Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
For to månedar sidan var eg og den minste jenta vår i ei trafikkulukke. Der er to månedar sidan dagen som kunne snudd liva våre på hovudet, men som heldigvis berre vart ein liten parentes i livshistoria vår ... Dagen vi vart påkøyrd bakfrå. Dagen eg fekk vere pasient i ambulanse for fyrste gong. Dagen bilen vår vart totalvraka. Dagen vi egentleg klarte oss heilt fint.
I to månedar har eg tenkt på å skrive dette innlegget. Det er vanskeleg å sette ord på noko av det som har skjedd, og det er vanskeleg å innrømma at eg som mamma og ambulansearbeidar kan gjere feil som dette. Men her kjem det, for eg trur at det kan vere med på å berge liv.
Eg hugsar ikkje korleis dagen starta, men eg hugsar at eg satte babystolen med litlesyster i baksetet og festa setet skikkeleg godt mens eg funderte på om beltemontering verkeleg var like trygt som å ha stolen i basen. Eg sjekka ein ekstra gong at beltene låg heilt beint, og eg stramma så hardt eg kunne. Litlesyster sov fredeleg.
Vi hadde kaffiavtale med ein ven denne dagen. Storesyster var heldigvis i barnehagen. Kvifor det var heldig kjem eg attende til.Eg sendte ein melding til venen min om at eg var på veg, og fekk melding tilbake om at eg måtte køyre forsiktig
«Det gjer eg alltid.»
Eg hadde mannen min på handsfree i bilen, og etter om lag 15 minutter bremsa bilen foran oss kraftig opp. Eg skal ikkje gjengi orda eg sa da eg heiv meg på bremsa, men eg klarte å stoppe. I bakspeiglen såg eg varebilen bak komme mot oss i om lag 60km/t.
Eg hugsar ikkje kva eg tenkte, men eg hugsar smellet ... Eg hugsar dei intense smertene i nakken og hovudet etter at alle dei tre påfølgande bilane kræsja inn i kvarandre. Mannen min høyrde det heile i telefonen, og har fortalt at «det slutta aldri å smelle».
Sjølv synes eg alt skjedde skikkeleg fort. Eg hugsar at eg snudde meg mot baksetet og såg at babystolen stod på høgkant. Eg hugsar dei hysteriske skrika frå babyen og at eg ropte «NEI NEI NEI». Eg hugsar desperasjonen i stemma mi og panikken i heile kroppen. Eg hugsar at kroppen var så skjelven at det kjentes som eg mista all kontroll.
Eg kom meg ut av bilen røska hysterisk i døra, men eg fekk den ikkje opp. Under kollisjonen hadde bildørene bak gått i lås. Eg skreik til dei som kom til at eg hadde baby, at dei måtte ringe 113.
Bildøra gjekk opp. Eg hugsar ikkje korleis det såg ut bak i bilen, men eg hugsar litlesyster var illraud i fjeset av all skrikinga. Det var knust glas i stelleveska, på golvet, over alt.
Eg fekk babystolen laus, og vi vart tatt inn på den lokale veikroa. Der gjekk det ikkje lang tid før litlesyster smilte og lo. Eg kledde av ho, undersøkte ho, og pusta letta ut. Ho verka uskadd.
Kort tid seinare var lokalet fullt av politi, brannfolk, lege og ambulansepersonell. Ein av brannfolka kom bort til meg og lurte på korleis det har gått med babyen. Han verka letta og nesten overraska over at ho var uskadd.
Fyrst forstod eg ikkje kvifor han verka så overraska, for som ambulansepersonell veit eg at dette er ei type ulukke der det stort sett ikkje er alvorlige personskadar, men eg får forklaringa: I bilen vår stod det to bilstoler. Babystolen som litlesyster satt trygt i, og ein bilstol med isofix til storesyster på to år. I kollisjonen hadde bilstolen løsna, og skal ifølge brannvesenet ha lege laust i bilen.
Denne bilstolen var lånt av svigers og montert dagen i forvegen, mens eg hadde det travelt for å rekke barnehagen. Eg var ikkje godt nok kjend med stolen og hadde ikkje lest bruksanvisninga, men den skal være blant dei tryggaste på markedet. Å skulle sjå for seg korleis det hadde gått med eit barn i det barnesetet er vanskeleg av fleire årsaker.
Det kan godt hende det hadde gått fint, men det kan og hende at utfallet hadde vore eit heilt anna.
Eg kan ikkje vite sikkert kva som gjorde at det løsna, men eg mistenker sterkt at det i dette tilfellet var menneskeleg svikt. At eg hadde det så travelt når eg monterte stolen at berre ein av dei to «armene» på isofixen hadde gått i lås.
Dette er eit godt døme på kor viktig det er å lese bruksanvisninga og å følgje den. Litlesyster i babystolen var perfekt sikra og hadde kun på seg pyjamas. Selene låg tett inntil kroppen, og ho hadde eit ullpledd over seg for å halde varmen. Hadde beltene vore lause eller hadde ho hatt på seg tjukke klede, kunne ho sklidd ut av stolen i ein kollisjon med så mykje energi som denne.
Eg vil helst ikkje tenke på korleis det kunne gått. Beltesamlarar er gull verdt når uhellet fyrst er ute, og ei billig forsikring. Det kostar omlag 100 kroner per stk, og varer «for alltid»/til du rotar dei vekk.
Eg har fått vite i ettertid at det at babystolen litlesyster sat i flytta på seg i ein sånn kollisjon, er heilt naturleg. Sjølv om stolen stod på høgkant, har den fungert som den skulle. Bøylen ein bærer stolen i, og som skal stå oppreist under køyring, har gjort jobben sin som veltebøyle!
Eg satt min fot i ein ambulanse for fyrste gong som 17-åring. I dag er eg 34, og har ikkje tal på kor mange kilometer eg har køyrd eller kor mange pasienter eg har sittet ved sidan av i ambulansen ... Eg har ennå ikkje opplevd å rykke ut til born som er drept i trafikken, og eg krysser alt eg har for at eg skal sleppe det.
Men eg har vore vitne til at både born og vaksne har vore dårleg sikra eller utan sikring i trafikken, og at det som har redda dei berre er flaks og tilfeldigheiter. Eg har og opplevd barn som har fått alvorlege skader og der enkelt og relativt billig utstyr kunne gjort at dei slapp mykje lettare ifrå det.
Det nytter ikkje å betale 7000 kroner for eit av dei tryggaste setene på markedet om ein ikkje tar seg tid til å montere det skikkeleg. Ein må nytte utstyret rett, om det skal gjere jobben sin.
Som vaksne kan vi ta ein kalkulert risiko om å køyre utan bilbelte, mens ein er trøytt eller rusa, eller fikle med mobilen. Men borna vi har med oss er 100 prosent avhengige av at vi som vaksne sikrar dei. Sjølv om ein gjer alt rett, har ein aldri nokon garanti for at medtrafikkanter følgjer godt nok med i trafikken.
Eg har tenkt at om eg har gjort ein sånn feil, er det fleire som gjer det. Det hadde eg rett i. 18 prosent av born var feil sikra i bilen, viser ei undersøking frå Trygg Trafikk. Fleirtalet av desse var feil bruk av bilbelte eller anna utstyr. Det kan veldig lett kan unngås ved å ta seg tid til å gjøre det riktig. Små borns tryggleik i trafikken er utelukkende dei vaksne sitt ansvar!
Det er ikkje mindre energi i ei ulykke om du «berre» skal hente i barnehagen eller ein kjapp tur på butikken, så ta deg tid til å sikre borna godt uansett om du skal køyre to km eller 200 km.
Denne veka er det to månedar siden ulukka. Heldigvis er det ikke ein merkedag for då livet vart snudd på hodet, men ein heilt vanlig tysdag i november. Og det er berre flaks ... Ikkje la flaks avgjere om ditt barn er trygg i trafikken: Bruk nødvendig tryggleiksutstyr og bruk det rett!
Ein lengre versjon av denne teksten vart fyrst publisert på skribentens eiga Facebook-side.