Det er utilgiveleg å byggja ned matberedskap

– Det er i dei gode åra vi skal planleggja og leggja av grøde til dei sju dårlege åra, me kan ikkje riva Nord-Europas største kornlager, skriv Oddny Miljeteig om forslaget om å riva Stavanger Havnesilo.FOTO: NTB/SCANPIX

– Det er i dei gode åra vi skal planleggja og leggja av grøde til dei sju dårlege åra, me kan ikkje riva Nord-Europas største kornlager, skriv Oddny Miljeteig om forslaget om å riva Stavanger Havnesilo.FOTO: NTB/SCANPIX

Av

Eg håpar alle som bryr seg om mattryggleik erkjenner at det vil koma ein dag då marknaden ikkje vil hjelpa til å stetta matbehovet vårt.

DEL

MeningerDet er som om eg ikkje kan tru mine eigne augo. No kan altså Nord-Europas største kornlager, beredskapsanlegget Stavanger Havnesilo, bli rive for å gje plass til bustader. Eigaren Felleskjøpet Agri seier at tilsvarande lagringskapasitet for korn eventuelt skal byggjast opp andre stader.

Mon det? Eg kan ikkje hjelpa for at eg er mistruisk. Ikkje minst av di regjeringa ikkje vil ha beredskapslager av korn. Ja, eg veit eg har skrive om dette før i denne spalta, men beredskapslagring av korn er då for viktig til ikkje å skriva meir om! Vi kan godt kosta på oss eit pittelite historisk attersyn, slik eg har funne det i avisa Nationen.

I 1928 fekk Statens Kornforretning ansvar for beredskapslagring av korn for eitt års forbuk med verknad frå 1929. Utover 1990-talet vart ordninga trappa ned, og i 2003 vart ordninga avvikla og erstatta med ei lagerordning for 20 dagars mjølforbruk nord for Ofoten.

Stortinget gjorde i 2019 eit vedtak som bad regjeringa leggja fram ei sak i 2019 om etablering av nasjonale beredskapslager av korn. Så gjekk KrF inn i regjering. Då eit forslag om å etablera beredskapslagring av korn kom opp på ny i Stortinget i juni, vart forslaget røysta ned av Høgre, Venstre, KrF og Frp.

Stavanger Havnesilo har spela ei nøkkelrolle i beredskapslagringa vår. Den har kapasitet til å lagra 195.000 tonn korn. Det er meir enn heile det norske importbehovet for matkorn i eitt år. I tillegg er det lagringsplass for 30.000 tonn melasse som blir brukt til dyrefôr. Anlegget er landets einaste attverande store beredskapslager for korn og altså Nord-Europas største kornlager.

Oddny Miljeteig er fast spaltist i BA.

Oddny Miljeteig er fast spaltist i BA. Foto:

I dag er anlegget i vanleg kommersiell drift som kornlager, men eigaren Felleskjøpet Agri har starta omregulering til bustader. Som om dei skulle ha vore ein heilt vanleg og kortsynt kapitalist og ikkje eit landbrukssamvirke. Kan du fatta og begripa? Og kor er planane for den tilsvarande lagringskapasiteten som skal byggjast opp andre stader? Dette luktar svidd. Bokstaveleg tala.

Avisa Nationen har bede forskarar rekna på klimaeffekten av å riva og byggja opp tilsvarande silokapasitet andre stader. Basert på anslag om at sjølve siloane består av rundt 150.000 tonn betong, kan utsleppa ifølgje klimastiftinga Cicero bli på 15.000 til 20.000 tonn CO2 berre for produksjon av betongen som trengst. Det svarar til utsleppa til nærare 10.000 personbilar i eitt år.

Utslepp knytte til riving, drivstoff, frakt og bygging av nytt/nye anlegg er er ikkje teke med og kjem altså i tillegg. Sjølve rivejobben er tidlegare rekna til å ta nær to år om det er seks maskinar i sving og anslaga om bortkøyring av 6000 fullasta vogntog held stikk.

Robbie Andrew, seniorforskar ved senter for klimaforsking, Cicero, seier at utsleppa knytte til ein slik prosess er så store at det skal svært gode grunnar til å gjennomføra prosjektet. «Det blir store utslepp, og det er i tillegg svært ressurskrevjande. For miljø og klima er det mange grunnar til at ein ikkje bør rive eit slikt anlegg for å bygge det opp igjen andre stader. Det bør vere svært gode grunnar for å gjennomføre eit slikt prosjekt,» sa Andrew i Nationen måndag.

Seniorforskar Christian John Engelsen ved Sintef har forska på CO2-opptak i betong. Vert ein ny kornsilo ståande i 200 år, vil betongen syga opp betong slik at utsleppa ikkje vert store, men tvert imot lagra i den nye betongen. Uansett er det å ta vare på gamle bygg og materiala som er brukte, oftast best for klimaet, seier forskaren ved Sintef.

Gaute Eiterjord, mangeårig naturvernar og tidlegare leiar i Natur og Ungdom, ber Felleskjøpet Agri droppa planane om å riva beredskapslageret for korn. Koronaepidemien har mint oss om kor viktig beredskap er, seier Eiterjord. Han viser til ein representant frå ungdomspartiet til KrF som i si tid brukte likninga frå Bibelen om dei sju gode og dei sju dårlege åra. Det er i dei gode åra vi skal planleggja og leggja av grøde til dei sju dårlege åra. I vår tid vil klimaendringane kunna gje meir ustabil matforsyning og råka produksjonen i tunge eksportland.

«For kvar grad temperaturane aukar, blir det vanskelegare å produsere mat. I ein situasjon der avlingane sviktar, treng vi kornlager,» slår Gaute Eiterjord fast. Han representerer Natur og Ungdom i Alliansen ny landbrukspolitikk som arbeider for betre sjølvforsyning og betre beredskapslagring av korn.

Agri Eigedom, som forvaltar siloeigedommane på vegner av Felleskjøpet Agri seier at framtida til det gigantiske siloanlegget ikkje er avgjord – og at gjenbruk av (delar av) bygningsmassen vil bli vurdert.

Eg håpar bondeorganisasjonane, dei politiske partia og alle som bryr seg om mattryggleik no får blikket opp frå skotuppane og erkjenner at det mykje rimeleg vil koma ein dag då marknaden ikkje vil hjelpa til å stetta matbehovet vårt. Om ikkje anna, må då koronapandemien ha sett fart i beredskapstenkinga vår? Det er aldeles utilgjeveleg ikkje å setja matberedskapen fyrst og fremst i våre dagar. Då riv ein ikkje ned det anlegget som kan hysa matkorn for meir enn eitt års forbruk.

Det vil vera galenskap om så skjer. Regelrett galenskap.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags