Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Rose
Fordi eg er kvinne
sette dei håret mitt opp i krans
slipte neglene mine
måla munnen min raud,
ville skape meg om til ei rose.
Nå i kveldssola
ser eg skuggen min drage seg ut,
bli til eit kvasst sverd.
Hjarteleg til lukke med den internasjonale kvinnedagen! For meg, og mange med meg, er kvinnedagen den største dagen i året, saman med 1. mai – og julaftan. Marie Takvam sitt dikt «Rose» samlar alvoret og kvinners eiga kampkraft i seg på ein måte berre poesi kan.
Kvinnedagen 2023 står i døtrene og dotterdøtrene sitt teikn. Ingen spør lenger etter om 8. mars har utspela si rolle, slik eg vart i årevis og tiårsvis, kanskje heilt til 2014. Det var året då Erna Solberg som statsminister sette abortlova under debatt og 8. mars-feiringa og kvinnekampen tok av over heile landet. Toga var større enn på 70-talet. Døtrene og dotterdøtrene av 70-talets feministar dominerte 8. mars til fulle. I år råder dei grunnen i vekene og månadene før kvinnedagen.
Dei som vedtok 8. mars som kvinners kampdag i København i 1910 på initiativ frå Clara Zetkin, dei kan smila trygt i si grav. Ikkje avdi kvinnekampen på noko vis er førd til endes, men avdi stadig nye dotter-generasjonar fører kampen vidare.
Ella Marie Hætta Isaksen. Visste du ikkje kven ho var? Nei, men no gjer eit heilt Noreg det! Den unge kvinna med samekofta på vranga og megafon i sivil ulydnad i regjeringskvartalet. Ho har gått i protest mot at regjeringa ikkje på 500 dagar hadde vist noka som helst slags handlekraft etter at Høgsterett dømde vindturbinane på Fosen ulovleg oppsette.
Artist og aksjonist, der har du Ella Marie Hætta Isaksen, skodespelar i filmen «La elva leve.» Vegen er stutt mellom Ella Marie Hætta Isaksen og dei som demonstrerte i Stilla før utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget, eller for den del mellom den unge kvinna og artisten og musikaren Mari Boine, den samiske kunstnaren i verdsklasse.
Eg var ikkje i regjeringskvartalet. Derimot var eg på møte i Bodø sist torsdag mellom Samisk kyrkjeråd og Mellomkyrkjeleg råd og såg Sara Ellen Anne Eira, leiaren i Samisk kyrkjeråd, i vrengd kofte og stort alvor i andletet.
Med dirrande røyst gjorde ho greie for overgrepet mot samane på Fosen, og felles fråsegn til støtte for saka og aksjonen i regjeringskvartalet vart samrøystes send. Somme gonger må ein berre vera på rett side av historia.

Å sjå unge samar med vrengde kofter kjenner eg langt inni sjela
Silje Falmår, den unge, vernepliktige varslaren som tok på seg ansvaret all leiing i Forsvaret burde ha aksla då dei fekk fortalt om seksuell trakassering i klårtekst og på forskriftmessig vis. Det gjorde dei ikkje. Silje Falmår varsla, om både alvorleg trakassering og overgrep i kaserna på Bardufoss. Forsvaret stilte ikkje opp, heller ikkje då ho vart isolert, trakassert, sjikanert og melde frå om valdtekt.
NRK skal ha æra for at forholda har kome fram i lyset. Silje Falmår skulle ha hatt æresbevisningar, forsvarsleiinga kjeft for uforstand i tenesta og manglande handlekraft.
Omsider tutla dei seg fram i fjernsynsruta. Men det er forsvarsleiinga som byggjer karriere i forsvaret, ikkje helten Silje Falmår. Så er forsvaret moge for kvinner i forsvaret? Rekk opp handa dei som meiner ja. Det vert ikkje meg!
Mahsa Jina Amini, kurdisk-iransk kvinne. Ho er ikkje iblant oss lenger. Ho døydde 16. september 2022 etter å ha vorte fengsla av det iranske Moralpolitiet – fordi ho hadde vist for mykje av håret sitt. Ho var sunn, frisk og sterk, men døydde av tortur i moralpolitiet si «varetekt.» Dødsfallet hennar utløyste sinne og frustrasjon i store delar av det iranske folket.
Særleg kvinner og unge menneske gjekk ut i gatene for å demonstrera, med livet somm innsats – i den eine iranske byen etter den andre. «Kvinne, liv, fridom» vart eit felles slagord i protestane. Protestrørsla er den største sidan Den islamske republikken vart stifta i 1979.
Kvinnedagen i 2023: – Å fy faen, er du en sånn en?
Medkvart utvikla protestane seg til å inkludera krav om regimeendring i landet. I land etter land tok menneske til gatene under slagordet «Kvinne, liv, fridom» og krov regimeendringar i Iran. Kor mange som vart drepne av regimet, veit vel ingen. Men regimet skaka i grunnvollen på ein måte det aldri har gjort før.
Mon det iranske regimet har lært at dei aldri meir skal kimsa av unge kvinners vågemot og handlekraft? Mon andre regime har lært det også?
I Afghanistan er dei så redde for kvinner at Taliban har nekta kvinner både skulegong og yrkesdeltaking – framfor augo til eit heilt verdssamfunn. Kor lenge vil dei greia å piska kvinnene til lydnad denne gongen?
Det kviler eit tungt ansvar på skuldrene til våre døtrer og dotterdøtrer, både innanlands og internasjonalt. Eg trur på krafta deira, eg trur på makta dei er i stand til å mønstra. Men jammen vil dei få bruk for at skuggen deira vil draga seg ut og bli til eit kvasst sverd – for kvinners og jenters frigjering. Ha ein god kvinnedag!
