Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.
Denne vesle teksten dukkar opp på fjesboka med ujamne mellomrom: «Er du ikkje fan av fagorganisasjonen? Heilt greitt. Då kan du levera tilbake laurdags- og søndagsfri, overtidsbetaling, 8-timars dag, barnetrygd og andre trygdeordningar, velferdsgode, tariffavtalar, oppseiingsvern, ivaretaking av tryggleik og arbeidstid på arbeidsplassen, lønsforhandling og alle andre gode fagorganisasjonane har kjempa fram gjennom historia!»
Også no, før, og i den avslutta streiken i privat sektor. Fire dagars streik. LO-mot NHO. NHO budde med alle tjuvtriks i boka, som det heilt vanlege at LO ikkje skjøna kva dei streika for – og at LO dreiv med vranglære om meklingsresultatet som dei som landets største lønsarbeidarorgniasjon hadde sagt nei til.
Eg må berre vedgå at eg kjenner lusa på gangen. Det er eit gammalt og treffande ordtak.
Eg har brukt fleire tiår av livet mitt som tillitsvald i Sosionomforbundet, Felleosorganisasjonen og LO. Meir enn førti års medlemskap har eg også og har fått ei eiga LO-nål som teikn på det. Den ber eg stolt.

– Jeg bøyer meg i støvet for LO. Resultatet er helt magisk!
Som teksten her fyrst i spalta viser, har vi LO å takka for mykje av vårt daglege brød og velferd, direkte og indirekte. Kvifor det ikkje står 7,5-timars dag i teksten, i staden for 8-timars dag? Det er avdi 8-timars dagen er lovfesta, mens 7,5-timars dagen er tariffesta. Noreg har heller ikkje ei regjerings- eller Stortingsvedteken minsteløn. Hos oss er det partane i arbeidslivet som forhandlar fram løna. Det er eit godt prinsipp. Slik vert ikkje minsteløna overleten til regjeringar av ymse fargar, men til LO – og dei og arbeidsgjevarmotpartane. Det er ein del av den norske modellen.
Tariffoppgjeret i år er ikkje eit hovudoppgjer, men eit mellomoppgjer. Det har ikkje vore streik i privat sektor i eit mellomoppgjer sidan krigen. Så var det også ein uvanleg situasjon i og med at oppgjeret i fjor vart oppete av straumprisar og dyrtid og let arbeidsfolk stå att med reallønsnedgong.
Peggy Hessen Følsvik er ingen revolusjonsromantikar, for å seia det slik. Ho høyrer til den svært så sindige delen av LO. Men også den sindige delen av LO såg skrifta på veggen i år. Leiaren av Fellesforundet, bergensaren Jørn Eggum, la røysta og skarre-r-en opp minst eitt hakk. Og han er tydeleg med vanleg røyst.
NHO-sjef Ole Erik Almlid vona i lengste laget på fred, men var ikkje viljug til å betala det det ville kosta til dei som trong det mest. Sjølvsagt ville ikkje NHO yta skikkelege lågtlønstillegg! Det vil NHO aldri, og LO må slita fram krone for krone, somme gongar øre for øre.
NHO meiner på eit vis at dei ikkje har noko med at dei lågtløna også skal ha ei løn å leva med. Eg veit ikkje kven dei meiner skal ha med det å gjera. Nissen? Vel, det finst ingen nisse i arbeidslivet, i alle fall ikkje ein som kjem med milde gåver.
Fire dagar storstreik. Den bar frukter. Den Peggy-leia streiken førte til dei høgaste sentrale tillegga nokosinne. Det er historisk, like før 1. mai. Streikeresultatet i kroner og øre seier sitt: Det generelle tillegget, det som vert alle til del, er på 7,50 kroner i timen, eller 14.625 kroner i året.

Storstreiken er over – litt mer i sentrale tillegg
I bransjar med gjennomsnittsløn under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn, får alle tre kroner ekstra i timen, altså 5.850 kroner i året i ei full stilling. I tillegg er det lagt opp til at dei skal kunna henta ut pengar i lokale forhandlingar. Tillegg for dei utan lokale forhandlingar er ei krone timen, altså 1.950 kroner i året. 22.425 kroner i årets oppgjer utanom lokale forhandlingar er faktisk eit resultat som monar i lommeboka, sjølv i dyrtid.
Ramma for oppgjeret er på 5,2 prosent, seier NHO, det same som då streiken starta. Men fordelinga er tydeleg endra: Mindre av pengane skal takast ut i lokale tillegg («trynetillegg» som det i si tid heitte), og meir vert delte ut i form av generelle tillegg og lågtlønstillegg.
LO har, heilt rettkome, feira resultatet som ein stor siger. Det er eg heilt samd med LO i. LO-nestleiar Steinar Krogstad sa i Klassekampen laurdag at når vektarar, reinhaldarar og dei som arbeider i hotell- og restaurantbransjen er nøgde, då har LO lukkast og streiken gjort det streiken skulle.
Bussjåførane har ikkje lokale forhandlingar, men er over lågtlønsgrensa. Dei får 8,50 kroner timen i tillegg i år, 16.575 på årsbasis. Resultatet ser per no greitt ut, men det kjem an på prisutviklinga om dei går i pluss eller minus til nyttår.

Har fått 200 nye medlemmer: – Har aldri vært stoltere
NHO-sjefen seier rundt omkring i media at han ikkje har fått negative meldingar frå NHO-verksemdene på lønsoppgjeret. Men det vart dyrt, tykkjer han. Så har han faktisk sagt at NHO i år ynskte ekstra tillegg for dei med låg løn. Prisvekst og renter og straumkostnader råkar dei som slit mest blant folk flest.
Ja, det seier altså NHO-sjefen i media. Han må nok seia det, frå elfenbeinstårnet sitt med mange millionar i løn og den slags sjølv.
Uansett: Den fyrste streiken i privat sektor i eit mellomoppgjer har vore vellukka. Dei som seier at streik er gammaldags, dei får berre gje frå seg lønsauken som streiken medførte.
Eg er i alle fall stor fan av fagorganisasjonen og gratulerer LO-medlemene i privat sektor med streikeresultatet! Og gratulerer med arbeidsfolk sin eigen dag 1. mai som er like om hjørnet!