Gå til sidens hovedinnhold

Eg har aldri angra på at eg tok yrkesfag

Me bør leggja frå oss utsegner om at dei som er usikre på kva dei vil bli, eller er teoretisk sterke «må» gå studiespesialiserande.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det nærmar seg 1. mars. For nokre av landets 10. klassingar nærmar kanskje dagen seg skremmande fort. Det er dagen dei må ha klart for seg heile framtida si. Eller er det? Dei har kanskje motteke velmeinte råd som: «Om du ikkje veit kva du vil må du velja studiespesialiserande, for å halda alle moglegheiter opne», eller «Du som har så gode karakterar må gå studiespes». Kvar kjem desse påstandane frå, og kva byggjer dei på?

Eg hugsar godt min siste månad før 1. mars. Skulle eg gå studiespesialiserande, eller skulle eg gå yrkesfag?

På det tidspunktet var eg lei av teoretiske fag, men eg visste jo ikkje kva eg ville bli heller.

Det vart til at eg søkte yrkesfag, og det har eg aldri angra på! Ikkje ein gong då eg bestemte meg for å ta påbygg og deretter studera. Etter to år på vidaregåande og to år som lærling var eg motivert for å ta påbygg. Då hadde eg fått meg arbeidserfaring og ein pause frå skule. Eg var klar til å ta fatt i skulen att, og med ein god dose motivasjon og dyktige lærarar gjekk det fint. Sjølv om eg «berre» hadde teke yrkesfag i forkant. Her var motivasjonen for meir teori ein nøkkelfaktor, noko som ikkje var til stades rett etter ungdomsskulen.

Les også

Har Ulriken som arbeidsplass: – Friskere enn vi er vant til, kan du si!

Det er mykje som kan endra seg gjennom dei åra ein går på vidaregåande. Kanskje dukkar det opp ei ny interesse undervegs, eller ein oppdagar jobbmoglegheiter ein ikkje kjende til i tiande klasse.

I utplasseringsperiodane på yrkesfag kan ein bli kjend med arbeidslivet. For nokon vil det visa seg at yrket ein sikta mot ikkje var slik ein såg føre seg. Då er det mogleg å ta ei anna yrkesfagleg linje eller påbygg.

Mange arbeidsgivarar søkjer etter tilsette med praktisk og teoretisk utdanning. Difor er det i mange yrker ein fordel med yrkesfagleg bakgrunn.

Yrkesfagleg utdanning er heller ingen dum idè dersom ein vil starta i arbeid kort tid etter grunnskulen. Ein har moglegheit for fast jobb og lønn før mange av medelevane på ungdomskulen har rokke å teke studielån.

Les også

Her blir Sofie (20) overrasket med gavesjekk på kontoret

Slik skulesystemet er i dag har ein rett til å ta påbygg etter to år på yrkesfag, også om ein i tillegg har teke læretida si. Fullfører ein derimot studiespesialiserande og deretter ynskjer å ta yrkesfag er vegen noko tyngre. Då må ein byrja på VG1 att, utan rett til fleire år med vidaregåande opplæring. Då er alle med ungdomsrett framom ein i køen til skuleplass, uavhengig av karakterane ein har.

Studiespesialiserande er difor betre eigna for dei som veit kva dei skal seinare, og som kan utelukka at yrkesfag er aktuelt. I dag har ein rett til påbygg (VG4) etter læretida si, men ikkje rett til læretid etter påbygg. Dette vil Senterungdomen endra, slik at ungdomsretten dekker påbygg og læretid uavhengig av kva som kjem fyrst og sist.

I dag er det også slik at om du tek fagskule etter fagbrevet får du både fagskuleutdanning og studiekompetanse. Med andre ord: Yrkesfag held eit hav av moglegheiter opne.

Les også

Vi må sikre læreplasser, også i krisetider

Fagfolk sørger for vegen me køyrer på, internettet på telefonen, husa me bur i og maten me et. Notids- og framtids-Noreg skal formast av oss unge. Difor er det utruleg viktig at dei folkevalde legg opp til ei god, brei og desentralisert vidaregåande utdanning.

Framover skal me satsa på grøn industri. Her trengst det teoretiske, praktiske, arbeidsame og engasjerte unge som ynskjer å bidra. Det er lansert mange idear for omstilling til eit grønare samfunn, men ideane er ingenting utan det praktiske arbeidet som byggjer på desse. Her trengst det fagfolk som kan setja idear til livs.

Vala ein tek etter grunnskulen kan vera vanskelege. Det viktigaste er at ein tek eigne val.

Det er fullt mogleg å ombestemma seg.

Eg slår eit slag for at me i 2021 kan leggja frå oss utsegner om at dei som er usikre på kva dei vil bli, og dei som er teoretisk sterke «må» gå studiespesialiserande.

Det er mykje som er usikkert i desse dagar, men ein ting er sikkert: Noreg treng fagfolk. Senterungdommen skal jobba for ei vidaregåande utdanning med tilbod for alle, både innanfor studiespesialiserande og yrkesfag. Lukka til alle tiandeklassingar, de har ei spanande tid framføre dykk.

Les også

Blir vi et «gullkull» uten å ta eksamen?

Les også

Vi trenger mange flere jenter bak rattet

Kommentarer til denne saken