Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er jammen eit paradoks at det er demonstrerande ungdommar som sluttar opp om Høgsterett medan politiet altså aksjonerer i ly av nattas mulm og mørker mot dei som står opp for høgsterettsdommen.
Saka gjeld at det no er over 500 dagar sidan Høgsterett gav saksøkjarar medhald i at det var eit brot på samiske rettar å tillata vindkraft på Fosen. Reineigarane på Fosen fekk medhald i at vindkraftverka på Storheia i Åfjord og Haraheia i Roan på Fosen krenkjer reindriftssamane sin rett til kulturutøving, altså reindrift. Høgsterett sa ikkje eksplisitt kva som skulle skje med vindturbinane, men dommen er klår på at dei er ulovleg oppsette.
Sidan Høgsterett er den høgste autoritet vi har i Noreg, skulle ein tru at regjeringa ville kasta seg rundt og få gjennomført fjerning av dei ulovleg oppsette turbinane. Men den gong ei. Regjeringa har trenert og trenert.
Staten arbeider for ei løysing der «møllene» får stå samstundes som reineigarane/samane sine rettar ikkje vert krenkte. No skal regjeringa visst greia ut reinen si beiting i området der vindturbinane er reiste. Og mon det ikkje er slik at det skal ta endå eitt år å finna ut om både vinter- og sommarbeite på Fosen tek skade av vindturbinane? Bevare meg vel!
Makta rår – men ikkje alltid. Makta ter seg – alltid. I det du les denne spalta, er det tett på ei veke sidan samiske aktivistar frå Norske Samars Riksforbund Nuorat og aksjonerande frå Natur og Ungdom gjekk inn i lokala til Olje- og energidepartementet og sette seg ned, sist torsdag. Dei aksjonerande plasserte seg også ved alle inngangar til Olje- og eneridepartementet.
Det er ingenting uvanleg ved denne aksjonen samanlikna med andre fredelege ulydnadsaksjonar. Det er ikkje spesielt, om enn ikkje kvardagsleg, at at sivile borgarar går inn i eit departement og set seg ned. Eg må forresten fortelja at då vi ein høveleg haug med kvinnfolk i Bergen arbeidde for å få opphald for kvinner på flukt frå kjønnsbasert forfølging og seinare for asylborn, då var det somme av oss som i det stille hadde tankar om same aksjonsform. Vi møtte stengde politiske utvegar kor vi enn snudde oss og visste ikkje vår arme råd.
No skal det seiast at visse gjennomslag fekk vi, ikkje minst for asylborna, og vi brukte (opp) kreftene våre for kvinnene til å prøva å få asyl for ei og ei kvinne.
Regjeringa har tydelegvis ikkje det minste lyst til å ta ned turbinane og håpar nok i sitt stille sinn at krafta i motstanden vil ebba ut. Uthalingstaktikk er som kjent også ein taktikk.
Oddny I. Miljeteig
Politisk fekk vi også gjennomslag for kvinner på flukt, men det må seiast at staten heller ikkje den gongen la godviljen til for å effektuera politiske vedtak i Stortinget. Ja, SV var i regjering etter kvart, men kampen for ein human asylpolitikk måtte kjempast kvar dag, heile tida.
At samane og naturvernarane tyr til sivil ulydnad, er ikkje å undrast over. Å sjå unge samar med vrengde kofter, eit forsterka uttrykk for motstand, det kjenner eg langt inni sjela. Dei har gjort det før og står i ein ubroten tradisjon frå motstanden mot utbygging av Alta-vassdraget. Eg hugsar godt at samiske kvinner bad om møte med den nye statsministeren Gro Harlem Brundtland. Eg hugsar aksjonane i Stilla, ved nullpunktet, såkalla, og politiet som bar demonstrantar vekk. Den gongen også.
Det høyrer definitivt med til soga at sett i ettertida var nedbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget høgst unødvendig. Det ville ha vorte mykje meir kraft av til dømes å oppgradera linjenettet. Men det nyttar ikkje å snyta seg når nasen er borte. Alta-Kautokeino-vassdraget er utbygd.

Samisk film i medvind, sanningskommisjon i motvind?
Når det kjem til Fosen, går det altså an å ta ned vindturbinane. Regjeringa har tydelegvis ikkje det minste lyst til det og håpar nok i sitt stille sinn at krafta i motstanden vil ebba ut. Uthalingstaktikk er som kjent også ein taktikk. Men dei unge samane og naturvernarane er både tolmodige og utolmodige. Natt til måndag vart dei forsterka med Greta Thunberg, som i seg sjølv er er eit symbol på ung kraft for klima og miljø – og menneskerettar.
Frå klokka 02.25 natt til måndag vart 13 aktivistar borne ut or Olje- og energidepartementet av politiet og køyrde til politihuset på Grønland for avhøyr. I nattas mulm og mørke. Det vert mindre media og mindre oppstuss slik. Kanskje kan ein nesten lata som om det ikkje finst ein sivil ulydnadsaksjon som har sin like i Alta-aksjonane? Det var nemleg Alta-aksjonar i Oslo også, framføre Stortinget.
I 7-tida måndag morgon var mange av aksjonistane attende, utanfor Olje- og energidepartementet. Korleis situasjonen er når dette kan lesast, det veit vi ikkje når eg skriv dette måndag. Men dei unge har ikkje tenkt å gje seg. Regjeringa vert utfordra på seindrektighet og på ikkje å vilja fylgja opp Høgsterett sin Fosen-dom.
Olje- og energiministeren får seg til å seia at konsesjonane for vindturbinane er gyldige – når dei er baserte på eit ugyldig vedtak – og samane på Fosen må leva under eit brot på menneskerettane deira. Det er sanneleg ein måte å regjera på!
Eg håpar regjeringa vil samhandla med samane og Natur og Ungdom i fullt dagslys, og berre i dagslys. Politiaksjonar i nattemørkret mot sivil ulydnad høyrer ikkje heime i eit demokratisk samfunn.
