Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi ser det igjen: grønvasking av cruisenæringa. I BA 07.02.23 kan vi lese at MDG er i dårleg humør for cruiserekordane som kan bli satt i år. I same sak gjentar finansbyråden sitt vande motto: Den viktige inntektene frå næringa. Den miljøvenlege landstraumen.
La oss ha det klart ein gong for alle: Landstraum er ikkje noko anna enn grønvasking!
MDG var sjølv ein del av byrådet då bystyret i fjor vedtok å auke talet på anløp, stikk i stid med både eiga og felles politikk i byrådet. Makt trumfa visst berekraftig politikk. Det dårlege humøret er dimed litt pussig. Det skal eg likevel la ligge, så lenge vi no kan foreinast om den viktige oppgåva som står framfor oss: kampen mot luksusforbruket og grønvaskinga.
Rødt føreslo i fjor å avgrense cruiseturismen. Vi vil ha eit tak på 1000 passasjerar og eitt anløp per døger, samstundes som alle cruiseskip som legg til kai må ha liggetid på minst tre døger. Dette ville ha avgrensa turismen kraftig. Bergen ville fått betre luftkvalitet og lågare klimagassutslepp.

I år blir det cruiserekord: – Turismens svar på kullkraftverk
Det ville også ført til at turistane faktisk brukte byens attraksjonar, kafear og tilbod på ein anna måte – heilt utan overbelastning på dei mest populære sjåverdigheitene. «Forvaltningsplan for verdsavstedet Bryggen 2021-2025» trekk fram at masseturismen og stort besøkspress bidreg både til «lite oppbyggeleg opplevelse av verdensarven», men også stor slitasje og auka risiko for brann.
La oss sjå skikkeleg på elefanten i rommet. Cruisenæringa kan ikkje ha ei framtid i eit berekraftig samfunn der vi bidreg til drastiske utsleppskutt og skal være den grønaste storbyen – slik bystyret har vedteke. Landstraum er viktig for lokal luftkvalitet, men dei største utsleppa frå cruiseskipa kjem mellom hamnene. Dei blir ikkje kutta med landstraum.
Skal verda ha noko som helst sjanse til å nå naudsynte klimamål og hindre dei verste konsekvensane av klimaendringane, ja då må cruisenæringa reduserast kraftig.

Vil du ha 8-10 amerikanere på lunsjbesøk? Da vil Emma høre fra deg
Det er forøvrig ikkje slik at cruiseskipa i dag kan segle utelukkande på straum, det er batteria altfor tunge til. Eg trur heller ikkje det er spesielt populært å sløse så mykje straum som full elektrifisering ville tyda, på luksusforbruket som cruise er.
Til sist vil eg, enno ein gong, utfordre finansbyråden på hans utsegn om kor mykje pengar cruisenæringa legg att i byen vår. For NHO sjølv seier at cruiseturismen er ikkje berre den turismen som slepp ut mest CO2, det er den som legg att minst pengar. Kvifor vi skal la cruisa ta både utsikt, forureine bylufta, øydelegge kulturarv og bidra til urettferdige klimaendringar – det forstår eg ikkje.
Klimaendringane er her allereie. Det er på tide å ta eit oppgjer med grønvaskinga, cruisenæringa og politikk som har gått ut på dato.