Forslag til nytt statsbudsjett er lagt fram. Det viser vegen regjeringa vil gå framover. Når det gjeld nettopp veg, er det skuffande.

At løyvingar til to viktige vegprosjekt i Vestland blei tatt bort er et «slag i ansiktet» for alle det gjeld. Det viser med all tydelegheit at den rasutsatte og farefulle E16 Bergen-Voss ikkje er prioritert av regjeringa. «Dødsvegen». Det er nesten ikkje til å tru at denne vegstrekninga misser løyving til igangsetjing av naudsynt rassikring.

Det er viktig veg mellom vest og aust det er snakk om. I tillegg ein viktig veg mellom indre og ytre deler av fylket. Me veit om alle rasa, ulykkene, drepte, innestengte bygder osv. Det har vore lys i tunnellane fleire ganger, men enno ein gang blei lysa sløkte. Det er uforståeleg og trist.

Les også

Tøffe prioriteringer betyr ikke like mye for alle prosjekter. De beste prosjektene skal bygges.

E134 er og eit gryteklart prosjekt som det er viktig å starta med. Stortinget har vedteke denne vegen som hovudveg aust–vest. Her var det håp om å få bort ein krevjande overgang til Røldal. Det er krevjande frå Røldal og vestover vinterstid. Det går og mykje diesel til vogntoga her, så dette har og eit miljøaspekt over seg. Det ser ut for at det er nedprioritert.

Det er ikkje store summer som manglar for å starte opp desse prosjekta. Partiet De Kristne (PDK) Vestland vil ha fortgang i desse viktige prosjekta. E16 kan ikkje vente lenger, og ei utsetjing no er uakseptabelt. Det går ikkje an å godta at desse viktige prosjekta ikkje blir tilgodesett i forslaget til statsbudsjett.

Dette må inn i det endelege budsjettet!