Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dagen er her. Den vakraste dagen i det norske folkestyret.
Den dagen 53.306 (!) borgarar i by, tettstadar og landsbygd, stiller seg til tilgjengeleg for veljarane i kommune og fylke. Joda, dei stiller for partia og listene sine, men aller mest har dei takka ja til å ta ei økt for lokalsamfunnet sitt.
Me har møtt mange av dei i løpet av dei siste vekene, både i Bergen og nabokommunane. Dei har brukt fritida si i eit utal debattar, dei har stått på stand, og dei har banka på dører. Gjort sitt for å engasjera veljarane sine.
Men og måtta svara for andre sine fadesar. Dessverre har dei norske rikspolitikarane gjort det dei har kunna for å ta merksemda vekk frå lokalvalet.
- Med god hjelp frå riksmedia har dei snakka om heilt andre saker enn det dette valet handlar om.
- Dei har komme med utspel som fort kan gjera livet surt for eigne partifeller ute i kommunane.
- Aller verst: Dei har skapt skandaleoverskrifter om solbrille-tjuveri, provoserande aksjekjøp og fordeling av verv til bestevennar.
Det har rett og slett gått på tilliten laus. Dei som har interesse av slikt, har endå til prøvd å mala med så brei kost, at dei har tatt med seg lokalpolitikken med i den same tillitskrisa.
Det er det neppe særleg stor grunn til. Sjølv om ein sjølvsagt også på grasrota i politikken kan finna snusk og fanteri, handlar dette i hovudsak om unntaka.
Mellom stablar med sakspapir, sur og lunken kommunal kaffi, og lange møtekveldar, finst det nemleg veldig lite rom for å berika seg sjølv og sine.
Derfor framstod det nærmast som ein provokasjon då fleire av dei størst mediehusa etter ein av partileiardebattane denne veka ropte ut; «Dette er vinneren» og «Kven vann? Her er dommen».
Debatten hadde handla om statleg klimapolitikk, europeisk energipolitikk, skulepoltikk i eit abstrakt fugleperspektiv, og jammen handla ikkje òg diskusjonen om fattigdom om heilt andre verkemiddel enn dei kommunane har grep om.
Etter ein time og eitt kvarter minna Guri Melby (V) oss på noko ganske essensielt. At det faktisk var eit lokalval. Ho nemnde at politikarane i Bergen hadde auka sosialhjelpssatsane.
Noko å bygga vidare på? Neida, det vart tatt grep. Diskusjonen vart raskt skrudd over på statleg skattepolitikk med ein internasjonal twist. Om kvifor Røkke drog til Sveits.
Så vart det trilla terningar. Uansett terningkast: Det var slettes ikkje rikspolitikarane som vann denne valkampen. Dei tapte så det song.
Fleire av partileiarane har òg gjort vondt til verre for sine eigne på grasrota. Senterpartiordførarar langs heile kysten sette vestlandslefsa i halsen då Trygve Slagsvold Vedum toppa alle dei vestlandske barnesjukdommane til regjeringa, med å kuppa starten på valkampen med ei skikkeleg drittsak for partiet; elektrifisering av Melkøya.
Erna Solberg (H) hadde då allereie lova at summen av gebyr, skattar og avgifter skulle frysast i alle høgrestyrte kommunar etter valet. Det tok ikkje lang tid før ein heil del blå ordførarkandidatar måtte vedgå at det kunne verta ei vrien øving.
Det burde seia seg sjølv. Om kommunen din står i fare for å hamna på Robek-lista, må du sjølvsagt auka inntektene. Om kommunen treng reint drikkevatn, kan du ikkje gjera som i Askøy kommune; setta helsa til innbyggarane i fare, fordi du ikkje vil auka gebyra.
Det er nettopp det lokalpolitikken handlar om. Derfor rekommunaliserte Høgre-ordføreren i Austevoll eldreomsorga, medan Ap sin ordførarkandidat i Alver kjempar med nebb og klør mot eigedomsskatt.
Sjølvsagt kjem det an på kor partiet ditt befinn seg ideologisk, men lokale utfordringar må løysast der og då, til beste for lokalsamfunnet.
Derfor handlar ikkje lokalpolitikken berre om kven som kan lova mest, eller har lese mest i det nasjonale partiprogrammet. Det handlar om å identifisera dei personane som du trur kan ta styringa, overlata kommunen i betre stand, og som kan sjå kor skoen faktisk trykker.
Derfor håpar eg at me kan gje litt blaffen i rikspolitikarane i dag. Ver litt sånn som fagforeiningsmannen Richard Storevik (Ap), som bad sin eigen partileiar – Jonas Gahr Støre – om å halda seg unna byen.
Om du ikkje har bestemt deg, har me i BA laga eit oversyn over kva dei ulike partia meiner om ulike stridstema i Bergen. Men tenk òg på kven du trur kan løfta blikket, og ta ansvar når det trengst. Politikk er meir enn ein popularitetskonkurranse.
Ti viktige spørsmål: Dette svarer toppkandidatene
Lokaldemokratiet vårt fungerer nemleg best når politikarane vert målt på det dei faktisk har gjort, kva ambisjonar dei faktisk har, og kva energi dei viser for å gjera lokalsamfunnet sitt betre.
Det handlar ikkje om Melkøya. Det handlar om Melkeplassen. Det handlar om busstilbodet i Ytrebygda. Det handlar om visjonar for Sentrum. Det handlar om kvaliteten på skulen i Arna. Det handlar om maten til bestemora di i Åsane. Det handlar om kulturlivet i byen og bydelane. Det handlar om korleis me kan hjelpa familiane som ikkje har råd til å senda barna sine på fotballcupen. Om å bygga samfunn.
Det handlar om å stemma inn dei du meiner kan få ut potensialet i byen og landsdelen vår.
Godt val for Vestland. Godt val for Bergen.