Gå til sidens hovedinnhold

Eg har skjønt alvoret

Eg trudde to grader varmare temperatur var positivt her i Norden. Så innsåg eg problemet.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi lever i ei verd der alt skal vera så effektivt og moderne som mogleg. Vi skal gjera framsteg i alle moglege område. Byane skal vera større og meir majestetiske, medisinane meir effektive, klokkene meir presise. Vi skal senda fleire folk ut i verdsrommet, utforska nye planetar. Kanskje kjem vi så langt at vi kjem til å reisa frå galakse til galakse, som i ein Star Wars-film.

Framsteg er ikkje negativt, det er noko positivt. Og nødvendig i nokre tilfelle. Medan vi held fram med å forbetra alt rundt oss, legg vi igjen eit merke på planeten. Eit merke som i dei fleste tilfelle gjer meir vondt enn godt. Vi gjer alt for å nå dei nye måla vi konstant set oss, utan å tenka på konsekvensane dette etterlét seg.

Då eg tenkte på klimaendringar før, var det eit fjernt konsept. Det at temperaturen kan auka med to grader, var nesten ein positiv tanke med det allereie kalde klimaet i Norden.

Ekstremvêret var berre ein dårleg prognose, som aldri ville henda i mi perfekte verd. Klimaet har alltid endra seg, men så lenge denne endringa var naturleg, var det ein balanse i verda. No er denne balansen skaka, og vi er på kurs til å øydelegga det som har vore urørt i fleire tusen år.

Som oftast ser vi ikkje skadane som er gjort på verda vår. Dei er oftast gøymde i det djupe, mørke havet, eller oversett av det blinde auget. Først når nokon påpeikar det konkrete problemet, merkar ein skaden som har skjedd.

Om du nokon gong har sett bilde av korallane, veit du sikker kor fine og fargerike dei kan vera. Dei livlege fargane ser ut til å lysa opp den nye verda, og det som eigentleg ligg rett utanfor hagen, ser ut til å vera eit bilde frå ein annan planet. Men har du nokon gong sett ein død korall?

For å setja heile situasjonen i perspektiv, vil eg samanlikna heile jorda med menneskekroppen.

Normaltemperaturen til kroppen er 36.6°C. Dersom vi aukar denne temperaturen med berre to grader, vil vi føla smerte i heile kroppen, vi vil ikkje ha noko energi til noko som helst og kanskje ligga i senga i eit par dagar. For planeten ser det litt annleis ut.

Når vi tenker på planeten og forskjellen frå éin til to grader, er denne endringa bagatellisert.

For at temperaturen på jorda skal gå tilbake til den normale, trengst langt meir tid. Havet, som absorberer mest varme, er som blodet som koker i våre blodårer. Slik som feber i ein lang periode gjer skade på kroppen, gjer auka temperatur i verda òg store skadar. I motsetnad til feber, gjer dette fleire skadar på langt fleire liv.

Der det før var liv, er det ein gravplass som er sjeldan besøkt av nokon som helst.

Frå avstand, minner dei kvite skjeletta om ein kvit rullebane langs botnen i havet. Den kritkvite fargen er som englevenger i den mørke natta. Men korallen er død, og jo lenger ein ser på bildet, legg ein merke til kor trist det i verkelegheita er. Der det før var liv, er det ein gravplass som er sjeldan besøkt av nokon som helst. Trist og forlaten ventar han på si tid.

Fine ord verken reparerer, eller endrar skadane som har vorte gjorde. Det er handlingar som verkeleg gjer ein forskjell.

Kvar og ein kan skriva på Facebook at dei skal bli med på ein aksjon som ryddar stranda, eller delta i ein protest. Fine ord pyntar personlegdommen. Handlingar derimot, viser kven ein eigentleg er.

Innlegget blei først publisert på framtida.no.

Les også

Naturens verdi er sett til null

Kommentarer til denne saken