Gå til sidens hovedinnhold

Eg har faktisk godt av å kjeda meg litt i blant

Nedstenginga gav meg ein tankevekkjar om kva eg skulle bruka tida mi på.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Koronatida har vore ein stor dugnad som vi alle har måtta bidratt i. Heilt sidan i fjor har livet tatt ein pause. Korona har ramma kvardagen vår på ulike måtar. Dagen i går er akkurat den same som dagen i dag. Skular, arbeidsplassar, idrett og det sosiale livet vårt har vore utsett og ein ny kvardag har vorte innført.

Det heile starta i Kina som eit ukjent virus, der eg ikkje tenkte at det skulle nå heile vegen til vesle Noreg. Berre eit par månader seinare hadde det tatt vegen hit og dette smittsame viruset stengte ned alle skular. I starten tenkte ein «to veker ferie frå skulen, for ein draum», men etter kvart kom restriksjonane. Det kom restriksjonar for idrett og kor mange vener du fekk lov å ha på besøk.

Det eine etter det andre vart tatt frå oss.

Dette vart ein periode der eg var mykje åleine og med familien. Kommunikasjonen vart drastisk endra. I staden for å møta hos ein kompis eller hos ei venninne vart zoom eller google meet brukt som ei plattform for å snakka saman. Hygiene, munnbind og avstand skulle etterkvart bli ein del av den daglege rutinen vår. Det meste vart forandra.

Heimeskule har gitt store belastningar. Den digitale undervisninga gav ikkje noko stort utbytt. Me måtte bli meir sjølvlært og det vart større skilnader. Fleire fall ut av undervisninga og sleit med å halda fokus. Det var ikkje like tett oppfølging. I tillegg har det vore ein risiko for at nettet ryk og at dyrebar undervisning mistes.

Les også

Jeg var en av få som trivdes i lockdown

Einsemda auka òg, ein fekk ikkje den naturlege kontakten mellom menneske som me er vant til og treng. Behovet for kontakt og ein relasjon til andre folk er essensielt når det gjeld utviklinga vår. Dei grunnleggande faktorane i liva våre som me treng for å inngå i eit sosialt miljø har vore betydeleg avgrensa i ein lang og usunn periode. Me har måtte ta avstand frå våre nære og mange har utvikla angst og depresjon. Ein kan tenka på det som ein snøball-effekt. Det startar som eit lite problem, men etter kvart som det går tid så utviklar problemet seg til noko endå større og ballar på seg. Til slutt kan eit lite problem bli omgjort til mange store problem som krev indre styrke og gode venner rundt som ikkje snur ryggen til deg.

Korona har påført mange ungdommar mentale helseproblem. Det kan kome som eit resultat av isolasjon og på grunn av at det ikkje er nokon distraksjonar som hindrar vonde tankar i å ta kontroll.

Sjølv om koronapandemien har skapt mange utfordringar, så har det faktisk forma og utvikla meg. Eg har mellom anna lært å finna ut kva lidenskapane mine er, og sett at eg har godt av å kjeda meg i blant. Styrketrening er noko som er vorte ein del av kvardagen min. Nedstenginga gav meg ein tankevekkjar om kva eg skulle bruka tida mi på. No ser eg kvar stor rolle treninga har i livet mitt. Berre dei dagane eg ikkje har trening så veit eg ikkje kva eg skal gjere på.

Likevel så har det vore nokre tunge og kjedelege dagar, der det ikkje har vore noko kontakt med vener.

Tøff kvardag kan ein seia, men slik har faktisk kreftsjuke barn det kvar dag. Dei må halda meir avstand grunna lågt og nedsett immunforsvar og i tillegg så har dei måtta vera ekstra varsam på grunn av korona.

  • Hvordan har det siste året vært for deg? Send ditt innlegg til debatt@ba.no


Kommentarer til denne saken