Årsaka til utbetringa er at den sokalla tunnelforskrifta, som skal gje ein tryggare og sikrare veg, skal oppfyllast. Ingen er ueinig i at hovudforbindelsen mellom aust og vest, E16, skal vera trygg og sikker. Det er ikkje utan grunn ein er tydeleg på liv og helsa fyrst.

Totalstenging av Lærdalstunnelen i eit år ville vore katastrofalt. Ein kan ikkje totalstenga hovudforbindelsen mellom aust og vest. Det vil til dømes få store konsekvensar for ein samla bu- og arbeidsregion, for næringslivet langt utover den samla regionen, for pendlarane, for helsevesenet.

Etter mange år som byutviklingspolitikar, leiar i utbyggingsbransjen og i lange periodar ei nær samhandling med entreprenørar, forstår eg godt at Statens Vegvesen vurderer det som optimalt å isolera anlegget fullt og heilt og få gjennomføra sine framdriftsplanar så optimalt og kostnadseffektivt som mogeleg. Det er då eg spør: Til kva pris for resten av samfunnet?

Dette går rett og slett ikkje i hop.

Alternativet til totalstenging er i følgje Statens Vegvesen seks år med kontinuerleg arbeid og planar for gjennomkøyring. Det er ikkje vanskeleg å forstå at også det har krevande konsekvensar.

Ingen klarar å gjennomføra eit slikt arbeid utan at mobilitet vert råka, men totalstenging er inga god løysing.

Det er mange årsaker til at totalstenging er uaktuelt. For alle som kjenner geografien og utfordringsbilete i Indre Sogn, veit ein at alternative omkøyringsvegar er mangelfulle, Mange stiller seg spørsmålet: Kunne dette skjedd på Austlandet? Eg trur ikkje det. Dei har ein geografi som hadde gitt fleire mogelegheiter. Dei hadde rett og slett både hatt og krevd fullverdige alternative løysingar.

Sogn Avis har nett hatt eit intervju med samferdselsministeren om utbetring av Lærdalstunnellen. Han presiserer at han har full tillit til Statens Vegvesen som gjennomførar og ansvarleg for utbetringa. Samstundes manar han til dialog og smidigheit. Dette forpliktar. Denne veka vert det arrangert folkemøter i Indre Sogn. Der skal Statens Vegvesen orientera om sine planar. Eg appellerer til dialog og smidigheit. Ein må forstå kor viktig dette er både for regionen og landet. Eg ynskjer lukke til.

Eg kjenner på kampvilje og sluttar som eg starta: Totalstenging av Lærdalstunnelen i eit heilt år er det glade vanvit. I desse dagar saknar eg ein handlekraftig Kjell Opseth.