Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg vil ikkje ha noko med familielivet til Erna Solberg og Sindre Finnes å gjera. Ikkje familielivet til nokon annan statsminister, heller.
Når spørsmålet om tilliten til styringa av landet vert redusert til kva to ektefeller har sagt til kvarandre rundt kjøkkenbordet, i ferjekøen, eller over eit glas raudvin, er me ein plass me ikkje skal vera.
Eg vil ikkje vita kva utanriksministeren og mannen snakkar om på privaten, heller.
I Norge i 2023 er det dessverre slik: Informasjon som er delt, eller ikkje delt, rundt fredagstacoen, avgjer om det ligg innsideinformasjon til grunn for om familiane som styrer landet har kunna tena seg rike på kjøp og sal av aksjar.
Om tilliten til ein politikar kokar ned til om vedkommande har sagt noko til ektefellen eller ikkje, så eksisterer ikkje den tilliten.
Dette er dører me ikkje skal behøva å opna. No har me derfor eit alvorleg problem, som rett og slett må ryddast opp i.
At Sindre Finnes har kjøpt og selt aksjar 3640 gongar medan kona styrte landet, er ikkje berre sjokkerande. At det i tillegg er snakk om sal og kjøp i selskap som Norsk Hydro, Equinor, Kongsberg-gruppen, Nordic Mining, og Lerøy Seafood, er alarmerande.
At paret har kunna spe på familieøkonomien med 1,8 millionar er direkte pinleg.
Me snakkar om selskap og verdiar som er særleg avhengige av avgjerdene til dei som til ei kvar tid styrer landet. Det er Finnes som har skapt problemet. Det er likevel eit problem for Erna Solberg, sjølv om alt tyder på at ho faktisk er ført bak lyset.
Det er ikkje så mykje informasjon som skal til, før du veit noko som andre i marknaden ikkje veit.
Det trengst nemleg ei kraftig innstramming når det gjeld kva aksjar leiande politikarar og ektefellene deira kan eiga, kjøpa og selga. Og det trengst full openheit om dei aksjane dei eventuelt skal få lov til å eiga.
I tillegg til at det må lagast strengare reglar, må regelbrota som faktisk skjer få konsekvensar. Òg dei syndene som har skjedd under dagens regelverk.
No må me dessverre gjennom ein periode med intens dyneløfting. Det kjem nemleg til å hopa seg opp av noverande og tidlegare regjeringsmedlemmer på venterommet til Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Dei nasjonale politikarane våre har nemleg dumma seg ut på løpande band. Me kjem til å måtta høyra om fadrane til barna til avgåtte statsrådar, me kjem til å verta fortald at statsrådar er tause som østers rundt middagsbordet, og me kjem til å måtta høyra om samtalar om våpen og ammunisjon i regjeringa, ei veke etter at ein av statsrådane hadde kjøpt våpenaksjar.
Me må lida oss gjennom det. Men me må gjera det me kan for at det ikkje skal skje igjen.
Me krev nemleg ein heilt annan innsats for å rydda opp i habiliteten til dei me har gitt dei mest ansvarsfulle verva.
Å vera statsminister eller statsråd er ikkje ein jobb for kven som helst. Å vera ektefellen til vedkommande er heller ikkje noko for kven som helst, har me forstått. Avsløringane dei siste månadane, viser at ein har tatt altfor lett på dette i dei politiske miljøa.
I tillegg unnar eg våre framste folkevalte å kunna komma heim til ein varm armkrok, og at dei skal kunna lufta ut om den tøffe dagen på jobben, utan å vera redda for at informasjonen dei kjem med kan verta brukt til å styrka familieøkonomien.
Det vil gjera det litt lettare å vera statsråd, óg.
På same måte som det er vanskeleg å forstå korleis Jonas Gahr Støre kan ha tillit til Anniken Huitfeldt som utanriksminister, er det krevande å sjå at Høgre kan ha tillit til Erna Solberg som den dei skal gå for som statsminister om to år.
No kokar den tilliten ned til kva dei to har fortald til ektefellene sine. Det bør ektefeller halda for seg sjølv. Derfor er det ekstremt vanskeleg å gjenreisa den tilliten.