såg dei sjangle forbi Korskirkeallmenningen, på leit etter medisin. Kven var eg til å dømme dei?

–Stigmatisering av folk som rusar seg, og rehabiliteringsklinikkar, bidrar til at enkelte ikkje vågar søke hjelp, då dei er redde for å bli dømte. Som meg sjølv, skriv Eikevik.

–Stigmatisering av folk som rusar seg, og rehabiliteringsklinikkar, bidrar til at enkelte ikkje vågar søke hjelp, då dei er redde for å bli dømte. Som meg sjølv, skriv Eikevik. Foto:

Det er ingen leik å gå av benzodiazepiner. Alt i frå mild psykose, til muskelkramper, kroniske panikkanfall, og insomnia. I verste fall kan ein dø. I beste fall, hendte det eg tenkte, når det stod på som verst.

Etter to veker på avrusning, reiste eg til ein stabiliseringspost. Ingen peikefingrar. Berre uniformar, smil, og gode intensjonar. Denne staden redda meg frå å fortsetje å leve eit liv det ikkje er sikkert eg hadde overlevd. På avdelinga var det alt frå fungerande alkoholikarar, til folk som hadde gått fast på heroin i årevis. Dei fleste hadde dårlegare utgangspunkt. Mindre sikringsnett, og større fallgruver. Eg fekk to ess på hand, dei fikk to og sju, likevel enda me opp på same stad, med same mål.

Frå den abstinente, urolege, og oppgitte mannen på 17. mai nokre månader tidlegare, hadde det skjedd ei haldningsendring på langtidsopphald. Eg kjente på håp, ambisjon, og tidvis glede. Eg er framleis ikkje i mål, men godt på veg.

Tenk over kva du ser, neste gong du ser ein stakkar rave gatelangs.

Stigmatisering av folk som rusar seg, og rehabiliteringsklinikkar, bidrar til at enkelte ikkje vågar søke hjelp, då dei er redde for å bli dømte. Som meg sjølv. Vi treng ei endring i korleis vi ser på og behandlar våre medmennesker. Vi er ikkje så ulike. Anten du er avhengig av kaffi, snus eller ein dram i godt lag, så prøver vi alle berre så godt som vi kan å lære oss trinna i denne snålt koreograferte dansen av eit liv.

Det er ikkje alltid så enkelt at ein berre vel å ruse seg. Nokre gonger, vel rusen deg. Fordi ein tenker at ein ikkje har noko val. Då er det viktig at ein ikkje er ute med peikefingeren. Kva med å heller spørje kvifor?

Eg vil sende ein kjempestor takk, og ikkje minst klem til personalet på Dr.Martens, medpasientar, helsevesenet i Bergen, gode vener, og tolmodige foreldre. Til alle som slit med noko liknande, eller kjenner seg att; det er inga skam å snu. Det er ikkje skamfullt å søke hjelp. Det er modig. Du er ikkje uverdig. Og du er heller ikkje aleine.

Innlegget vart først publisert i ein lengre versjon på Framtida.no

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken